Norborg – Ellingsøy 3-3 (1-0)
Søvikdalen, 22.05.05
9 sjansar 5
9 hjørnespark 1
1 1
1-0 Edward Laverton (44)
1-1 Geir Nøstdahl (57)
1-2 Svenn Christian Kerek (62)
1-3 Alexander Sørvik (66)
2-3 Knut Ivar Bjørlykhaug (str. 74)
3-3 Eivind Fjørtoft (83)
Tilskodarar: 156
Dommar: Morten Berge Digernes (Bergsøy) – 8
Ass. dommarar: Mevludin Ribic (VRF) og Geir Ove Grønli (Kaupanger)
Norborg sine tre beste:
Kristian Søviknes – 7
Stein Erik Reitan – 7
Asgeir Kalvø – 7
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund (Jan Even Drønnesund, 71), Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan , Martinus Grytten – Edward Laverton, Tarjei Urkedal (Eivind Fjørtoft, 37)
– Eit lag vi burde ha slått, var kaptein Tarjei Urkedal sin kommentar etter kampslutt, og det skal vere vanskeleg å argumentere mot dette utsagnet. Norborg var nemleg det førande laget i store delar av kampen, men motstandaren viste seg som meir effektiv framføre mål, og fekk med eit poeng heim.
Norborg måtte nok ein gong gjere rokeringar på laget frå kampen før. Sidan Sunnylven kampen har Øyvind Farstad blitt skada, og er ute til midten av juni, Steffen Grytten er i Finland for å forsvare nasjonens ære i biloppretting, Øyvind Kvammen er oppteken med eksamen og Adrian Håbet ute med influensa. Kenneth Vegsund fekk dermed tillit frå start for første gong sidan i fjor sommar, mens Christian Søvik var tilbake frå skade.
Ellingsøy farleg frampå
Lite skjedde dei første minutta på den humpete bana i Søvikdalen, men etter 7 minutt sette Ellingsøy ein støkk i heimepublikummet då ein spelar avslutta frå 16 meteren og Kurt Erik Grytten får så vidt redda med tåa.
Norborg starta etter dette å få eit grep på kampen, og etter eit kvarters spel kom oransjetrøyene til sin første sjanse då Tarjei Urkedal vart spelt igjennom, men keeper redda forsøket frå skrått hald. Den neste halvtimen pressa Norborg på, og kom seg til mange innlegg frå kantane, men diverre for heimelaget rydda storvokste Kenneth Bjørke og co. opp i stor stil.
Viktig leiing før pause
Like før pause er Ellingsøy sitt elles solide forsvar lite merksam, og Edward Laverton snappar opp eit laust tilbakespel, rundar keeper og sette ballen i det tomme målet til 1-0. Bra jobba av ein vaken Edward. Minuttet etter er Ellingsøy farleg frampå med ei heading i tverrliggjaren etter eit frisparkinnlegg.
Jamnt i sjanseprotokollen etter 1. omgang, men Norborg eigde ballen og hadde mange halvsjansar. Diverre mangla ein det lille ekstra innafor 16 meteren til at ein kunne leie med meir enn 1-0 ved pause.
Flott fotball av heimelaget
Norborg opnar 2. omgang med flott spel og skapte tre gode sjansar dei første ti minutta. Først skjer Edward inn i 16 meteren, men blir stoppa på 5 meteren. Ballen går ut til Eirik York som klinka ballen langt utafor mål frå 16 meter. Like etter får Eirik ein ny mogelegheit. Denne gongen greier han å presse ned skotet, men diverre går den via eit Ellingsøy-bein og ut. Minuttet etter slår Martinus Grytten ein fin krossar til Kristian Søviknes, som fossar inn i 16 meteren og skyt like utafor stolpen.
Effektive Ellingsøy
I staden for at Norborg aukar si leiing på desse tre sjansane, er det gjestane som utliknar på sin første sjanse i 2. omgang på eit gjennomspel mellom stoppar og back til Geir Nøstdahl. Han snik seg forbi Christian Søvik og scorar sikkert aleine med Kurt Erik.
Elingsøy hevar spelet sitt fleire hakk etter utlikninga, og fem minutt seinare tek gultrøyene leiinga etter tafatt forsvarsspel av Norborg. Kenneth Vegsund taper i lufta, resten av heimeforsvaret står og søv, og Sven Kerek får ein enkelt jobb med å putte andreballen i nota.
Kalddusj for sløve norborgarar
Fire minutt seinare får Ellingsøy sin første og einaste corner i kampen. Denne blir slått hardt inn på fem meteren der Alexander Sørvik får sendt ballen i nota til 3-1. Gjestane har dermed snudd kampen frå 1-0 til 1-3 på 9 minutt. Alle måla grunna sløvt forsvarsspel av Norborg.
Norborg hadde innimellom Ellingsøy sine mål også et par situasjonar framføre motstandar sitt mål. Eivind Fjørtoft plukkar ned eit presist oppspel frå Kenneth Vegsund, passer til Edward, som dribler av ein mann før han skyt utafor frå 14 meter. På stillinga 1-2 slo Kristian Søviknes ein corner rett i tverrliggjaren. Ein ball som Ellingsøy sin elles stødige keeper ikkje såg ut til å ha kontroll på.
Satsa alt framover
Dei siste 20 minutta lag Norborg om til 3-3-4, noko som førte til at spelet bøkgja fram og tilbake. Dryge kvarteret før slutt blir Edward felt innafor 16 meteren og den solide dommaren Morten Berge Digernes peika på krittmerket. Straffa sette Knut Ivar Bjørlykhaug iskaldt i mål. Norborg får dermed nytt håp om poeng.
Gutespelar redda dagen
Sju minutt før slutt tek Kristian Søviknes med ballen frå midtbana, gir ut til Martinus på venstresida, får den tilbake, og slår eit nydeleg innlegg som gutespelar Eivind Fjørtoft headar i mål til sitt første a-lagsmål. 3-3, og heimelaget lukter siger.
Tini nær heltestatus
På slutten får Ellingsøy fleire kontringar som Norborg med nød og neppe får klarert, men aller nærmast mål kom Martinus då han tre minutt på overtid skyt knallhardt like over frå 17 meter. Dette var det siste om skjedde i kampen, og Norborg gjekk litt skuffa av bana sjølv om ein hadde henta opp Ellingsøy si to målsleiing. Men trass poengtap, må vi vel kunne seie at denne søndagen enda bra…
Dette var ein kamp Norborg burde og skulle ha vunne. Ein hadde ballen og skapte det meste som var framfor mål den første timen, og burde ha leia med eit par mål på tidspunktet Ellingsøy fekk utlikninga. Etter dette heva Ellingsøy spelet sitt og kampen opna seg opp. I sluttminutta kunne kampen ha bikka begge vegar, og basert på siste halvtimen bør ein alt i alt vere nøgd med at eit poeng vart verandes i Søvika i det som truleg var den siste 4. divisjonskampen i Søvikdalen.
Best på Norborg i dag synst vi Kristian Søviknes var. Etter fleire kampar under pari var han i dag aktiv og god. Fortsett slik Snes. Stein Erik Reitan gjorde også ein positiv kamp der han vann mange andreballar på grunn av hard jobbing. Asgeir Kalvø gjorde også ein positiv kamp. Ein moderne back stadig på jakt etter kreative løysningar.
– Utruleg bra at vi greier å hente dei inn igjen etter desse tre måla i fleisen. Det er denne moralen vi må ta med oss frå denne kampen. No må vi berre få samle troppane og heve oss mot den vanskelege bortekampen mot ÅVK neste laurdag, sa trenar Øystein Haugan etter kampen.
Neste kamp for Norborg er altså borte mot Åram/Van.kam laurdag kl. 17. Til denne kampen blir det satt opp buss, og supportarar som vil ta turen til Eidså er velkomen til å vere med.