HaNo – Norborg 4-7 (3-3)
Nordøy stadion, 04.09.05
5 sjansar 8
8 cornere 4
1 0
0-1 Adrian Håbet (4)
0-2 Adrian Håbet (7)
1-2 Ove Otterlei (23)
1-3 Tarjei Urkedal (31)
2-3 Håkon Sæterøy (36)
3-3 Sondre Steen (37)
3-4 Geir Ove Grønli (48)
3-5 Geir Ove Grønli (55)
4-5 Stian Andre Haram (67)
4-6 Adrian Håbet (77)
4-7 Geir Ove Grønli (82)
Tilskodarar: 268 betalande (der flesteparten ikkje såg kampen?)
Dommar: Per-Ola Utgård (FK Sykkylven) – 6
Ass. dommarar: Arild Steinsbu (AaFK) og Odd Arne Grande (Skodje)
Tre beste:
Christian Søvik – 8
Adrian Håbet – 8
Geir Ove Grønli – 8
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug (Edward Laverton, 15) (Geir Ove Grønli, 46), Kim Idar Krogsethagen (Stein Erik Alvestad, 45), Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan (Eivind Fjørtoft, 77), Tarjei Urkedal (Kristoffer Søviknes, 90) – Martinus Grytten, Adrian Håbet (Edward Laverton, 85)
Det vart mange mål på Nordøy stadion i lokaloppgjeret mellom HaNo og Norborg. Gjestane var i føringa stort sett heile kampen, men laga det unødvendig spennande då HaNo fekk gå til pause med 3-3 etter to kjappe mål nokre minutt før sidebytte. Etter kvila var det likevel ingen tvil kvar sigeren skulle hamne og Norborg vann fortent.
Begge lag hadde fleire spelarar ute av forskjellege orsaker i denne kampen. Heimelaget måtte nok ein gong stille med trenar og utespelar Kenneth Ulla i mål, medan Norborg miste begge midtstopparane i løpet av 1. omgang, samtidig som ein var redusert før kampen.
Håbet-show
Norborg trivst på Nordøy stadion og fekk også ein draumestart med to mål av Adrian Håbet før ti minutt var gått. Først vart han spelt nydeleg fri av Kristian Søviknes og scora enkelt aleine med keeper Ulla, før han auka leiinga på eit vakkert skot klistra inne ved vinkelen. Ei fantastisk opning på kampen av gutespelaren.
Etter denne opninga vart det mest kriging på midtbana, men likevel med eit lite overtak til heimelaget. Når 20 minutt er gått ligg ballen i nota bak keeper Kurt Erik Grytten, men jubelen hos blåtrøyene stilna fort då det vart avblåst for offside. HaNo var likevel meir på hogget enn oransjetrøyene, men det måtte likevel ei forsvarstabbe til for å få mål då Kristian Søviknes er uheldig å klarere inn i Ove Otterlei og i mål til 1-2.
HaNo fortsette å vinne dei fleste duellane på midtbana i denne perioden, men greidde ikkje å skape sjansar. Så, etter dryge halvtimen får Norborg til ei god kontring. Martinus Grytten legg flott inn til Tarjei Urkedal som header utagbart i mål helt opp ved vinkelen til 3-1. Flott spel og ei vakker scoring.
To kjappe av heimelaget
Vertane gir seg likevel ikkje og på dryge eitt minutt kvitterer dei to gongar ved Håkon Sæterøy og Sondre Steen. Sæterøy sette ballen i mål direkte frå corner, medan Steen fann nettmaskene med eit innlegg/skot i frå skrått hald. Dermed tre mål til kvart lag ved pause.
Perfekt start
Norborg sette innpå skadeforfulgte Geir Ove Grønli til 2. omgang for å få meir luftstyrke på topp. Dette skulle vise seg å vere eit genialt trekk. Ti minutt seinare stod det nemleg 5-3 til Norborg. Begge mål scora av Grønli. Først putta han ballen i mål frå kloss hald etter godt forarbeid av Kristian Søviknes og Eirik York. Så auka han leiinga på eit innlegg av York, også denne gong frå kloss hald.
Norborg såg ut til å ha brukbar kontroll på kampen og lot ikkje HaNo få kome til dei klare sjansane, men ved halvspelt omgang får Stian Andre Haram stå heilt aleine på 15 meter og plasserar ballen enkelt i mål. 4-5, og kamp igjen. Dette var for øvreg mål nr. 500 i årets 4. divisjon.
Ingen tvil
Norborg bretta no skikkeleg opp ermane for å unngå det samme som skjedde i 1. omgang. Ein vann duellane og greidde å trykke HaNo tilbake på bana. Etter dryge halvtimen blir Adrian Håbet spelt igjennom og han klinka like godt ballen knallhardt under tverrliggjaren og fullfører hat-tricket sitt. Men Norborg gir seg ikkje her. Fem minutt seinare scorar Grønli på til 7-4 på ein Søviknes corner. I sluttminutta hadde Norborg god kontroll på kampen og tok fortent heim tre poeng.
Mange mål på Nordøy stadion denne dagen, men på grunn av eit ufyseleg regnver vart kampen stort sett prega av mykje kriging og slumpetreff. Faktisk kunne vi ikkje notere dei heilt store målsjansane ved sida av dei som fann vegen til nettmaskene. Effektiviteten var dermed stor hos begge lag.
Mista midtstopparane
Norborg måtte også gjere mange rokeringar i denne kampen. Knut Ivar Bjørlykhaug fekk seg ein stygg smell tidleg i kampen og måtte berast av bana. Like før pause måtte også den andre midtstopparen Kim Idar Krogsethagen forlate bana med ein lyskestrekk. I løpet av kampen fekk ein faktisk testa ut heile 4 ulike kombinasjonar på stopparplass.
Solid laginnsats
Vanskeleg å trekke fram enkeltspelarar i denne kampen grunna ein utruleg jobb av samtlege involverte. Skal vi likevel trekke fram nokon så må det bli Geir Ove Grønli og Adrian Håbet, som gjorde det viktigaste i fotball, nemleg å score mål. Kristian Søviknes og Christian Søvik gjorde ein solid jobb på uvant stopparplass. Medan søskenbarna Eirik York og Tarjei Urkedal la ned mange mil på midtbana. Ungguten Stein Erik Alvestad kom også inn og spelte med stor kløkt på venstrebacken.
Trenar Haugan var godt nøgd etter kampen
– Etter ein forrykande start der det meste såg veldig bra ut, så var det tungt å gå til pause med 3-3. Det var alt i alt svært vanskeleg å tru på at dette ville gå vår veg etter at HaNo fekk to kjappe like før pause, og dermed fekk fylt opp sekken sin med sjøltillit og stor optimisme. Medan vi hadde mista begge stopparane og fått 2 drittmål mot oss, for å sei det slik, eg trudde eg hadde kome i ein begravelse når eg kom inn i garderoba. Vi fekk brukt tida til å nullstille oss, samtidig som trenarar og spelarar var einige om ein litt ny strategi der vi kasta innpå Geir Ove Grønli i håp om at krafta og luftstyrken til Kaupangers store spinat sønn skulle bere frukter. Dei fleste veit korsen det enda. “Goggen” har tydeleg ikkje slurva med kosthaldet og har ete mykje trampolinekjøtt så spretten som han var. Men det som eg setter aller størst pris på i dag er den SINNSYKE arbeidsmoralen som er i laget og Norborg sine supportere som møtte opp i dette griseværet, heilt unikt. Ja, og så var det steikje gøy med Norborg sangen på Norborg ferga 🙂
Neste kamp for Norborg er laurdag heime mot ÅVK kl. 1500.