Øyacup 2004

Finaletap på Øyacupen

Norborg hadde ein super laurdag og spelte seg lett fram til finalen på søndag, men der var eit kontant stoppa av eit aggressivt heimelag.

Finalen: Lepsøy klart best

Lepsøy – Norborg 1-0 (1-0)
Sjansar: 5-2

Laget: Geir Roar Gamlem – Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten, Geir Ove Grønli , Stig Wold – Eirik York, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal – Alexander Gamlem (Jan Even Drønnesund ), Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Kvammen (Steffen Grytten)

Etter ein svært oppløftande laurdag vart Norborg tatt fullstendig på senga av eit aggressivt og svært opplagt heimelag.
Etter få minutt pressar Lepsøy Norborg til å gjere feil på eigen halvdel og oransjetrøyene må bruke ulovlege middel for å stoppe heimelaget si kontring. Rune Rønstad får ein brukbar sjanse på frisparket, men utan resultat.

Norborg fortsette å gjere mange personlege feil og feilpasningane florerar, men når vi bikka ti minutt startar fastlandsgutane å gradvis ta over kampen. Men bortsett frå mange dødballsituasjonar greier ikkje Norborg å skape nokon ting. På overtid av 1. omgang glepp det i Norborg sitt forsvar og Arild Bakke scorar frå 10 meters hald.

I 2. omgang gjer Norborg nokre grep for å prøve å snu kampen. Blant anna vart Geir Ove Grønli flytta opp på topp. Eit par minutt ut i omgangen får Norborg sin første skikkelege sjanse. Knut Ivar Bjørlykhaug slår perfekt i bakrommet til Kim Idar Krogsethagen som skyt over frå 16 meter. Ser vi vekk ifrå eit farleg frispark ifrå Kristian Søviknes ti minutt før slutt var dette den einaste sjansen Norborg skapte i kampen. Lepsøy på si side hadde fleire gode mogelegheiter, men ein opplagt Geir Roar Gamlem hindra fleire mål imot.

Norborg prøvde på slutten å legge trykk på Lepsøy og spelte med nærmast ein 3-3-4 formasjon, men med feilpasningar i hopetal greidde ein ikkje å true Lepsøy si leiing. Dermed ein fortent siger til Lepsøy.

Ps. I følgje pålitelege kjelde hadde Lepsøy allereie på laurdagskvelden taktikken klar for korleis ein skulle slå Norborg. Sidan taktikken ikkje dreier seg direkte om fotball så kan vi diverre ikkje skrive om den her.

Ein perfekt laurdag

Norborg – HaNo 1-0 (1-0)
Sjansar: 6-0

Mål: Kim Idar Krogsethagen (12)

Laget: Geir Roar Gamlem – Steffen Grytten, Geir Ove Grønli, Roger Grytten, Knut Ivar Bjørlykhaug – Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Eirik York – Alexander Gamlem (Espen Wold), Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Kvammen

Norborg tok kommandoen frå start av mot HaNo. Allereie etter 3 minutt kom Kim Idar Krogsethagen aleine med keeper, men avslutta rett på Thomas Gjerde i HaNo-buret. To minutt seinare får Tarjei Urkedal ein stor sjanse, men nok ein gong rett på Thomas. Etter 8 minutt fintar Kim Idar av nokre mann inne i 16 meteren, men greier ikkje å score frå kloss hald. Etter 12 minutt spel tek så oransjetrøyene ei fortent leiing ved Kim Idar. Men spørsmålet er om ballen nokon gong var over streken? – Ej veit ikkje ej, for Thomas låg oppå ballen, var Kim Idar sin kommentar etter kampen. Uansett, dommaren dømte mål og 1-0 til Norborg. I siste halvdel av omgangen roa Norborg seg utan at HaNo fekk sjansar av den grunn.

I 2. omgang var også Norborg best og skapte eit par gode mogelegheiter, men ein god Thomas hindra fleire baklengs for blåtrøyene. HaNo på si side skapte svært lite, og bortsett frå eit par halvsjansar fekk dei ikkje til nokon ting i ein kamp dei måtte vinne ettersom dei hadde spelt 2-2 mot Harøy i 1. kamp.

Harøy – Norborg 1-2 (0-1)
Sjansar: 1-7

Mål: Kim Idar Krogsethagen (13, 28)

Laget: Kurt Erik Grytten – Jan Even Drønnesund, Roger Grytten (Knut Ivar Bjørlykhaug), Kristian Furnes, Stig Wold – Tarjei Urkedal (Espen Wold), Kristian Søviknes, Eirik York – Geir Ove Grønli (Øystein Haugan), Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Kvammen (Alexander Gamlem)

Harøy måtte ha siger, mens Norborg berre trenge eitt poeng for å spele finale på søndagen. Norborg tok tidleg tak i kampen og skapte den første sjansen på eit skot ifrå 16 meter av Kim Idar Krogsethagen. Uret viste då 4 minutt. Minuttet etter gjekk ballen i mål, men det var annullert for offside. Dett annullerte målet kom etter at Kristian Søviknes slo eit frispark til Geir Ove Grønli som heada inn til Eirik York framfor mål som scora sikkert.

Minuttet seinare får Tarjei Urkedal ein stor sjanse etter innlegg frå Øyvind Kvammen, men headinga hans går i stolpen. Etter denne voldsame opninga av oransjetrøyene roa det seg ned nokre minutt. Etter eit kvarter får Øyvind Kvammen ballen inne i 16 meteren, han utfordrar backen og blir klart felt. Dermed straffe. Kim Idar Krogsethagen sette den sikkert i mål til 1-0.

Norborg fortsette å styre kampen og både Kim Idar, Geir Ove og Tarjei har gode sjansar til å auke leiinga. Like før pause var det nærast eit lite under at det ikkje vart mål. Geir Ove heada i stolpen frå 10 meter, Tarjei får returen og sette den utruleg nok over mål frå 1 meter. Dermed 1-0 til pause.

I 2. omgang går det berre 3 minutt før Kim Idar doblar leiinga. Frå 20 meter skyt han via ein harøying og i mål. Keeper Arve Myklebust fekk nokre fingrar på skotet, men måtte sjå ballen gå i mål til 2-0. Norborg skapar ikkje så mange sjansar i denne omgangen, men Espen Wold var nær ved å score då han heada eit innlegg frå bror Stig over mål frå 8 meter. Nokre minutt før slutt gir Stig Wold Harøy ein plass i bronsefinalen på aNo si bekostning då han skal spele tilbake til keeper. Pasninga var for svak og ein harøying snappar ballen og sette den mellom beina på Kurt Erik Grytten og i mål. Dermed 1-2 og Harøy er i bronsefinalen, mendan Norborg spelar finale.

Norborg spelte svært underhaldande og god fotball denne laurdagen og hadde i bunn og grunn få problemer med å ta seg til finalen. Det var spesielt midtbana med Kristian Søviknes i spissen som imponerte mest, og med ei midtbane som fungerte sat spelet både defensivt og offensivt.

Sluttstilling gruppespel:

Norborg 2-0-0 3-1 6
Harøy 0-1-1 3-4 1
HaNo 0-1-1 2-3 1

Sluttstilling gruppe 1:

Lepsøy 1-1-0 3-2 4
Fjørtoft 1-0-1 4-2 3
Ravn 0-1-1 1-4 1

Jumbofinale:

HaNo – Ravn 0-0, 4-3 str.

Bronsefinale:

Fjørtoft – Harøy 3-1

Finale:

Lepsøy – Norborg 1-0

HaNo til topps, Norborg sist

Norborg sitt damelag hadde resultatmessig ikkje noko god helg. Laget tapte alle kampane sine og enda sist. 1. plassen gjekk til HaNo.

Norborg sine kampar:

HaNo – Norborg 9-1 (4-0)

Mål: Jannike Ryssgård

Norborg hang brukbart med i delar av 1. omgang og kunne fort ha hatt eit par mål, men HaNo leia 4-0. Like etter pause fekk Jannike Ryssgård skikkeleg treff på ballen og smellte den klin i krysset til 1-4. – Herlig å få til noe sånt i kamp, sa Jannike etter kampen. Etter Norborg sitt reduseringsmål skrudde HaNo opp tempoet og ga seg ikkje før stillinga var 9-1.

Norborg – Brattvåg 0-2

Brattvåg var det førande laget og tok ein fortent siger. Norborg på si side skapte svært lite framover på bana.

Lepsøy – Norborg 4-2 (4-0)

Mål: Anne Marthe Søviknes og Henriette Johannessen

Dette var kampen der Norborg hadde størst håp om poeng, men ein skuffande svak 1. omgang ødela denne kampen. I 2. omgang spelte Norborg sin Træff-import Tonje, store delar av omgangen. Med ho på bana klarte ein å halde ballen i angrep og la press på Lepsøy. Fleire sjansar vart skapt, men det vart med Anne Marthe og Henriette sine mål.

Fjørtoft – Norborg 5-0 (0-0)

Norborg var ikkje så underlegne som resultatet tilseie. Faktisk skapte ein minst like mange sjansar som Fjørtoft, men med manglande effektivitet måtte ein gå mållause av bana. I 2. omgang scora Fjørtoft 5 mål, 3 av desse kom i ein 3 minuttsperiode. Dermed vart det 0 poeng til Norborg i denne turneringa, som mangla fleire av sine beste spelarar.

Sluttstlling (seriespel):

1. HaNo
2. Fjørtoft
3. Brattvåg
4. Lepsøy
5. Norborg