Godøy – Norborg 2-2

Godøy – Norborg 2-2 (0-1)
Godøybana gras, 07.07.05

6 sjansar 7
2 hjørnespark 3
2 2

0-1 Edward Laverton (45)
1-1 Eldar Godø (64)
2-1 Erlend Holmen (67)
2-2 Eirik York (74)

Tilskodarar: 156

Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg) -6

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Ståle Hurlen, 80), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Jan Even Drønnesund (Stig Wold, 59) – Kristian Søviknes (Adrian Håbet, 60), Eirik York, Stein Erik Mårstøl (Stein Erik Reitan, 74), Tarjei Urkedal – Edward Laverton, Ståle Hurlen (Martinus Grytten, 74)

Norborg leverte årsbeste då ein torsdag kveld stoppa Godøy si sigersrekke. Norborg leia 1-0 etter ein sjansefattig omgang. Etter kvila snudde heimelaget kampen, men Norborg kom tilbake og fekk si fortente utlikning eit kvarter før slutt. På slutten av kampen hadde begge lag store sjansar til å score utan å lykkast.

Norborg var levna få sjansar ute på Godøya torsdagskvelden, men reiste sjølve i god tru på poeng og ei god avslutning på ein vårsesong i motbakke.

Keisamt
Det var ein heller keisam og lite underhaldande 1. omgang dei mange tilreisande norborgarane og heimepublikummet fekk sjå. Vertane hadde sine beste mogelegheiter på eit par frispark like utafor 16 meteren, men den eine gjekk i muren, mens det andre forsøket gjekk høgt over. Norborg kjempa hardt, men kom seg ikkje til dei store sjansane dei første 40 minutta.

Norborg tek over
I løpet av dei siste fem minutta av 1. omgang starta så Norborg å nærme seg mål. Først kjem Tarjei Urkedal seg fri på venstresida og får kome seg inn mot 5 meteren, men i staden for å avslutte sjølv sentrar han midt i mellom Ståle Hurlen og Edward Laverton slik at Godøy får klarert. – Eg har ikkje sjølvtillit framfor mål no om dagen, var kaptein Tarjei sin kommentar. Minuttet før pausen var samme mann på farta igjen. Denne gongen finn han Stein Erik Mårstøl, men skotet hans frå 18 meter var for svakt.

Eddie gir Norborg leiinga
Når kampen nærma seg 45 spelte minutt får Edward ein nydeleg stikkar i bakrommet frå Mårstøl. Edward spring frå Godøy sitt forsvar og sette ballen mellom beina på keeper Stian Alnes og i mål til 1-0. Dette var unge lovande Edward sitt fjerde mål for sesongen.

Norborg kjempa svært godt i 1. omgang, men var litt for upresise i pasningsspelet til at ein skapte fleire skikkelege sjansar enn den ein fekk målet på. Godøy på si side greidde ikkje å skape ein einaste kvalifisert målsjanse for heile omgangen, og fekk angrepsrytmen sin øydelagt av aggressive Norborg-spelarar.

Straffebom
2. omgang var knapt i gong då dommar Fredrik Løken bles i fløyta og gir Godøy straffe. Situasjonen oppstår då Kim Idar Krogsethagen pressar ein Godøy-spelar i ryggen så han fell i bakken. Kim Idar hadde følgjande kommentar etter kampen; – er dette straffe så har eg blitt snytt for mange straffespark dei siste åra. Eg pressar han litt, og så sleng han seg ned i bakken og får straffe. Ubegripeleg!

Trenar Øystein Haugan hadde klokketru på at Kurt Erik Grytten ville redde straffa frå ringreven Trond Valkvæ. Så skjedde også. Valkvæ skyt til høgre for seg sjølv, men der var Kurt Erik og får slått ballen ut til corner.

2. omgang blir ein jamspelt og underhaldande affære med mykje god angrepsfotball. Før kvarteret var godt av 2. omgang var Eirik York frampå for Norborg, men frå kloss hald gjekk avslutninga rett på keeper Alnes. For heimelaget måtte Svein Arve Alnes sjå at eit frispark i frå eit par og tjue bli slått i stolpen av Kurt Erik. Edward Laverton fekk også ein bra sjanse etter fine kombinasjonar med Adrian Håbet, men skotet i frå 16 meteren gjekk over.

Godøy med to kjappe
Når vi nærma oss 20 minutt av andre omgang får Godøy til eit bra angrep som blir avslutta med eit saksespark i mål av Eldar Godøy. Ballen fekk ei fin boge over Kurt Erik og i mål. Tre minutt seinare misser Norborg ballen ute på sida omtrent 15 meter inne på eigen halvdel. Godøy sette då i gang ei kontring som blir satt stolpe inn av den dyktige høgrevingen Erlend Holmen. Norborg sine spelarar hevdar at Holmen stod i offside, men linjedommar Odd Grande markerte for mål. Dermed 2-1 til Godøy.

Utlikning og store Norborg sjansar
Norborg ga likevel ikkje opp, og sju minutt seinare header Eirik York inn utlikninga via eit Godøy-bein. I dei siste ti minutta av ordinær tid var Norborg det beste laget, og spesielt Adrian Håbet gjorde mykje positivt på venstresida. Etter 82 minutt held han leikestove med fleire Godøy-spelarar før han passer til Eirik framfor mål, men avslutninga hans frå god posisjon går rett på keeper Alnes. Eit par minutt seinare er det Adrian sjølv som får sjansen, men avslutninga blir for svak. Når klokka bikker 90 minutt blir Edward spelt nydeleg igjennom av Kim Idar, men diverre for gjestane sette ein sliten Edward ballen utafor stolpane.

Kurt stenger buret
Etter desse gode Norborg sjansane er det Godøy som tek over kampen på overtid og kjem seg til to gedigne sjansar, men Kurt Erik stod som ein levande vegg og reddar meistarleg forsøka. Dermed endar kampen 2-2.

Uavgjort var alt i alt rettferdig resultat etter spel og sjansar. Begge laga heva seg etter pausen og viste fram flott angrepsfotball i ein kamp med høgt tempo fra første minutt.

Kurt banens beste
På Norborg var det mange som utmerka seg positivt i dag, men skal vi trekke fram nokon må det vere keeper Kurt Erik Grytten som både redda straffe og redda poenget då Godøy kom seg til to store sjansar på overtid. Edward Laverton jobba som ein helt kampen igjennom, var ei viktig brikke i det offensive spelet og scora kampens første mål. På midtbana jobba Eirik York veldig bra gjennom heile kampen og fekk seg i tillegg eit mål.

Dommar Fredrik Løken debuterte i 4. divisjon i denne kampen. Han greidde seg bra i ein vanskeleg kamp med mange tøffe duellar.

Elles var det kjekt å sjå at over tjue Norborg-supportarar tok turen til Godøya denne kvelden. Og med halve Godøyveggen på Foo Fighters konsert vann norborgarane kampen på tribuna.

Kommentarar etter kampen:
Banens bestemann Kurt Erik Grytten; – skikkeleg flott innsats av samtlege i dag. Fortsette vi sånn blir det artig utover hausten. Sin eigen innsats ville han ikkje kommentere.

Kaptein Tarjei Urkedal: – vi kjempa dei ut av stilen i dag. Kampen kunne ha bikka begge veger så alt i alt eit greitt resultat.

Godøy-trenar Gudjon Gudmundsson: – dette var ein klart betre kamp enn den som vart spelt i Uggedalen for ein månad sidan. Eg vil seie at begge laga heva seg frå sist, og det var ein svært god kamp med høgt tempo.

Norborg-trenar Øystein Haugan: – Å ta poeng på Godøya er aldri enkelt, så jobben gjengen gjer i dag er berre å bøye seg i støvet for. Eg er direkte stolt over å vere trener for eit lag som har til dei grader evne til å yte slikt for fellesskapet. Får vi justert litt presisjon på pasningsspelet så skal vi sette opp stigen og verkeleg starte klatringa. Håper vi tek med oss trenden vi har hatt dei siste vekene til haustsesongen. Så ha ein riktig god sommer folkens, og velkomen til kamp i Uggedalen 8. august.