Norborg med sterk 2. plass på romjulsturneringa
Norborg leverte ein glimrande innsats under årets romjulsturnering i Brattvåghallen. Etter 5 strake sigrar var laget i finalen, her vart likevel “Haramslandslaget” Prim, for sterke.
Norborg sine kampar:
Norborg – Brattvåg 2. lag 4-1
0-1 Arild Vågnes
1-1 Kristian Søviknes
2-1 Kristian Søviknes
3-1 Stein Erik Reitan
4-1 Edward Laverton
Brattvåg2 var det friskaste laget i opninga av kampen, og tok også leiinga ved Arild Vågnes etter 4 minutts spel. Like etter var det unge Brattvåglaget nær 2-0, men avsluttinga gjekk i stolpen. I dei siste 7-8 minutta vakna så Norborg, og snudde kampen til 2-1 etter to raske mål av Kristian Søviknes. Forskjellen på laga kom no til syne og Stein Erik Reitan og Edward Laverton fastsette sluttresultatet til 4-1.
Harøy – Norborg 0-6
0-1 Roger Grytten
0-2 Eirik York
0-3 Edward Laverton
0-4 Tarjei Urkedal
0-5 Roger Grytten
0-6 Morten Kalvø
Norborg tok kommandoen frå start av mot eit sløvt Harøy-lag. Roger Grytten starta scoringsballet etter to minutt, medan Eirik York viste fram skotfoten å auka leiinga eit halvt minutt seinare. Etter dette var det berre snakk om kor stor sigeren skulle bli. Det enda på 6 etter at spelandetrener Øystein Haugan kjørte karusell på venstresida, la inn til Morten Kalvø, som enkelt putta ballen i mål.
Norborg – Midsund 3-2
1-0 Tarjei Urkedal
1-1 John Arne Øien
1-2 Stian Blø
2-2 Tarjei Urkedal
3-2 Edward Laverton
Norborg starta med ballen og lot ikkje Midsund få låne den før keeperen måtte plukke den ut av nettet. Omtrent 20 sekund var då gått av kampen. Norborg var best dei første minutta, men så snudde Midsund kampen etter to raske mål av Øien og Blø. På slutten kom Norborg sterkt å tok ein fortent siger etter at Tarjei Urkedal utlikna og Edward Laverton vart match-vinnar. Norborg var med denne sigeren puljevinnar.
Kvartfinale:
Norborg – HaNo 2-1
0-1 Håkon Sæterøy
1-1 Roger Grytten
2-1 Roger Grytten
Norborg hadde overtaket dei første minutta å skapte eit par sjansar, men det var likevel HaNo som tok leiinga då Håkon Sæterøy sette ballen i nota frå 8 meter. Men Norborg tape aldri for HaNo, og snudde kampen til 2-1 i sluttminutta etter to mål av Roger Grytten. Dermed gjekk Norborg til semifinale mot Skodje.
Semifinale:
Norborg – Skodje 3-1
1-0 Eirik York
2-0 Roger Grytten
2-1 Christian Bakkeli
3-1 Jan Even Drønnesund
Norborg starta best mot eit Skodje-lag som hadde fått lite kvile etter sin kvartfinalekamp. Etter ca. 2 minutt får Norborg frispark på 10 meter. Eirik York har leita fram igjen skotfoten sidan glansdagane på gutelaget og dundra ballen i nota. Like etter aukar Roger Grytten til 2-0. Skodje ga seg likevel ikkje og reduserte ved Christian Bakkeli. Men berre minuttet seinare pirkar Jan Even Drønnesund inn 3-1. Noko som også vart sluttresultatet. Norborg var dermed klar for finale i innandørsfotball for første gong på eitt tiår eller to (vann ei five-a-side turnering 10. desember 1978 og Brattvåg IL si nyttårsturnering i 1983).
Finale:
Prim – Norborg 3-2
0-1 Eirik York
1-1 Frank Dalhaug
2-1 Arnel Colic
3-1 Arnel Colic
3-2 Roger Grytten
Prim var store favorittar i denne finalen mot Norborg, som tross alt hadde blitt svekka nettop av Prim, sidan Kim Idar Krogsethagen spelte på motstandarlaget denne gongen. Norborg gjekk likevel friskt ut å tok leiinga på nok eit utsøkt frispark av Eirik York. Leiinga haldt seg i nesten 5 minutt før Prim scorte 3 mål på 3 minutt. Først sette Frank Dalhaug inn utlikninga før turneringa sin toppscorar sette inn 2-1 og 3-1. Etter dette hadde Prim stort sett kontroll. På slutten av kampen reduserte Roger Grytten reduserte til 3-2.
Målscorarar Norborg:
Roger Grytten | 6 mål |
Edward Laverton | 3 mål |
Tarjei Urkedal | 3 mål |
Eirik York | 3 mål |
Kristian Søviknes | 2 mål |
Jan Even Drønnesund | 1 mål |
Morten Kalvø | 1 mål |
Stein Erik Reitan | 1 mål |
Tropp: Kurt Erik Grytten, Eirik York, Stein Erik reitan, Roger Grytten, Tarjei Urkedal, Morten Kalvø, Kristian Søviknes, Edward Laverton, Jan Even Drønnesund og Steffen Grytten (skadet etter 2 minutt). Trener Øystein Haugan spelte siste minutta mot Harøy.
Resultater:
Helland Spesial-Hildre | 6-1 |
HaNo-Ravn | 6-2 |
Brattvåg1-Skodje | 2-7 |
Norborg-Brattvåg2 | 4-1 |
Hildre-HaNo | 1-7 |
Helland Spesial-Ravn | 1-1 |
Fjørtoft-Prim | 1-10 |
Harøy-Norborg | 0-6 |
Midsun-Brattvåg2 | 4-5 |
Prim-Skodje | 3-1 |
Midsund-Harøy | 10-0 |
Brattvåg1-Fjørtoft | 4-3 |
Ravn-Hildre | ?-? Ravn vann |
HaNo-Helland Spesial | 3-4 |
Skodje-Fjørtoft | ?-? Skodje vann |
Prim-Brattvåg1 | 10-1 |
Brattvåg2-Harøy | 2-1 |
Norborg-Midsund | 3-2 |
Kvartfinaler:
Helland Spesial-Midsund | 2-3 |
Prim-Ravn | 9-0 |
Norborg-HaNo | 2-1 |
Skodje-Brattvåg2 | 6-1 |
Semifinaler:
Midsund-Prim | 0-3 |
Norborg-Skodje | 3-1 |
Bronsefinale:
Midsund-Skodje | 3-3, 3-4 s.d. |
Finale:
Prim – Norborg | 3-2 |