Norborg – Godøy 2-3

Norborg-Godøy 2-3 (1-1)
Uggedal Stadion, 05.06.05

6 sjansar 10
5 hjørnespark 6

0-1 Eldar Godø (10)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (34)
1-2 Erlend Homen (67)
2-2 Sjølvmål (68)
2-3 Svein Arve Alnes (72)

Tilskodarar: 635

Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Ass. dommarar: Svein Vestnes (AaFK) og Roy Mathisen (Stranda)

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Geir Ove Grønli, 83), Knut Ivar Bjørlykhaug (Steffen Grytten, 86), Stein Erik Mårstøl, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Øyvind Kvammen, 75), Eirik York, Stein Erik Reitan (Ståle Hurlen, 86), Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 83) – Kim Idar Krogsethagen, Ståle Hurlen (Edward Laverton, 75)

Det var Godøy som til slutt kunne juble på denne merkedagen til Norborg. Godøy skapte dei fleste sjansane, ville mest, var best og vann fortent 3-2 framføre eit talrikt publikum.

Folk møtte tidleg og talrikt opp i Uggedalen denne søndagen for å få med seg opninga av Uggedal Stadion. Det var nemleg fest i Uggedalen denne søndagen med framføring av den nye Norborg-sangen av The Bandits, “Tare”, musikk av Søvik brass, taler, ballongslepp og opning av det nye praktanlegget av Helge Uggedal. All honnør til dei som stod for arrangementet.

Godøy best i gong
Framfor heile 635 tilskodarar var det bortelaget Godøy, som umiddelbart festa eit grep om kampen med to farlege hjørnespark før to minutt var gått. Med vinden i ryggen, samt aggressive og gode spelarar trykte dei heimelaget tilbake på bana, og det var dermed fortent då Eldar Godø sendte dei i føringa etter ti minutt på eit velplassert skot. Angrepet var særs flott med fleire trekk før avslutninga frå litt skrått hald kom.

Etter målet starta Norborg å kome til hektene, og både Christian Søvik og Tarjei Urkedal får gode sjansar til å utlikne, men diverre for det talrike heimepublikummet fann ikkje avslutningane nettmaskene. Godøy får også ein stor sjanse då det er kommunikasjonssvikt i Norborg sitt forsvar og ein godøying får springe igjennom, men avslutninga blir redda på strek av Christian Søvik.

Norborg tek over
I det siste kvarteret av omgangen er det Norborg som har eit lite initiativ, og kjem seg til to store sjansar. Tarjei Urkedal får til eit bra skot i frå 16 meter, men ein Godøy-spelar får avverja mål. Etter 34 minutt har så Norborg fått frispark ute på høgresida. Kristian Søviknes legg inn på bakarste der Eirik York vinn duellen og får heada inn framfor mål til Kim Idar Krogsethagen, som slenge foten fram og får sendt ballen i nota til 1-1, og ellevill jubel.

Norborg starta omgangen svært nølande, og lot eit aggressivt og godt Godøy-lag vinne dei fleste duellane. Ein hadde også litt kommunikasjonssvikt i forsvaret, medan oppspela vart for upresise. Likevel greidde ein å spele seg fram til 4 brukbare sjansar. Det samme antal som Godøy.

Nær leiing
Fem minutt ut i 2. omgang burde Norborg hat tatt leiinga i kampen ved Kim Idar Krogsethagen. Sjansen kom etter eit glimrande løp av Christian Søvik på venstresida. Han fossa forbi det som var av Godøy-spelarar og la perfekt inn til Kim Idar, men i staden for å skyte på direkten prøvar Kim Idar å finte seg forbi Trond Valkvæ. Det gjekk ikkje, og Godøy fekk etterkvart rydda opp.

Godøy med store sjansar
I løpet av dei neste tjue minutta er Godøy det klart beste laget, og kjem seg til fem store sjansar. Keeper Kurt Erik Grytten redda tre av dei glimrande, ein traff stolpen, medan den siste enda i mål. Målet kom etter markeringssvikt i Norborg sitt forsvar, og Erlend Holmen får stå heilt aleine framfor kassa og gi Godøy leiinga 2-1.

Rask utlikning
Gleda varer likevel ikkje lenge for Godøy. Eitt minutt seinare sende ein Godøy-forsvarar ballen i eige mål etter eit innlegg av Kristian Søviknes. 2-2, og like langt. Men Godøy viser seg som eit betre lag enn Norborg denne dagen, og berre fem minutt seinare gir Svein Arve Alnes gjestane føringa på nytt. Nok ein gong får godøyingane kome lett til i Norborg sin 16 meter.

Gedigen sjanse på overtid
Norborg gjer på slutten av kampen eit desperat forsøk på å få med seg eit poeng, og spelar dei siste minutta med fem angriparar på bana. Dei fleste oppspela vart for upresise til at ein greidde å skape farlege situasjonar framfor mål, men fire minutt på overtid kom likevel sjansen heimelaget venta på, men frå to meters hald header Geir Ove Grønli over det opne Godøy-målet. Dermed endar kampen med 3-2 siger til gjestane frå Godøy.

Skuffande av Norborg
Norborg leverte ein svak 2. omgang og tapte fullt fortent mot eit betre lag. Oransjetrøyene fekk for store avstandar mellom lagdelane og ein slo altfor ofte ein lang ball oppi Godøy sin 16 meter der keeper Stian Alnes og forsvaret hadde full kontroll. Alt for sjelden kom sidebackane opp for å skape overtal på kantane, og altfor ofte var Godøy først på andreballane. Totalt sett ein skuffande kamp av heimelaget, som kan så mykje meir.

Trenar Øystein Haugan var ingen slagen mann etter kampen, og hadde følgjande kommentar; Godøy var eit veldig bra lag. Vi prøvde og vi prøvde, men denne gongen gjekk det ikkje. Vi blir hardt straffa av personlege feil mot eit sånt godt lag, men vi kjem sterkare tilbake neste gong.

Norborg sin beste spelar var keeper Kurt Erik Grytten. Han leverte fleire klasseredningar og hindra eit større tap. Asgeir Kalvø og Kim Idar Krogsethagen leverte også ein kamp til godkjent.

Gode Godøy
Godøy leia på denne tida i fjor 3. divisjon (kva i hulaste gjekk gale?) og viste at dei nok høyre heime eit hakk lenger oppe. Dei er iallfall det beste laget Norborg har møtt så langt i år, med fysisk sterke, aggressive og pasningssterke spelarar. I tillegg har dei ei fantastisk støtte i “Godøyveggen”. I overkant av 50 godøyingar tok turen til Uggedalen denne søndagen og laga liv. Ja, det er synd å måtte skrive det, men Godøy vann også kampen på tribuna.

Få ting å sette fingeren på i Jan Lund si dømming i Uggedalen denne dagen.

Neste kamp for Norborg er det tøffe bortemøtet med Hødd sine nest beste. Kampen går på torsdag kl. 1830.