Stranda – Norborg 0-1 (0-0) |
|
Arena: Stranda stadion, 01.05.04
Tilskodarar: ca. 160 0-1 Kim Idar Krogsethagen (90+4) Jon-Andreas Karlsen (Stranda) Dommar: Tor Bjermeland (Herd) – 3Assistentdommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Birger Breivik (Volda) Positivt: For ein steier evne At Stranda ikkje scora på 13 sjansar og ein drøss halvsjansar At Stranda lykkast ikkje på ein einaste corner (12 i talet) At ingen på sidelinja fekk hjarteattak Negativt: Duellspelet i 1. omgang Pasningskvaliteten i 1. omgang |
Laget: Kurt Erik Grytten Christian Søvik Roger Grytten Kenneth Vegsund Asgeir Kalvø Kristian Søviknes – (Knut Ivar Bjørlykhaug, 77) Eirik York Tarjei Gjerset Urkedal Øyvind Kvammen Edward Laverton – (Alexander Gamlem, 29) – (Edward Laverton, 64) Kim Idar Krogsethagen Karakterar (3 beste): |
Norborg trakk til slutt det lengste strået i denne kampen som innehaldt alt. Stranda var det klart beste laget før pause, men fekk ikkje mål på dei mange sjansane og cornerane sine. Etter kvilen var Norborg langt meir med, og fire minutt på overtid laga Kim Idar Krogsethagen utruleg nok kampen sitt einaste mål. Etter jamne opningsminutt festar Stranda grepet om kampen og pressar Norborg ned i eigen 16 meter. 6 minutt er spelt når heimelaget får første sjansen, men Kurt Erik Grytten er godt med på forsøket frå litt skrått hald og slår ut til corner. Stranda kom seg for øvreg til svært mange hjørnespark i kampen. Finteljinga viser heile 12, der av 9 i 1. omgang. Kim aleine med keeperStranda fortsette å styre kampen, og spesielt det unge Stranda-talentet Ronnie Furset får gode sjansar til å score. Nærast er han med ei heading i krysset etter eit kvarter. Men så er det klart for omgangen sin største sjanse, og den er det Kim Idar Krogsethagen og Norborg som har. Kenneth Vegsund slår ein stikker igjennom til Kim Idar som kjem aleine med keeper, men avslutninga går langt utafor. Stranda nær ved Norborg gjer ei formasjonsendring for å prøve å demme opp for Stranda sine offensive backer, samt få litt meir breidde i eige spel. Stranda fortsette likevel å styre kampen og etter knappe halvtimen får Espen Hove stå heilt fritt på 12 meter å skyte, men like over. Nokre minutt seinare får Stranda til eit skot ifrå 17 meter, men Kurt Erik reddar glimrande. Dryge ti minutt før pause skapar Norborg sin andre 100% sjanse. Øyvind Kvammen kjem seg igjennom på høgresida, men aleine med keeper frå litt skrått hald går avslutninga like utafor stolpen. Stranda dominerte 1. omgangStranda dominerte 1. omgang stort og spelte med stor rørsle rundt ballførar, duellvilje og svært løpsvillige sidebackar. Ser vi bort i frå avslutningane, er dette noko av det beste vi har sett av eit 4. divisjonslag på våre 24 kampar i divisjonen. Norborg hadde litt for stor avstand mellom midtbane og forsvar, og dette gjorde sitt til at Stranda vann alle 2. ballane som landa i dette rommet. Ein greidde heller aldri å få til sitt eige pasningsspel. I pausen bestemte Norborg seg for å svare med samme mynt, altså stå mykje høgare med laget og jobbe til ein stupte. Det var likevel Stranda som kom seg til første sjansen i omgangen då Espen Hove kom seg igjennom på høgrekanten, men avslutninga gjekk utafor. Norborg tek over Så startar Norborg gradvis å ta over kampen, og tre minutt ut i omgangen slår Kim Idar ballen igjennom til Øyvind. Han spring frå strandaforsvaret, men greidde ikkje å overliste Preben Bjørdal i Stranda-målet. Nokre minutt seinare mottar Eirik York ballen på 15 meter, med ryggen mot mål slår han ballen tilsynelatande ufarleg over seg og mot mål, ballen duppar kraftig og treff aluminiumet. Returen hamnar hos Kim Idar, men han får ikkje dreis på avslutninga og stadig 0-0. Ballen vil ikkje inn Etter 62 minutt kjem Øyvind seg rundt på kanten og får lagt inn, ballen går over til Alexander Gamlem som passar vidare til Kim Idar. Keeper er utspelt, men Kim Idar skyt over det opne målet. Ti minutt seinare får samme mann ein gedigen sjanse aleine med keeper, men nok ein gong vart avslutninga for svak og keeper Bjørdal redda enkelt. På normale dagar hadde Kim Idar scora her. På overtid har Norborg fått frispark inne på Stranda sin halvdel. Kenneth Vegsund slår det fram i 16 meteren, men i staden for at Norborg får ein sjanse, er det Stranda som sette inn ei kontring ved Geir Magne Lied. Han fører ballen fram og har med seg tre andre mot Norborg sine to forsvarar. Lied legg ballen ut til Andreas Kurseth som har fritt fram til mål, men vel likevel å skyte frå 20 meter. Heldigvis for Norborg gjekk ballen over målet til Kurt Erik. Stranda-dødaren slår til igjenDei fleste norborgarane var godt nøgd med eitt poeng og ville at dommaren skulle blåse av kampen då det tikka opp mot 94 minutt. Men dommaren ville heldigvis ikkje blåse, noko Norborg er svært takknemleg for. Cirka 4 minutt på overtid dunkar Christian Søvik ballen oppover mot Stranda sin 16 meter. Kim Idar forfølgjer ballen, pressar seg framføre ein Stranda-forsvarar og lobbar ballen over Bjørdal og i mål til ellevill jubel frå lagkameratar, benk og dei ca. 10 supporterane som hadde tatt turen til Stranda. Stranda-dødaren Kim Idar Krogsethagen hadde slått til igjen, og det på verst tenkelege måte for Stranda. Kim i 100! Etter at Stranda dominerte 1. omgang endra kampen karakter etter pausen. Stranda-spelarane hadde ikkje samme spruten og mista i tillegg oppspelspunktet Geir Koppang med skade. Norborg fekk spelet inn i si bane, fekk til pasningsspelet betre, vann fleire duellar, fekk i gang kantspelet, jobba knallhardt og til slutt lukkast Kim idar med å sette inn sitt 100. seriemål for Norborg. Mest truleg er han den første som har scora eit tre sifra antall seriemål for Norborg. Vi gratulerer! Dette var ein lagsiger, men skal vi nemne eit par enkeltspelarar så må det vere Kurt Erik og Roger. Kurt Erik viste eit par klasseredningar, medan Roger viste ro med ballen, las spelet godt og fungerte fint saman med duellspelar Kenneth. På Stranda likte vi best Thomas Roset og Geir Koppang. Hos dommartrioen gjorde assistentdommarane ein god jobb. Norborg skal på torsdag ein ny tur innover fjordane. Då er det Sunnylven som står på motsett banehalvdel. |