Vigra – Norborg 5-3

Vigra – Norborg 5-3 (3-2)
6 sjansar 8
1 hjørnespark 4
0
1
0 0

Arena: Rota stadion, 20.05.04

Tilskodarar: ?

1-0 Stian Blindheim (3)
2-0 Christer Austad (7)
3-0 Idar Molnes (9)
3-1 Kenneth Gamlem (29)
3-2 Tarjei Urkedal (32)
4-2 Idar Molnes (50)
5-2 Nils Johnny Roald (77)
5-3 Kim Idar Krogsethagen (85)

Dommar: Harald Thorsen (Spjelkavik) – 2
Assistentdommarar:
Oddmund Kaldhussæter (Blindheim) og

Norborg sin beste:
Roger Grytten -7

Positivt:
At ein greidde å kjempe seg inn igjen i kampen etter den grusomme opninga
3 mål på 8 sjansar er bra, synd motstandaren scora på 5 av 6!

Negativt:
Første ti minutta
For upresise pasningar
Dårlege dødballar

Laget:
Geir Roar Gamlem

Knut Ivar Bjørlykhaug
(Asgeir Kalvø, 46)
Christian Søvik
Geir Ove Grønli
Steffen Grytten

Kristian Søviknes
Roger Grytten
Tarjei Gjerset Urkedal

Edward Laverton
– (Jan Even Drønnesund, 40)
– (Alexander Gamlem, 46)
– (Jan Even Drønnesund, 76)

Kenneth Gamlem
(Øyvind Kvammen, 39)
Kim Idar Krogsethagen


Norborg fekk ein verst tenkeleg start på denne kampen med tre scoringar imot før ti minutt var spelt. Oransjetrøyene greidde å kjempe seg tilbake i kampen med to scoringar før pause, men då Vigra fekk lage 4-2 etter angrep på keeper var løpet i realiteten kjørt.

Det var Vigra som kom best i gang i regnveret på Rota stadion torsdag. Norborg var svært tafatte og eit aggressivt heimelag fekk det enkelt med å lage både eitt, to og tre mål før ti minutt var spelt. 1-0 kom etter 3 minutt på eit etablert angrep på Norborg si venstreside. Stian Blindheim er ballførar for heimelaget på kanten av 16 meteren. Norborg sine forsvarar ryggar og Blindheim får avslutta via Christian Søvik og i mål bak ein utspelt Geir Roar Gamlem. Nokre minutt seinare driv Norborg med småspel i forsvar. Christian Søvik sentrar til Geir Ove Grønli, som raskt får ein mann på seg som snappar ballen og spelar igjennom til Christer Austad. Aleine med keeper gjer Austad ingen feil å lobbar ballen over Geir Roar og i mål. To minutt seinare får Norborg ein nytt slag i andletet. Vigra har fått kast på høgde med Norborg sin 5 meter. Kastet går gjennom forsvaret og over til Idar Molnes som sette ballen i nettaket. 3-0, og Norborg har fått nok ei sjokkopning på bortebane.

Ny spenning

Etter denne målrike startfasen roa kampen seg. Norborg arbeidde seg gradvis inn i kampen, men sjansane let vente på seg. Når om lag ein halvtime var spelt kjem så Norborg sin første sjanse og kampen sin fjerde. Edward Laverton får til eit godt skot ifrå 16 meter, keeper gir retur og der dukkar sjølvsagt den “gamle” storscoraren Kenneth Gamlem opp å sette ballen roleg i mål. Norborg får no blod på tann, og berre nokre minutt seinare får vi dagens vakraste angrep. Tarjei Urkedal og Kristian Søviknes spelar seg fint fram på høgresida, Kristian lurer ein forsvarar og kjem seg ned til kortlinja, legg så ut til Tarjei som skyt stolpe inn. 3-2, og Norborg er inne i kampen igjen.

Snytt for straffe?
På slutten av omgangen har Norborg ballen mest, men greier ikkje å skape noko særleg framføre mål. Nærast er Jan Even Drønnesund som fekk eit lavt innlegg inne på 7 meter, men vart skubba vekk då han skulle ta imot ballen. – Klar straffe, seier Jan Even til norborg.com etter kampen.

Mange mål, men få målsjansar beskrive kort denne 1. omgangen på Rota stadion. Vigra var klart best i starten, medan Norborg vakna og styrte dei siste 20 minutta.

Katastrofal feil
Norborg opna best etter pausen, og etter få minutt var Christian Søvik nær ved å utlikne, men headinga hans frå 10 meter vart redda av keeper Roar Rørvik. Så skjedde det som ikkje skulle skje. Geir Roar er ute å snappar eit oppspel, men Idar Molnes sparkar ballen ut av hendene hans og sette ballen i mål mens norborgarane står å roper på frispark. Dommaren godkjente målet til store protestar frå Norborg. Ein katastrofal feil, om vi kan bruke slike uttrykk i fotball.

Nær redusering
Med 4-2 i fleisen vart det vanskeleg for Norborg, men ein skapte dei neste minutta fleire sjansar til å redusere. Først spelte Øyvind Kvammen ein fin i bakrommet til Alexander Gamlem, men han vart takla i skotaugeblinken. Nokre minutt seinare er Kim Idar Krogsethagen frampå med eit godt skot ifrå 15 meter, men keeper reddar. Alexander får returen, men hans forsøk blir blokkert ut til corner. På corneren er Geir Ove Grønli nær ved å score, men frå 8 meter skyt han over mål.

Vigra punktera kampen
Etter eit kvarter med press dabbar Norborg av og greier ikkje å skape noko det neste kvarteret. Norborg gamblar og legg om til 3 mann bak, men i staden for at Norborg legg press på Vigra er det heimelaget som scorar ved Nils Johnny Roald. Med 5-2 og 13 minutt igjen av ordinær tid var kampen i realiteten kjørt for oransjetrøyene, men laget haldt motet oppe å skapte tre gode sjansar dei siste minutta. Først er det Øyvind som får til eit bra skot ifrå 15 meter, men Rørvik i Vigra-målet er med på notane og får slått til corner. Fem minutt før slutt får så Norborg ei fortent redusering. Ein vigraspelar sussar eit overlegg vidare til Kim Idar Krogsethagen som headar i mål frå 10 meter. To minutt seinare er det Geir Ove som får sjansen til å redusere nok ein gong, men headinga hans gjekk like utafor. Dermed enda kampen med 5-3 tap.

Fullt på høgde
Nok ein gong måtte altså Norborg sjå seg slått i ein bortekamp, og nok ein gong blir kampen øydelagt med mange mål imot i startfasen. På dei to siste bortekampane har det blitt 11 baklengs, og det er slettes ikkje godt nok for eit lag med opprykksambisjonar. Det positive er at Vigra skapte svært lite ved sidan av måla, men det er ei mager trøyst når effektiviteten hos heimelaget var så stor. Konklusjonen blir at Norborg hadde fortent eitt poeng, men at ein vart hardt straffa for ei ukonsentrert opning.

Best på Norborg i denne kampen var Roger Grytten. Han viste fin teknikk og stor innsats. Pluss også til Tarjei Urkedal for si utrøyttelege jobbing.

Neste kamp for Norborg er heime mot Aksla laurdag 29. mai. Ein kamp det bør bli siger i, samt kraftig forbetring av målforskjellen.