Norborg-Blindheim/Emblem 0-3 (0-2)
Treningskamp, Brattvåg KGB, 16.04.05
3 sjansar 7
2 hjørnespark 6
0-1 Terje Ottersen (16)
0-2 Thomas Sæter (35)
0-3 Tommy Blindheim (52)
Dommar: Alf Furland (Rollon)
Ass. dommarar: Kim Idar Krogsethagen (Norborg) og Espen Wold (Brattvåg)
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Stein Erik Alvestad, 67), Knut Ivar Bjørlykhaug, Øyvind Farstad (Biarte Hånes, 82), Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Eivind Fjørtoft, 67), Eirik York, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal (Martinus Grytten, 19) – Edward Laverton, Steffen Grytten
Svært lite stemte for Norborg då det vart tap for Blindheim/Emblem i generalprøva før serieopninga torsdag. Blindheim/Emblem styrte det meste og vann fullt fortent 3-0.
Før kampen markerte Norborg Kjell Bjørlykhaug sin plutselege bortgang med eitt minutts stillheit. Kjell har med sitt gode humør og forkjærligheit for Norborg vore ein sentral person i klubben blant anna som oppmann på aldersbestemte lag og som medlem av sponsorgruppa. Vi kondolerer på det djupaste til familien.
Redusert lag
Norborg slit med fleire skader og ute frå sist kamp mot FK Sykkylven var midtstoppar Roger Grytten og vinterens toppscorar Geir Ove Grønli. Litt ut i kampen vart denne skadelista enda lenger sidan Tarjei Urkedal måtte ut med ein kneskade. Ein type skade som ser ut til å vere smittsam i klubben.
Gjestane best i gong
Blindheim/Emblem viste seg som langt meir aggressive enn Norborg allereie frå første spark på ballen. Det tok likevel dryge 5 minutt før første sjansen oppstod då ein blindheimspelar får ein stikkar i bakrom, men Kurt Erik Grytten er raskt ute å hindrar første forsøket, medan returen vart satt til side for mål.
Gjestane fortsette å ha ballen, men skapte lite framfor mål. Etter eit kvarters spel får B/E frispark litt til høgre for 16 meters kanten. Terje Ottersen sender ballen lavt inn mot mål. Utruleg nok greier ingen av Norborg sine spelarar å klarere og ein litt passiv Kurt Erik Grytten må konstatere at ballen går i mål.
Nytt frisparkmål
Dei neste 20 minutta skjer det svært lite sett bort fra nokre hjørnespark til B/E som Norborg har rimeleg bra kontroll på. Oransjetrøyene er svært tannlause framover og verken arbeidsmoralen eller teknikken var på ønsket nivå. Etter 35 minutt får Blindheim/Emblem eit nytt frispark utafor 16 meteren. Norborg sin mur står som vanleg feilplassert og Thomas Sæter sette ballen i mål oppe i vinkelen.
Ikkje før mot slutten av omgangen greidde Norborg å skape nokre situasjonar inne i motstandaren sin 16 meter utan at det vart noko særleg med sjansar av det. Steffen Grytten sitt skot frå 16 meter som gjekk ut til kast var vel det beste. Det seie vel alt. Det positive var at motstanderen også skpte få klare sjansar.
Scoring ut av det blå
I 2. omgang er Norborg meir med, men sju minutt ut i omgangen punkterer Tommy Blindheim kampen med eit skot frå over 30 meter som dalte ned i vinkelen. Etter 57 minutt får Norborg sin første sjanse i kampen då Eirik York spelar ballen igjennom til Edward Laverton, men hans forsøk frå 14 meter går i nettveggen. Norborg verkar no meir på hogget og nokre minutt seinare er Steffen Grytten igjennom, men forsøket hans på lobb over keeper mislykkast og går over mål. Her burde det stått 1-3.
Ved halvspelt omgang er Terje Ottersen igjenom for gjestane, men frå litt skrått hald skyt han over. Fem minutt seinare snappar Martinus Grytten ballen frå keeper på kanten av 16 meteren, men avslutninga hans blir redda på streken. På overtid er Terje Ottersen aleine med Kurt Erik Grytten, men skotet blir glimrande redda av Kurt Erik.
Skuffande innsats av Norborg
Norborg fekk svært lite til og mangla både vilje, presisjon og samhandling. Fleire av spelarane bør gå i seg sjøl etter det dei presterte denne gongen og kjem vonleg sterkare tilbake i neste kamp når det står om poeng. Det er vanskeleg å skrive om Norborg sin beste spelar etter ei slik framsyning, men skal oss ta fram nokon så må det bli Eirik York. Han viste normal innsats og stod også for det lille av kreativitet som kom frå Norborg. Kjekt å sjå at Øyvind Farstad tilbake i Norborg-drakta etter nokre sesongar i Brattvåg. “Fazza” viste at han har fotballen i seg og gjorde ein godkjent re-debut.
Blindheim/Emblem viste som vanleg høg arbeidsmoral og stressa Norborg-spelarane gjennom heile kampen. Laget har vist betre offensive takter før, men dette kjem nok når serien startar. Sjølv om Norborg ikkje var nokon målestokk i dag så trur vi B/E kan kome til å overraske i årets 3. divisjon.
Dommar Alf Furland hadde god kontroll på kampen, mens assistentdommarane Espen Wold og Kim Idar Krogsethagen gjorde sine saker utmerket.
Norborg sin neste kamp er serieopning mot Herd torsdag kl. 1830 på Moa KGB.