Ørsta – Norborg 6-1

Ørsta – Norborg 6-1 (2-1)
Treningskamp, Volda kunstgrasbane, 30.01.05

14 sjansar 3

1-0 (25)
1-1 Geir Ove Grønli (29)
2-1 (43)
3-1 (61)
4-1 (68)
5-1 (85)
6-1 (87)

Laget: Kurt Erik Grytten – Asgeir Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund (Steffen Grytten, 46) – Kristian Søviknes, Eirik York (Adrian Håbet, 62), Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Geir Ove Grønli, Edward Laverton (Amund Terøy, 62)

Under svært vanskelege speleforhald måtte Norborg sjå seg slått heile 6-1 (2-1) av 3. divisjonslaget Ørsta på Volda kunstgrasbane søndag. Norborg hang godt med i 1. omgang, men etter kvilen kom divisjonsforskjellen til syne. Geir Ove Grønli scora Norborg sitt utlikningsmål dryge kvarteret før pause.

Norborg har hatt ei tøff veke med fråfall av heile 4 spelarar. To vart skada, mens to tok hatten sin å gjekk til Langevåg. Likevel reiste ein med friskt mot til Volda for å eit sterkt Ørsta-lag.

Norborg hang godt med i opninga av kampen og hadde ballen vel så mykje som Ørsta på den blaute kunstgrasbana i Volda. Etter sjansefattige opningsminutt fekk kvittrøyene frå Ørsta første sjansen, men skotet frå kloss hald gjekk like over mål. Nokre minutt seinare spelte Ørsta seg fram til ein ny stor sjanse, men Norborg held nullen.

Etter desse minutta med Ørsta-dominans kjempa oransjetrøyene seg inn i kampen og var fullt på høgde med sin meir meritterte motstandar. Dessverre stoppa gjennombrotspasningane i vatnet på bana slik at dei store sjansane uteblei.

Etter 25 minutts spel tek så Ørsta leiinga. Jan Even Drønnesund skal slå ei kontrollert pasning tilbake til keeper, men ballen stoppar i overvatnet og ein ørsting snappar ballen å scorar kontrollert. Norborg kjem seg raskt til hektene og få minutt seinare utliknar Geir Ove Grønli på eit skot frå 14 meter. Situasjonen oppstår då ballen nok ein gong stoppar i vanndammane.

Ørsta tilriv seg eit visst initiativ etter dette og ser ut til å takle den stadig våtare bana betre enn Norborg. To minutt før pause spelar dei seg så fram til corner. Hjørnesparket blir slått presist inn i feltet der ein ørsting får sett ballen i nota til 2-1. Noko som held seg til pause.

I pausen bestemme Norborg seg for å kutte ut innsidepasningane og satse på å løfte ballen. Dette såg likevel ut til å vere gløymt umiddelbart etter avspark. Ørsta var langt flinkare i pasningane sine og la eit vedvarande trykk på Norborg i 2. omgang. Det tok likevel over kvarteret før 3-1 målet kom, og nok ein gong var det svak markering på corner som førte til målet. Litt seinare dunkar Ørsta inn 4-1 frå dryge 20 meter, og kampen er i realiteten punktert.

Norborg får lite til gjennom heile omgangen og feilpasningane florerer. Fem minutt før slutt får Ørsta 5-1 på eit skot som aldri passerte streken, mens ein auka ytterlegare på eit lompeskot på tampen av kampen.

Norborg ga Ørsta bra motstand i ein omgang av denne kampen, men etterkvart som dei regntunge luene sklidde lenger og lenger ned for augene vart det klasseforskjell på laga. Ørsta viste at dei var vande med eit langt høgare tempo og stilleståande norborgarar miste ballen mange gongar fordi ein stod på helane å venta på ballen. Heldigvis skal Norborg møte mange 3. divisjonslag denne vinteren så ein får tid til å bli vand med eit raskare spel.

Sjølv om det vart 6-1 tap skal likevel ikkje norbogarane henge med hovudet. Ein var ikkje underlegne i 1. omgang og ein greidde å vinne mange duellar. I tillegg ser Grønli/Laverton ut til å bli eit bra angrepspar når føret blir betre og ein lære seg kvarandre å kjenne.

Kva så med Ørsta? Laget viste seg som eit svært solid lag, ja kanskje det beste laget Norborg nokon gong har møtt. Dei var jamt besatt, aggressive og gode tekniske. Det kan bli artig på Ørsta stadion denne sesongen.

Neste treningskamp er mot MSIL på Brattvåg kunstgras laurdag 19. februar kl. 12.