Hødd2 – Norborg 2-0

Hødd 2. lag – Norborg 2-0 (0-0)
Høddvoll kunstgras, 09.06.05

7 sjansar 4
10 hjørnespark 5

1-0 Stig Haugland (56)
2-0 Stig Haugland (89)

Dommar: Sigurd Smehus Kringstad (Valder)
Ass. dommarar: Olav Fure (Volda) og Anders Knut Brudevoll (VFK)

Laget: Kurt Erik Grytten – Jan Even Drønnesund (Kristian Søviknes, 46) (Jan Even Drønnesund, 49) (Geir Ove Grønli, 78), Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø – Eirik York, Stein Erik Reitan (Edward Laverton, 89), Stein Erik Mårstøl, Tarjei Urkedal – Ståle Hurlen, Edward Laverton (Kim Idar Krogsethagen, 64)

Med viden i ryggen styrte Hødd2 det meste av spelet i 1. omgang, men Norborg hadde bra kontroll og gjekk til pause med 0-0. I 2. omgang spakna vinden, men det hindra ikkje Norborg i å vere det spelemessig førande laget i store delar av desse 45 minutta. Dessverre så vart Norborg sine forsøk stoppa på 16 meteren, medan Hødd2 fekk kontre inn to mål ved Stig Haugland.

I kraftig medvind kom Hødd2 best i gong, og fekk sin første sjanse ved Stig Haugland på corner etter få minutt. Haugland sitt forsøk på lobb i frå 8 meter gjekk over både keeper og mål. Etter denne sjansen jamna kampen seg ut, og Hødd2 greidde ikkje å skape noko som helst framfor Norborg sitt mål det neste kvarteret. Men etter 20 minutt får heimelaget ny corner. Denne gong er det Lars Viddal som får stå heilt aleine på 8 meter og heade. Heldigvis for oransjetrøyene gjekk den langt til side for mål.

Edward nølefot
Minuttet etter skapar Norborg sin første sjanse då Steffen Grytten spelar ein nydeleg stikkar i bakrom til Edward Laverton, men aleine med keeper nøler Edward alt for lenge med ballen og sjansen blir spolert. Ikkje lenge etter får Norborg sjansen på ny med ein 3 mot 2 situasjon, men Tarjei Urkedal misser totalt med pasninga mot Edward og ballen går inn til keeper. Med fri veg mot mål burde nok Tarjei ha valgt ei anna løysing.

Kraftig vind – kraftig Høddpress
Det siste kvarteret aukar vinden på, og Norborg får store problem med å kome seg ut av eige forsvar. Hødd2 begynn då å nærme seg scoring. Først er Andreas Kurset nære ved å kome heilt aleine med keeper Kurt Erik Grytten, men han misser i mottaket og Kurt Erik får snappa ballen. Nokre minutt seinare smell Ulrik Wingsternes eit frispark frå 40 meter i tverrliggar. Medan Stig Haugland får sjansen innafor 16 meteren på overtid. Avslutninga frå skrått hald stryk bortarste stolpe.

Kjempa hardt
Norborg kjempa hardt i motvinden i denne omgangen, og må seie seg godt nøgd med å halde nullen. – Edward Laverton var likevel ikkje fornøgd. – Vi trente avslutningar i to timar på dagens trening på Molde, og eg greie ikkje å sette den store sjansen eg fekk no. Det er for dårleg, sa ein skuffa Edward til norborg.com.

Snes med nasebrot
Norborg får kose seg med medvind i ca. 5 minutt av 2. omgang før det stilnar. På dei fem minutta er det Eirik York som er nærmast mål då han fyrer av i frå nærare 30 meter. Keeper Vidar Nogva får så vidt redda skotet. Elles blir dei første minutta av omgangen prega av at Kristian Søviknes blir alboga i bakken av ein Hødd spelar. Resultat; broten nase. Hødd sine spelarar var elles svært ofte oppe med albogane sine, og det var svakt av ein elles god dommar å ikkje slå ned på dette.

Haugland gir Hødd føringa
Norborg opna omgangen best, men så blir plutseleg Stig Haugland spelt igjennom og vips står det 1-0 til Hødd2. Norborg fortsette å trykke på, men dei store sjansane uteblir. Ved halvspelt omgang får ein så endeleg ein skikkeleg sjanse då Jan Even Drønnesund vinn ballen midt på eigen halvdel. Han sentrar fram til Ståle Hurlen, som spelar ut til innbyttar Kim Idar Krogsethagen, men Kim Idar si avslutning frå kanten av 16 meteren stryk utsida av stolpen.

Gode Norborg-sjansar
Nokre minutt seinare er det Ståle som får sjansen etter ein corner, men forsøket frå 7-8 meter blir blokkert av Ulrik Wingsternes. Få minutt seinare får Norborg en gratissjanse då keeper Jon Erik Ertesvåg glepp ballen til Kim Idar, men avslutninga hans frå kloss hald blir klarert til corner. Etter desse klare sjansane spaknar Norborg meir og meir, og det er Stig Haugland som får kampens to siste sjansar. Ti minutt før slutt kjem han seg fri, men Kurt Erik reddar skotet frå 12 meter glimrande. Like før slutt kan heller ikkje Kurt Erik rede Norborg då Haugland får stå heilt aleine på 13 meter å dunke ballen i mål. – Klar offside, var midtstoppar Steffen Grytten sin kommentar. Dommaren dømmer likevel mål, og stillinga endar 2-0.

Norborg førte banespelet i store delar av 2. omgang, men ein blir for puslete og unøyaktig på den siste 1/3 av bana. Dermed enda ein opp med berre eit heiderleg resultat denne gongen også.

Bra innsats
Trenar Øystein Haugan hadde følgjande å seie etter kampen; All honnør for veldig bra innsats, alle jobber kampen gjennom og vel så det. Synes synd i gutta som står på så iherdig, men som nok en gang må forlate bana utan poeng. Vi klarer av ein eller anna merkeleg grunn ikkje å pirke den forbaska runde kula i mål. MEN nok er nok, viss nokon trur at vi depper eller har mista trua så er det heilt feil. Oss skal no prøve å gjere nokren stunt/grep mot neste kamp i god tru om å snu denne trenden. Dette vil og skal snu, det er bare et tidsspørsmål om når.

Dei fleste av Norborg spelarane hadde ein kamp på det jamne, men ekstra honnør til midtbanegeneral Stein Erik Mårstøl, som var tilbake på gamle tomter, samt midtstopparane Steffen Grytten og Knut Ivar Bjørlykhaug.

Neste kamp for Norborg er heime mot topplaget Rollon. Kampen går på Uggedal stadion torsdag kl. 1830.