Norborg – Brattvåg 2-5 (1-2)
Uggedal stadion, 12.08.05
6 sjansar 11
7 hjørnespark 5
0-1 Arnel Colic (7)
1-1 Edward Laverton (36)
1-2 Arnel Colic (42)
2-2 Edward Laverton (57)
2-3 Arnel Colic (75)
2-4 Arnel Colic (82)
2-5 Lennart Holmem (85)
Tilskodarar: 403 (betalande)
Dommar: Alf Furland (Rollon) – 9
To beste:
Edward Laverton – 7
Stig Wold – 6
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Geir Ove Grønli, 84), Knut Ivar Bjørlykhaug, Øyvind Farstad (Steffen Grytten, 46), Asgeir Kalvø (Stig Wold, 34) – Adrian Håbet (Martinus Grytten, 71), Eirik York, Stein Erik Reitan (Øyvind Farstad, 82), Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 82) – Edward Laverton, Kim Idar Krogsethagen
Brattvåg stakk av med alle poenga i lokalderbyet mot Norborg i Uggedalen fredag kveld. Kampen stod lenge og bikka, men då Arnel Colic snappa ballen frå Norborg-forsvaret og scora sitt 3. mål for kvelden, var det etter det ingen tvil kvar sigeren skulle hamne.
Dei mange som møtte fram for å sjå tidenes første lokalderby på Uggedal stadion fekk sjå ei nølande opning på kampen. Det var tydeleg at her var mange nervøse spelarar som for all del ikkje ønskte å kome under i målprotokollen.
Colic kanon
Etter dryge 5 minutt får Norborg kampen sin første sjanse då Tarjei Urkedal får avslutte frå 4-5 meters hald, men Espen Wold får slått avslutninga til corner. Hjørnesparket er ufarleg og fører til at Brattvåg får sette i gong ei kontring. Norborg sin forsvarar Øyvind Farstad gambler på å nå ballen framføre Arnel Colic, men bommar. Colic tek med seg ballen mot 16 meteren og klinker ballen i nota til 1-0. Like etter er Sindre Dalhaug nær ved å auke leiinga, men skotet hans frå 10 meter går utafor.
Eddie fortsette å score
Etter desse tre sjansane går kampen inn i ein svært svak periode. Brattvåg legg seg bakpå og spelar disiplinert og godt i forsvar, medan Norborg har lite fantasi i angrepsspelet sitt. Mot slutten omgangen vaknar så kampen til liv igjen. Norborg får spelet sitt til å gli betre og kjem seg stadig nærmare Brattvåg-målet. I det 36. minutt kjem så utlikninga då toppscorar Edward Laverton utnyttar rot i Brattvåg-forsvaret etter eit innlegg frå Christian Søvik, og sette ballen i kassa frå kloss hald til 1-1. Edward har då scora i fire kampar på rad.
Praktangrep av Brattvåg
Brattvåg kjem no litt lenger fram på bana, og tre minutt før pause tek dei leiinga på nytt. Denne gong på eit praktangrep. Stian Hatlehol slår ei presis langpasning fram til Lennart Holmem, som tek ballen nydeleg, sende den vidare til Arnel Colic, som klinka ballen i mål frå 16 meteren.
Alt i alt ei litt skuffande forestilling i 1. omgang. Norborg spelar svakt og misser ofte på enkle pasningar. Brattvåg var svært disiplinert i forsvar og gjorde jobben vanskeleg for Norborg med aggressiv spelestil og mange mann bak ballen. Norborg har tydeleg respekt for Arnel Colic og let han få altfor stort spelerom.
Rundspelar gjestane
Brattvåg sin Frank Dalhaug er tidleg ute å testa skotfoten i 2. omgang, men det neste kvarteret tilhøre Norborg. Oransjetrøyene var i denne perioden særs flinke til å bruke kantane, og spesielt Stig Wold var frisk og god ute på høgresida. Sju minutt ut i omgangen kjem Norborg seg til ein stor sjanse som endar med at Kim Idar Krogsethagen heada via ein Brattvåg-spelar og i stolpen. Fem minutt seinare skulle så utlikninga kome etter vedvarande Norborg-press. Stein Erik Reitan og Christian Søvik vinn i fellesskap ballen ute på venstresida. Søvik avanserar ned til kortlinja, lurer av ein mann og legg perfekt inn til Edward Laverton som header kontant i mål. 2-2, og laga var like langt.
Norborg fortsette å presse, men Brattvåg-forsvaret er godt, og spesielt Enis Maksumic ryddar opp Stig Wold sine mange gode legg. I staden er det brattvåg som er svært nær leiinga for tredje gong då Lennart Holmem blir spelt igjennom, runder keeper Kurt Erik Grytten, men sette ballen utafor det opne buret frå 5 meter. Når 70 minutt passerast kjem Norborg seg til ein stor sjanse då Stig Wold legg inn til Adrian Håbet, som skyt/legg inn på volley, til Edward Laverton på 5 meter, men headinga hans går denne gongen på utsida av stolpen.
Hat-trick etter Norborg-slurv
Etter dette trykket på Brattvåg slurvar Norborg i forsvar, og Arnel Colic snappar ballen frå den elles solide Steffen Grytten. Colic spelar vegg med Lennart Holmem før han sette inn sitt 3. mål for dagen.
– Eg stod å speida litt for lenge etter Martinus før eg slo opp ballen. Når så Arnel kom på meg måtte eg berre kline til å håpe på det beste, sa Steffen etter kampen.
Kontra i senk
Norborg satsar no alt framover, men med slurvete pasningsspel førte dette til at Brattvåg gong på gong kom på kontringar. Knappe ti minutt før slutt spring Arnel Colic frå heimeforsvaret og bruker to forsøk før han sette inn sitt 4. mål. Flott redning av Kurt Erik Grytten på den første avslutninga. Nokre minutt seinare er Arnel Colic i tilretteleggar-rolla då han spelar igjennom Lennart Holmem. Han gjer denne gongen ingen feil aleine med keeper, og sette sikkert inn kampen sitt siste mål.
2. omgang vart ein langt meir sjåverdig affære enn første. Norborg heva spelet sitt betrakteleg, og når 70 minutt var passert trudde dei aller fleste meir på 3-2 til heimelaget enn til Brattvåg. Men slik gjekk det altså ikkje, og Brattvåg fekk fritt spelerom på slutten av kampen.
Hos heimelaget må to-målsscorar Edward Laverton skryt, samt Stig Wold som kjem inn og gjer fleire flott offensive bidrag frå back-posisjonen sin. På bortelaget gjorde Enis Maksumic ein uvurderlig jobb i midtforsvaret, og ikkje minst Arnel Colic som trivdes svært godt på Uggedal stadion. Aldri før har vi vel sett ein så god 4. divisjonsspelar. Norborg vart skremt kvar gong han fekk ballen.
Trenarkommentarar
Bjarte Steinsbu: – Vi gjorde ein god kamp i dag. Vi var gode og effektive på overgangane. I tillegg løfta forsvaret vårt seg frå tidlegare. For Norborg er eit godt offensivt lag, så å sleppe inn berre to mål her er bra.
Øystein Haugan: – Mykje god fotball i ein kamp som faktisk kunne ha bikka begge veger. Vi hadde god kontroll første 20 minutta av 2. omgang, men så begynte vi å dele ut julegåver. Eit flatterende resultat, som kjem av at vi kastar alt framover dei siste 10-15 minutta. Men skal vi vinne slike kampar så må vi halde konsentrasjonen. i dag greidde vi ikkje det og tapte. Vil gratulere Brattvåg med sigeren. I dag var dykk steike gode, men vi var ikkje så verst vi heller.
Ex-norborgar og no Brattvåg-keeper Espen Wold hadde følgjande kommentar: -ein jamn kamp der vi må seie oss godt nøgde med alle 3 poenga. Godt å registrere at given er tilbake i laget. Synest Norborg spelar godt for tida. Spesielt å spele mot Norborg, men det er stort sett alltid kjekt å vinne kampar..
Norborg skal ut i ny heimekamp allereie på onsdag kl. 1830. Då mot SIF2.