Norborg – Herd 4-3 (1-2)
Uggedal stadion, 08.08.05
11 sjansar 9
5 hjørnespark 9
3 3
1-0 Aleksander Ervik (sm, 5)
1-1 Krister Omenås (str. 31)
1-2 Aleksander Ervik (41)
1-3 Vegard Bruland (55)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (66)
3-3 Edward Laverton (77)
4-3 Steffen Grytten (85)
Tilskodarar: 128 (betalande)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) – 7
Tre beste:
Eirik York – 8
Stig Wold -7
Edward Laverton – 7
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Asgeir Kalvø, 54), Øyvind Farstad, Steffen Grytten, Stig Wold – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 54), Eirik York , Stein Erik Reitan (Knut Ivar Bjørlykhaug , 83), Tarjei Urkedal (Edward Laverton, 75) – Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton (Adrian Håbet, 54)
Norborg gjorde eit forrykande come-back då 1-3 vart snudd til 4-3 siger over Herd på Uggedal stadion måndag kveld. Norborg starta kampen best og tok leiinga tidleg i kampen, men Herd kom sterkt tilbake og gjekk mot siger før oransjetrøyene “reiste kjerringa”.
Norborg gjekk på bana for å revansjere eit 4-0 tap frå første seriekamp i april mot dette Herd-laget, og starta kampen med flott og sjanseskapande fotball. Leiarmålet måtte ein likevel ha hjelp av Herd sin Aleksander Ervik for å lage. Han syntes Tarjei Urkedal sitt innlegg var for flott til at det skulle gå til spille, og sette ballen like godt i mål på ei flott heading. Norborg fortsette med god fotball dei neste minutta. Angrepa vart bygd opp bakfrå med flott spel gjennom midtbana og ut til kantspelarane, som gong på gong kom seg til innlegg. Både Steffen Grytten, Edward Laverton og Tarjei Urkedal hadde gode sjansar til å score det første kvarteret.
Herd straffer Norborg
Ettersom kampen gjekk kom Herd meir og meir med i spelet. Mest på grunn av at Norborg slutta å spele ball, og starta med lange og upresise pasningar. Etter ein halvtime spel er Steffen Grytten for sein i ei tackling og tek mannen i staden for ballen. Dommar Rolf Jarle Eldevik er ikkje i tvil og peikar korrekt på krittmerket. Straffa sette Krister Omenås sikkert i mål.
Herd er no skikkeleg på hogget, og får like etter ein ny sjanse på ei god kontring, men denne gong rettar Steffen opp inntrykket med å blokkere skotet frå 7-8 meter. Norborg har ikkje heilt meldt seg ut av kampen og får ein stor sjanse ved Eirik York når klokka tikkar opp mot 40 minutt, men skotet hans frå god posisjon er for svakt. Herd sin keeper skyt raskt ut og gjestane får til ei god kontring som resulterar i hjørnespark. Den blir slått presist inn framfor mål, Norborg får ikkje klarert, og Aleksander Ervik pirkar denne gongen ballen i rett mål til 1-2. På tampen av omgangen får Herd sin fjerde sjanse for omgangen, men Kurt Erik Grytten reddar glimrande.
Kaldusj for heimelaget
Norborg startar også 2. omgang best, og kjem seg til nokre farlege innlegg, men utan resultat. I staden for mål til heimelaget er det Herd som aukar til 1-3 då Vegard Bruland får stå ganske så aleine og heade inn eit innlegg. Ti minutt var då gått av 2. omgang.
Norborg fekk dei neste minutta lite til å stemme, og Herd var nærmare 1-4 enn oransjetrøyene var redusering. Norborg sitt spel var prega av lange og upresise pasningar, dårleg konsentrasjon og lite rørsle.
Kim ga nytt håp
Det var dermed lite som tilsa at Norborg skulle få med seg poeng mot eit kontringssterkt Herd-lag, men så vakna storscoraren Kim Idar Krogsethagen til liv og reduserte til 2-3 etter at Stig Wold vann ballen på midtbana og fekk gitt den til Kim. Han kom seg fri frå forsvaret og scora sikkert aleine med keeper. Ei scoring som Norborg, og ikkje minst, Kim Idar sjølv trengde.
Norborg snur kampen
Norborg tok no over kampen mot eit Herd-lag som verka meir slitne enn heimelaget. Eit kvarter før slutt kom Edward inn igjen på bana etter tjue minutt på benken. Han blir flott spelt fri av Adrian Håbet og sette ballen kaldt i mål til 3-3, og ellevill jubel hos Norborg-fansen.
Etter utlikninga fall Norborg sitt spel for ei lita stund, og var nær ved å rote det til for seg ved fleire høve. Men fem minutt før slutt fell avgjersla då Steffen ragar høgast og header inn 4-3 målet etter eit perfekt innlegg med venstra av Martinus Grytten. Når klokka viser 90 minutt er Norborg svært nær eit femte mål då Edward bruker farta si og fører ballen framover frå eigen banehalvdel, sentrar inn til Martinus, som legg til rette for Knut Ivar Bjørlykhaug på 16 meter, men skotet hans går til side for mål. Norborg verkar å ha full kontroll på Herd, men to minutt på overtid får dei sin siste sjanse på eit frispark ute på sida. Ballen blir slått hardt inn framfor mål, Norborg får ikkje klarert og ein Herd-spelar får skyte frå 10 meter. Skotet går imidlertid langt over, og Norborg kan juble for tre viktige poeng.
Variabelt spel
Norborg spelte svært variabelt i denne kampen. Starten av begge omgangane, samt siste 20 minutta var svært bra. Laget spelte då klokt og fann dei store romma mellom Herd sine lagdelar. Men innimellom blir det litt for mykje “måking” og lite fint spel. Moralen i laget er det derimot lite å utsette på. Dei aller fleste på stadion hadde nok gitt opp på stillinga 1-3, men Norborg ga aldri opp og fekk til slutt løn for strevet og ståade applaus frå publikum.
Mange som gjorde ein bra innsats hos heimelaget i dag, men ekstra honnør til Eirik York som jobba utrøytteleg på midtbana, Stig Wold som var offensiv og god på høgrebacken, samt Edward Laverton som kom seg til sjansane og til slutt greidde å score.
Ein lykkeleg trenar Øystein Haugan hadde følgjande ord etter kampen; – vi starta kampen glimrande, men kollapsar på slutten av 1. omgang og får to mål mot oss, pluss eit tredje like etter pause. Eg er dermed utruleg imponert over gutta når dei likevel ikkje gir opp, hentar inn leiinga og sette inn vinnarmålet. Kjekt å sjå at det denne gongen er motstandaren som er tomme for krefter på slutten av kampen, og ikkje vi. Nei, det er slike kampar som gjer at oss held på med fotball.
10-seriemålsjubilanten Edward Laverton var også ein svært glad gut etter kampen; – utruleg deilig å sjå ballen gå i mål etter litt stang ut tidlegare i kampen. Fortent siger til Norborg.
Norborg skal ut i ny heimekamp allereie på fredag. Då ventar nabo Brattvåg i Uggedalen kl. 1830.