Stranda – Norborg 0-2

Stranda – Norborg 0-2 (0-0)
Moa kunstgras, 31.01.04

0-1 Kim Idar Krogsethagen (78)
0-2 Kim Idar Krogsethagen (80)

Gult kort: Tarjei Urkedal

Laget: Kurt Erik Grytten (Geir Roar Gamlem, 46) – Steffen Grytten, Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Jan Even Drønnesund (Knut Ivar Bjørlykhaug, 65) – Eirik York (Bjørn Urkedal, 46), Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Alexander Gamlem (Kenneth Gamlem, 46), Kim Idar Krogsethagen (Øystein Haugan, 85), Øyvind Kvammen

Norborg viste seg som det beste laget i denne vinterseriekampen mot divisjonskollega Stranda. Kampen var jamspelt før pause, men etter kvila tok Norborg over spelet og tok heim sigeren etter to flotte mål av Kim Idar Krogsethagen.

I snødrevet på Moa kunstgras sleit begge lag med å komme seg til sjansar dei første tjue minutta. Til det vart sistepasninga for dårleg. Ve halvspelt omgang beit Stranda seg fast på Norborg sin banehalvdel, og fekk kampen sin første sjanse på eit frispark ute på venstresida. Ballen vart slått hardt inn i feltet der Tarjei Urkedal nådde ballen like framføre ein strandaspelar og fekk gitt til hjørnespark. På corneren vart det litt kluss i Norborg-forsvaret, men ein fekk avverja til slutt.

Jamn 1. omgang
Etter desse minutta med press frå Stranda, kom Norborg seg høgare opp på bana, og følte seg snytt for eit straffespark då Kim Idar Krogsethagen vert tatt livtak på inne i 16 meteren. Etter ein halvtimes spel får Norborg til eit godt angrep. Ballen går raskt mellom spelarane og ut til Øyvind Kvammen på høgrekanten. Han kjem seg ned til kortlinja og legg lågt inn framfor mål. Stranda-keeperen ser ut til å fange ballen, men glepp den i beina på Tarjei som i kamp med ein forsvarar må sjå at avslutninga går like utafor. Norborg vartar opp med fleire gode angrep dei siste minutta, men utan å lukkast framfor mål.

Krogsethagen avgjer kampen
Etter pause festar Norborg grepet om kampen og kjem seg til fleire halvsjansar og sjansar. Men enten var avslutningane for dårlege, eller så rydda to gode Stranda-stopparar opp. Det gjekk difor heile 78 minutt før ballen låg i nota. Norborg har fått frispark på rundt 20-25 meter. Kim Idar Krogsethagen tek fart og klinka ballen utakbart i mål. Eit vakkert mål av kapteinen. To minutt etter leiarmålet punkterer Kim Idar kampen med nok eit flott mål. Stranda har hatt corner og står med mange mann på Norborg sin banehalvdel. Kenneth Vegsund mottar ballen og speler den over Stranda sine forsvarar. Kim Idar spring frå oppassarane og rekk ballen like før keeperen. Ballen rullar fort mot kortlinja og dei fleste hadde nok gitt opp å springe etter denne ballen, men Kim Idar brukar farta si, rekk ballen like før dødlinja og får sendt den i mål til 2-0. Eit veldig bra jobbemål av Kim Idar og ei utsøkt pasning av Kenneth Vegsund.

I dei siste ti minutta har Norborg kontroll, men på overtid kjem Stranda seg til ein god sjanse, men avslutninga frå 15 meter går utafor.

Norborg viste seg som eit betre lag enn Stranda i denne kampen, og det utan tre spelarar ein reknar som faste på laget. Oransjetrøyene viste til tider fikst og underhaldande spel, men også at ein har mykje å gå på i sin nye spelestil.

Stranda fekk lite til offensivt mot eit nykomponert Norborg-forsvar, men var stødige bakover. Laget var også tydeleg innstilt på å slå Norborg, og gjekk aggressivt til verks med ein del tacklingar som var på kanten og meir enn det. Noko dei fekk lov til å halde på med av ein dommar som har hatt betre dagar på bana.