Ravn – Norborg 2-4

Ravn – Norborg 2-4 (0-2)
7 sjansar 11
4 hjørnespark 11
1
1
0 0

Arena: Brattvåg kunstgrasbane, 18.02.04

Tilskodarar: ca. 25

0-1 Kim Idar Krogsethagen (18)
0-2 Øyvind Kvammen (32)
0-3 Geir Ove Grønli (61)
0-4 Kim Idar Krogsethagen (74)
1-4 Kjartan Myklebust (77)
2-4 Christopher Urkedal (88)

Dommar: Jan Vatnehol, Ravn -8

Norborg sine tre beste:

Øyvind Kvammen -8
Kim Idar Krogsethagen -7
Christian Søvik -7

Laget:
Kurt Erik Grytten
– (Geir Roar Gamlem, 46)

Knut Ivar Bjørlykhaug
(Geir Magne Grande, 66)

Roger Grytten
Geir Ove Grønli
(Kenneth Vegsund, 66)
Christian Søvik

Eirik York
– (Kenneth Gamlem, 59)

Bjørn Urkedal
– (Stein Erik Reitan, 46)
Tarjei Gjerset Urkedal
(Knut Ivar Bjørlykhaug, 76)

Alexander Gamlem
(Edward Laverton, 46)
Kim Idar Krogsethagen

Øyvind Kvammen
(Steffen Grytten, 46)

I ein underhaldande og fartsfylt kamp viste Norborg seg som eit betre lag enn nabo Ravn, og tok med seg heim ein 4-2 siger.

Det var Ravn som opna best på Brattvåg kunstgrasbane onsdag kveld. Vatne/Tennfjord-laget kom frå ein god kamp mot Ellingsøy, og var tydeleg innstilt på å ta skalpen på nok ein nabo. Ravn gjekk ut i høgt tempo og vel fem minutt ut i kampen vart innsatsen lønna med eit frispark like utafor 16-meteren. Ravn prøvde seg med ein såkalla “Start-vipp” der Eivind Grøtt Ulla vippa ballen opp til Kjartan Myklebust, men forsøket vart blokkert ut til corner av Tarjei Urkedal.

Livleg opning
Norborg kjem seg etterkvart høgare opp på bana, og etter dryge 10 minutt fossa Alexander Gamlem ned til kortlinja og legg lavt inn framfor mål der både Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal og Øyvind Kvammen har gode posisjonar, men ballen går forbi dei alle. Ravn slår umiddelbart kontra men ein vaken Kurt Erik Grytten får snappa oppspelet like framføre ein Ravn-spelar.

Krogsethagen fiksa leiing
Etter dette tek Norborg meir og meir over kampen, og etter ca. 20 minutts spel får oransjetrøyene frispark frå vel 25 meter. Storscorar Kim Idar Krogsethagen tek god rennefart og klinka ballen i mål like under tverrliggar til 1-0. Eit godt skot, men vi set med følelsen av at Øystein Bjørkevoll burde ha redda.

Eit par minutt etter får Knut Ivar Bjørlykhaug til eit godt innlegg som når Kim Idar, men for ein gongs skyld misser han i mottaket og ballen ruller inn til keeper. Kampen var både fartsfylt og underhaldande dei første tjue minutta, men gjekk no inn i ein periode med mange feilpasningar og oppjaga spel.

Kvammen aukar for Norborg
Halvtimen er spelt då Ravn får sin første og einaste klare sjanse i 1. omgang. Sjansen oppstår ved at Norborg slår ei feilpasning midt på Ravn sin banehalvdel. Ravn får til ei god kontring på si venstreside der Eivind Ulla får slått inn framfor mål til Bent Erik Nedrevold som aleine med Kurt Erik skyt utafor. Her burde Ravn ha scora. I staden for utlikning er det Norborg som aukar til 2-0 i angrepet etter. Kim Idar er nede på eigen halvdel og hentar ballen, slår så ein fin ball til aktive Øyvind Kvammen. Han dempar ballen nydeleg og tek den med seg mot mål før han kipper ballen elegant over Øystein til 2-0.

Like før pause får Øyvind nok ein god sjanse, og nok ein gong er det Kim Idar som er hjernen bak angrepet. Han slår nærmast i blinde ein springeball til Øyvind på høgresida. Øyvind rekk ballen like før keeper og prøver seg igjen på ein lobb. Ballen går mot mål, men ein Ravn- spelar får avverja forsøket på streken.

Nytt cornermål av Grønli
Ved pause gjer begge lag ein del skifter. Blant anna kjem Christopher Urkedal inn for Ravn, medan Norborg legg om frå 4-3-3 til 4-4-2 og bytter fire mann. Første sjansen er det Ravn som får. Kjartan mottar ballen, går inn i 16 meteren og får avslutta, men skotet går svakt utafor. Like etter er Norborg i angrep og får hjørnespark. Tarjei slår ein låg ball som når Geir Ove Grønli som regelrett spaserer ballen i mål til 3-0 frå sin posisjon på bakarste stolpe. Dette var Geir Ove sitt 3. mål på dødball på 4 kampar.

Kampen fortsette i høgt tempo og begge lag kjem seg til sine halvsjansar, og ved omtrent halvspelt omgang scora Norborg nok ein gong. Kenneth Vegsund slår ein god ball fram til Kim Idar på venstresida, han vipper ballen forbi keeper og blir så felt. Dommar Jan Vatnehol gjer ingen feil og peikar på straffemerket. Kim Idar tek sjølv straffa og sette den kontant i mål bak Jon Erik Witsøe, som har kome inn i Ravn-buret.

Myklebust redusera
Norborg gjorde no enda fleire bytter og bestemte seg for å halde nullen. Slik skjedde ikkje. Ravn tek meir over og fekk seg eit fortent mål ved Kjartan. Målet kom etter at Norborg mista ballen til Eivind på eigen halvdel. Han finn Kjartan som frå 17-18 meter skyt under Geir Roar Gamlem sin venstrefot og i mål.

I dei siste fem minutta får vi fleire situasjonar framfor mål. For Norborg har Steffen Grytten og Edward Laverton gode sjansar til å auke leiinga. Steffen sin sjanse kjem etter godt arbeid av Christian Søvik. Han jobba inn ein nærast umogleg ball på venstresida og avansera inn i 16 meteren, passar så til Steffen som skyt over frå 5 meter. Like etter er Edward aleine med keeper etter godt forarbeid av Kenneth Gamlem og Steffen, men Jon Erik får avverja til corner.

Like før full tid pyntar Ravn nok ein gong på resultatet. Etter rot i Norborg sitt forsvar så får Christopher Urkedal banke ballen i mål bak Geir Roar frå kort hald. Dermed endar kampen med 4-2 til Norborg.

Vatnehol sin kommentar
Jan Vatnehol, dommar, ex-Norborg-spelar og no Ravn, kom med følgjande kommentar rundt kampen og laga. Eg synst det var ein god kamp med bra tempo der vi såg to lag som vil kjempe i toppen av kvar sin divisjon i år. No er det berre å luke vekk feila fram til seriestart. Positivt at vi klarer å arbeide i 90 minutt, spesielt når vi blir liggjande under 4-0 og så klarer å pynte på resultatet. Det var fortent då vi hadde kome til store sjansar tidlegare i kampen, men bomma. Norborg scora enklare mål en det Ravn gjorde og viste at dei har mykje spisskompetanse med lynraske vingar, som enten kjem til dødlinja eller skjerer inn og avsluttar. Norborg var veldig god og vart ikkje svekkja om dei bytta spelarar. Ravn vil også ha ein veldig god førsteoppstilling i år og det blir mykje kjemping om plassane, det har ikkje skjedd på mange år. Vi har fleire spelarar på lur som vi håper dukkar opp med Ravndrakt snarast råd, då blir vi enda sterkare. Det er 28 stk som har sagt at dei vil satse i år og vi har derfor meldt på eit lag i 7`ar serien der vi vil møte Norborg. Det er ein ny og fin giv i laget og vi er veldig positiv til sesongen, håper at det gode humøret i klubben fortsette og at det smittar over på god fotball. Ravn er 90 år i år vi håper at vi kan feire det med opprykk.