Heiderleg bronse på øyacupen
Norborg sitt herrelag gjorde ei fullt ut godkjent turnering då ein tok heim 3. plassen under årets Øyacup på Fjørtofta etter 2-1 siger over HaNo i bronsefinalen.
Norborg-Brattvåg 0-1 (0-0)
Mål: Martin Sundnes (48)
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Tarjei Urkedal – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Mårstøl, Stein Erik Reitan – Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton.
Benytta innbyttera: Adrian Håbet, Martinus Grytten og Stig Wold
Norborg fekk den første sjansen i kampen mot erkerival Brattvåg då Kristian Søviknes legg eit frispark perfekt på hovudet til Christian Søvik, men diverre for oransjetrøyene reddar Espen Wold meisterleg. Norborg fortsette å vere hakket betre enn Brattvåg dei neste minutta, og kjem seg til sin andre sjanse etter at ein Stein Erik Reitan corner finn Kim Idar Krogsethagen på bakerste. Kim Idar sitt sikte var derimot ikkje godt nok innstilt, og gultrøyene kunne puste letta ut.
Etterkvart tek Brattvåg over initiativet, og etter dryge ti minutt får Martin Sundnes sin første sjanse i kampen, men avslutninga hans treff ikkje mål. Etter eit kvarter med utprega feriefotball får Brattvåg ein dobbelsjanse på slutten av 1. omgang, men Tarjei Urkedal hindrar mål med ei redning på strek. Dermed 0-0 til pause.
Etter pausen er det svært lite å skrive heim om. Kampen har lågt tempo og spelarane viser liten duellvilje. Heilt på tampen av kampen får vi så det avgjerande målet då Lennart Holmem slår ein tunnell på Tarjei og sentrar uselvisk til Martin Sundnes, som enkelt sette ballen i mål frå få kloss hald. Norborg sender mange mann opp i sluttsekunda, men greie ikkje å finne nettmaskene denne gong.
Norborg-Lepsøy 2-0 (0-0)
Mål: Tarjei Urkedal (28) og Eivind Davik Fjørtoft (42)
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Stig Wold – Kristian Søviknes, Stein Erik Mårstøl, Stein Erik Reitan – Tarjei Urkedal – Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton
Benytta innbyttera: Adrian Håbet, Eivind Davik Fjørtoft og Amund Terøy
Ettersom Brattvåg og Lepsøy spelte 0-0 var Norborg sin draum om finale knust, medan Lepsøy trengte siger for å nå sin andre finale på rad.
Norborg sine spelarar gjorde ein slett innsats i 1. omgang og vart til tider utspelt av 6. divisjonslaget Lepsøy. Heldigvis kunne ein gå til pause med 0-0. Etter samling i botn i pausa vart det vist langt andre takter i 2. omgang. Ettersom 4-3-1-2 formasjonen ikkje fungerte la ein om til den sedvanlege 4-4-2 formasjonen, sette inn Adrian Håbet på høgrekant og Tarjei Urkedal vart flytta opp som rein spiss. Dette fungerte umiddelbart, og allereie etter tre minutt låg ballen i nota bak Thomas Gjerde. Tarjei fekk æra av å putte ballen i mål etter glimrande forarbeid av Adrian.
Norborg fortsette å dominere etter scoringa, og spesielt Adrian leika seg med stakkars Lepsøy-spelarar som såg finalehåpet bli knust. Etter halvtimen burde Kim Idar Krogsethagen ha auka til 2-0 etter å ha blitt servert ballen på sølvfat av nettopp, Adrian. Men målet let vente på seg. Åtte minutt før slutt presenterar imidlertid ein anna gutespelar seg, Eivind Davik Fjørtoft, då han punkterar kampen med si scoring frå kloss hald. Målet kjem etter forarbeid av Adrian og Kim Idar. Norborg fortsette å føre kampen, men greier ikkje å score fleire mål.
Norborg-HaNo 2-1 (0-0)
1-0 Tarjei Urkedal (31)
2-0 Edward Laverton (33)
2-1 Tore Fjørtoft (42)
Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Christian Søvik, Kim Idar Krogsethagen, Stig Wold – Kristian Søviknes, Eirik York, Eivind Fjørtoft, Adrian Håbet – Tarjei Urkedal, Edward Laverton
Benytta innbyttera: Bjørnar Engeset, Stein Erik Reitan, Amund Terøy, Ole Johan Urke og Bee.
Gleda i Norborg-leiren var stor då ein fekk vete at det var HaNo ein skulle møte i bronsefinalen. Dermed vart det litt prestisje i kampen, samt ein fekk sette blåtrøyene på plass før haustens to seriemøter.
Norborg brukte litt tid på å få i gong maskina, men frå ti minutt og ut 1. omgang var oransjetrøyene det klart beste laget. Norborg sine to første sjansar er det Edward Laverton som får, men misbrukar begge. Den andre sjansen kom etter eit utruleg raid av venstreback Stein Erik Alvestad. Han tok med seg ballen frå eigen halvdel, lurte eit halvt dusin haramsøyingar og spelte uselvisk til Edward, som avslutta rett på Thomas Gjerde i HaNo-buret. Norborg sin tredje sjanse er det Tarjei Urkedal som får etter fantastisk forarbeid av Stig Wold og Adrian Håbet. Avslutninga til “bonden” står likevel ikkje i stil til resten av angrepet. Dermed stod det 0-0 til pause.
Norborg starta også 2. omgang best, og etter to minutt får Tarjei ein ny sjanse, men skotet hans frå 14 meter blir redda av Gjerde. Fire minutt seinare og på sin tredje sjanse lykkast så Tarjei. Målet kom etter glimrande forarbeid av Edward og Adrian. Sistnemnde la inn til Tarjei, som frå 10 meter sette ballen i nota bak ein sjanselaus Gjerde.
To minutt seinare doblar Edward leiinga. Målet er nærmast identisk med Tarjei sitt. Adrian gjer flott forarbeid på høgrekanten og legg inn til Edward som frå ti meter styrer ballen i mål. Etter dette fell intensiteten og HaNo tek over kampen. Dette resulterer i to sjansar. Først eit stolpeskot så ei redusering etter hjørnespark. Tore Fjørtoft blir kreditert scoringa. HaNo fortsette trykket i sluttminutta, men greier ikkje å utlikne. Dermed 2-1 og 3. plass til Norborg.
Norborg let også to debutantar sleppe til i finalen. Dette var Ole Johan Urke og Bee.
Norborg sitt Team Management på Øyacup, Tarjei Urkedal og Frode Engeset var godt nøgd med turnering. – Vi kom hit for å vinne, men det håpet vart sløkt med eit seint Brattvåg-mål. Likevel, ser vi bort i frå delar av kampen mot Brattvåg og 1. omgang mot Lepsøy så spelte vi god og underhaldande fotball. Vi har i serien slitt med kantspelet. Gledeleg var det då å sjå at samtlege mål kom etter godt kantspel. Vi må også trekke fram at vi har nokre fantastiske gutespelarar som verkeleg koste seg ute på bana. Adrian, Eivind og Stein Erik viste gode takter, og i tillegg har vi Martinus, som diverre fekk føling med skade og valde å stå over dei to siste kampane. Alt i alt ei svært hyggeleg turnering både sportsleg og sosialt. Vi ønsker alle ein riktig god sommar, og håper at alle som held seg i området tek seg ein tur på treningane. Takk for ei flott turnering. Hilsen Frode og Tarjei.