Norborg – Valder 2-3

Norborg – Valder 2-3 (1-2)
Uggedal stadion, 02.08.05

7 sjansar 8
7 hjørnespark 7

1-0 Edward Laverton (32)
1-1 Øyvind Synnes (39)
1-2 Fredrik Roald (44)
1-3 Anders Hole Oksnes (48)
2-3 Christian Søvik (57)

Tilskodarar: 46

Dommar: Odd Arne Grande (Skodje)

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug (Øyvind Farstad, 71), Øyvind Farstad (Steffen Grytten, 46), Stig Wold (Asgeir Kalvø, 71) – Eirik York (Amund Terøy, 78), Stein Erik Mårstøl, Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Reitan, Kristoffer Søviknes (Kristian Søviknes, 46) – Edward Laverton

Norborg måtte sjå seg slått 2-3 av Valder i denne treningskampen på Uggedal stadion. Det tekniske Valder-laget dominerte 1. omgang og kunne gå til pause med fortent 2-1 leiing. Etter kvila la Norborg om formasjonen og tok over spelet, men trass overtak og tidvis flott spel greidde ein ikkje å hente igjen Valder si leiing.

Som eit ledd i oppkjøringa til haustsesongen spelte Norborg treningskamp mot Valder. Gjestane mangla 5 faste spelarar, medan Norborg mangla kaptein Tarjei Urkedal, Ståle Hurlen og Jan Even Drønnesund, samt at ein lot dei “fabulous 4” frå gutelaget kvile.

Norborg nære ved

Norborg opna kampen best og kom seg til nokre brukbare sjansar dei første 5 minutta. Allereie før eitt minutt var gått testa Øyvind Farstad skotfoten frå 20 meter, men keeper Sven Nordstrand hadde god kontroll. Like etter kjem Stig Wold seg flott rundt på kanten og legg fint 45 ut til Stein Erik Reitan, men avslutninga hans frå 7-8 meter blir blokkert.

Valder tek over
Etter denne gode opninga tok Valder over kampen, medan Norborg vart vel baktunge i sin 4-5-1 formasjon. Det tekniske og unge bortelaget haldt ballen inne på Norborg sin banehalvdel nær sagt samanhengande til halvtimen var passert, men greier ikkje å skape så mykje anna ein nokre skot i frå 20-25 meter, samt ein rekke hjørnespark.

Norborg vaknar, for ei lita stund…
Når vi passera halvtimen får Norborg frispark midt inne på Valder sin banehalvdel. Stein Erik Mårstøl sette spelet raskt i gong med ei pasning ut til debutant Kristoffer Søviknes på høgrekanten. Han kjem seg ned til kortlinja og legg perfekt inn til Edward Laverton som header ballen nydeleg i mål til 1-0. Norborg er no på hogget, og berre eit par minutt seinare er Kim Idar Krogsethagen nær ved å auke leiinga etter eit fint framspel av Christian Søvik, men Kim tek seg litt for god tida og må sjå skotet sitt blokkert.

Valder snur kampen
I omgangen sine sluttminutt tek Valder igjen over spelet, og seks minutt før pausen klinkar Øyvind Synnes inn utlikninga på eit skot ifrå eit par og tjue meter. Målet oppstod etter at Norborg ikkje greier å få klarert ein corner. Like etter er Valder nær leiinga i kampen etter fint spel gjennom midtbana, men avslutninga frå 18 meter blir redda av Kurt Erik Grytten. Minuttet før kvila kjem Valder seg til ein trippelsjanse. Norborg misser ballen på midtbana, og Valder sin spiss Jan-Erik Fylling blir spelt igjennom. Hans første avslutning blir redda av Kurt Erik, men Fylling får igjen ballen og hælar den mot mål i frå kloss hald, men der er Øyvind Farstad og får redda på streken. Ballen går ut til Fredrik Roald som dunkar ballen i mål frå kanten av 16 meteren.

Valder styrte det meste i denne omgangen og kunne gå til pause med fortent 2-1 leiing. Norborg eksperimenterte med ein 4-5-1 formasjon i denne omgangen, noko som førte til at ein vart litt for defensive.

Valder aukar på frispark
Norborg la om formasjonen, og flytta Kim Idar Krogsethagen opp frå defensiv midtbane til sin meir vande spissrolle. Det var likevel Valder som kom best i gong, og 3 minutt ut i omgangen sette Anders Hole Oksnes eit frispark frå 20 meter i mål til 3-1 leiing.

“Mølen” gir Norborg nytt håp
Dei første 20-25 minutta av omgangen er jamspelte. Norborg reduserar til 2-3 etter 12 minutt. Stein Erik Reitan la ein god corner, Stein Erik Mårstøl dempar ballen med handa på 5-meteren, medan Christian Søvik pirka ballen i mål. Eit noko heldig rotemål av Norborg.

Fem minutt seinare er gjestane nær ved å auke leiinga si etter at Norborg mista ballen på midtbana. Valder spelar ein fin stikkar i bakrom, men aleine med keeper går avslutninga utafor. Nokre minutt seinare får vi ein liknande sjanse, men også denne gong er avslutninga for svak og går i nettveggen.

Kraftig Norborg dominans
Dei siste 20 minutta blir prega av Norborg-dominans. Steffen Grytten får ein stor sjanse etter corner, men må sjå headinga si gå like over. Etter ein halvtimes spel er Stein Erik Reitan svært nær å avslutte ei 2 års måltørke, men avslutninga hans frå 16 meter går i tverrliggar før ein Valder spelar får klarert framføre Kim Idar. Like etter er ein aktiv og god Kristian Søviknes på farta ute på venstresida. Han legg fint inn til Kim Idar framføre mål, men keeper Tommy Nordhus vinn duellen. Norborg fortsette og presse på, og to minutt før slutt trur alle at utlikninga er eit faktum då Kim Idar sette ballen i mål, men dommar Grande annullerar for offside. Dermed endar kampen med 2-3 til Valder.

Norborg dominerte stort dei siste 20 minutta av kampen, men brenner fortsatt for mange klare målsjansar til at ein greier å unngå tap. Likevel, svært oppløftande at ein fekk ei så stor nivåheving frå 1. omgang. Det har ikkje vore ein vane hittil i år. Vanskeleg å trekke fram enkeltspelarar i denne kampen, men Kristian Søviknes kom inn og gjorde ein oppløftande 2. omgang. Elles var det god kollektiv innsats i 2. omgang, og tilsvarande svikt i 1. omgang der det vart vel mange feilpasningar.

Trenar Øystein Haugan hadde følgjande kommentar etter kampen: – Etter ein litt rufsete 1.omgang, der spelet vårt i stor grad bar preg av tunge bein etter ei knallhard trening dagen før, samt at presisjon på pasning/mottak var langt under pari. Så var det desto hyggeleg å sjå at det løysna skikkeleg i 2. omgang. Då fikk vi vist mykje bra angrepsspel, som ofte vart satt i gong frå ein hurtig/offensiv tenkande og god Kurt i mål. Einaste som eigentleg mangla i 2. omgang var at spissane våre, og sjølvsagt “hummern” startar å sette sjansane,,,, men vi får no glede oss med det at lovnaden om at frå og med måndag skal dei begynne å putte. Viss ikkje så skal dei synge karaoke iført lilla kjole på Tramp kvar fredag……for å sei det slik, oss vil heller ha MÅL!!

Valder-trenar Stig Johansen hadde med seg ein syltynn tropp til Uggedalen, men fekk iallfall stadfesta at han har mykje talent i stallen sin. Valder framstod i dag som ein teknisk og fintspelande lag.

Dommar Grande dømde som vanleg med glimt i auge.

Neste kamp for Norborg er seriemøtet med Herd i Uggedalen måndag kl. 1900.