Hareid – Norborg 4-0 (2-0)
Treningskamp, Høddvoll KGB, 12.03.05
15 sjansar 3
5 hjørnespark 7
1 1
1-0 Remi Helleseth (25)
2-0 Remi Helleseth (25)
3-0 Svein Inge Nesset (82)
4-0 Andre Skotheim (86)
Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad (Kjell Terje Brusdal, 60), Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Jan Even Drønnesund (Lars Petter Tennfjord, 69) – Kristian Søviknes, Eivind Fjørtoft (Martinus Grytten, 74), Eirik York, Adrian Håbet (Espen Solheim, 74) (Adrian Håbet, 88), Tarjei Urkedal – Edward Laverton (Biarte Hånes, 79)
Eit svært redusert og urutinert Norborg-lag tapte 4-0 for 3. divisjonslaget Hareid på Høddvoll kunstgras laurdag. Norborg hang brukbart med dei første 20 minutta, men etterkvart kom forskjellen til syne og Hareid vann fortent 4-0.
Norborg mangla så mange a-lagsspelarar i denne kampen at i redsel for å gløyme nokon nemne vi ikkje eit einaste namn. Gutespelarane Eivind Fjørtoft, Stein Erik Alvestad og Adrian Håbet fekk alle æra av å starte kampen, mens den fjerde gutespelaren Martinus Grytten fekk sin a-lagsdebut eit kvarter før slutt. I tillegg fekk 1. års juniorane Lars Petter Tennfjord og Kjell Terje Brusdal også debutere i løpet av kampen.
– Alt under 5-0 er godkjent, sa Edward Laverton før kampen. I såfall nådde det purunge Norborg-laget målsettinga si, men det var takka vere ein strålande opplagt Kurt Erik Grytten. Den nybakte kapteinen leverte nemleg keeperspel av svært høg klasse denne laurdagen. – Eg følte jo at eg måtte ta litt meir ansvar i dag når eg var kaptein, uttalte “såpa” Grytten til norborg.com seinare på kvelden.
Oppløftande start
Norborg tok avspark og lot ikkje Hareid få låne ballen det første minuttet. På brasiliansk vis koste ein seg med ballen på eigen banehalvdel før ein eksploderte framover i eit strålande angrep som vart avslutta med eit skot over frå 16 meter av debutant Eivind Fjørtoft. Og Norborg var fullt på høgde med det langt meir rutinerte Hareid-laget dei første 20 minutta. Bortsett frå ein corner så skapte ikkje Hareid noko, og våre gutespelarar drog av hareidingar så vi måtte gni oss i augene.
Eit grusomt minutt
Etter dei første 20 minutta skrudde så Hareid opp tempoet og skapte eit par farlege sjansar før Remi Helleseth får score kampen sitt første mål aleine med keeper Kurt Erik Grytten. Eit mål som nok hadde blitt annullert for offside dersom der hadde vore linjedommarar. Etter at Norborg løyste overfall ein hareidsdøl Eirik York, snappa ballen og bang stod det 2-0 på ein sjanse som burde ha blitt stoppa av dommaren.
Kurt hindrar audmjuking
Med 2-0 i fleisen på under eitt minutt kom ikkje Norborg seg til hektene dei siste 20 minutta av omgangen, og Hareid skapte fleire store sjansar på grunn av slurv hos Norborg. Men takka vere ein opplagt Kurt Erik stod 2-0 seg til pause. Norborg sitt kanskje farlegaste forsøk hadde Kristian Søviknes då han såg at Hareid-keeperen stod langt ute og forsøkte seg på eit skot frå over 30 meter. Men Vagn Scheide Mork rakk akkurat ballen. Kanskje like greitt at den ikkje gjekk inn for oss som skal dele hytte med han på treningsleiren.
Eddie nær redusering
Hareid starta 2. omgang best og skapte eit par situasjonar framfor Norborg sitt mål, men etterkvart starta Norborg å vinne fleire dullar og spesielt Eivind Fjørtoft begynte å vise seg fram. Dryge ti minutt ut i omgangen får så Norborg ein stor sjanse då Kristian Søviknes vinn ballen inne på Hareid sin banehalvdel, gir så til Edward Laverton som spring frå forsvaret, men aleine med keeper sette han diverre ballen utafor stolpane.
Redning på strek
Ti minutt seinare spelar Norborg seg fram til corner. Ballen blir slått godt inn i feltet og etter litt om og men får Knut Ivar Bjørlykhaug avslutta, men diverre vart det redning på strek. Minuttet før hadde Norborg sin Kjell Terje Brusdal også klarert på strek.
Det siste kvarteret av kampen satsa Norborg meir framover å la om frå 4-5-1 til 4-3-3. Dette skapte litt meir trykk framover sjølv om det ikkje førte til dei store sjansane. I staden er det Hareid som aukar til 3-0 etter å ha snappa ballen frå Norborg sitt forsvar. Med to mann aleine med keeper scora Svein Inge Nesset sikkert. Nokre minutt seinare er det den tidlegare Hødd-stjerna Andre Skotheim som får æra av å score etter eit fint angrep. Heilt på tampen av kampen reddar Knut Ivar Bjørlykhaug Norborg frå eit større tap då han gjekk ut i spagat å redda på strek.
Fortent siger
Hareid tok dermed ein fortent 4-0 siger over Norborg og kunne med litt større konsentrasjon framformål ha vunne med større siffer. Norborg på si side gjekk til kampen med å prøve å kome ut av dysten med æra i behald. Noko vi må seie ein gjorde. Likevel, ein gjorde litt for mange slurvefeil, samt at ein våga alt for sjeldan å teste ut skotfoten.
Best på Norborg var utan tvil Kurt Erik Grytten. Ikkje nok med at han gjorde fleire fenomenale redningar, han har også starta å dirigere forsvaret og er den som snakkar desidert mest på eit elles så beskjedent lag. Av dei andre a-lagsspelarane var det ingen som leverte opp mot sitt beste. Av gutespelarane så gjorde alle ein god jobb og spelte betre og betre etterkvart som kampen gjekk. Det lovar bra! Etter det som vart vist mot Hareid hadde både Eivind Fjørtoft og Stein Erik Alvestad fortent ein sjanse på krinslaget saman med Martinus Grytten og Adrian Håbet.
Neste kamp for Norborg blir mot Langevåg2 dersom snøven forsvinn. Til den kampen er både Stein Erik Reitan og Asgeir Kalvø aktuelle igjen, mens Geir Ove Grønli, Christian Søvik og Steffen Grytten er uaktuelle.