Norborg – Vigra 2-1 (1-0) |
|
Arena: Herd kunstgrasbane, 28.02.04
Tilskodarar: ca. 15 1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (45)1-1 Håvard Nordstrand (79) 2-1 Øyvind Kvammen (82) Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal) -5 Assistentdommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Kjell Erik Slinning (Herd) Norborg sine tre beste: Stein Erik Reitan -8 Christian Søvik -7 Roger Grytten -7 |
Laget: Geir Roar Gamlem Christian Søvik Geir Ove Grønli Roger Grytten – (Kenneth Vegsund, 85) Kristian Søviknes Eirik York – (Bjørn Urkedal, 70) Stein Erik Reitan Tarjei Gjerset Urkedal – (Knut Ivar Bjørlykhaug, 78) Steffen Grytten Kim Idar Krogsethagen Øyvind Kvammen |
Under strålande spelever på Herd kunstgras tok Norborg sin 5. strake siger i vinter då Vigra vart slått 2-1. Norborg leverte ein svært god 1. omgang og burde ha leia med meir enn det eine målet signert Tarjei Urkedal. Etter pause greidde ikkje Norborg å halde oppe tempoet, Vigra kom meir med og fekk også utlikne før Øyvind Kvammen vart matchvinnar for oransjetrøyene.
Det var Vigra som kom best i gang i denne vinterseriekampen på Herd kunstgras laurdag ettermiddag. Gultrøyene greidde å halde ballen inne på Norborg sin banehalvdel, men kom seg ikkje til sjansar.
Norborg tek over Når vi nærmar oss kvarteret spelt startar Norborg-maskina å ta over kampen. Tempoet blir skrudd opp og Vigra greier ikkje å henge med. Først frampå er Stein Erik Reitan. Han sender av garde ein ball frå høgre kant som går på oversida av tverrliggar og ut. Om det var skot eller innlegg Stein Erik prøvde på veit vi ikkje. Like etter får Kim Idar Krogsethagen ein stor sjanse. Han blir spelt igjennom frå høgresida og kjem aleine med Vigra sin keeper, men diverre viser han kor han skal skyte og keeper har ein enkel jobb med å redde. Nokre minutt etter får Kim Idar nok ein stor sjanse. Han fangar opp ein ball som blir spelt i bakrommet og på halvspretten prøver han seg på ein lobb over Vigra-keeperen frå 20 meter, men diverre for Norborg så går ballen like over mål. Normalt så sette Kim Idar desse sjansane, og Norborg-benken starta å lure på om bana var feil oppmerka. Vigra nær leiingNorborg fortsette å styre kampen med godt og raskt pasningsspel. Ved halvspelt omgang får Øyvind Kvammen ein bra sjanse, men keeper får avverja skotet til corner. Midt i den gode Norborg perioden er Vigra nær ved å ta leiinga på ei kontring. Ein Vigra-spelar spring frå Geir Ove Grønli og avsluttar frå om lag 16 meters hjørnet. Ballen trillar forbi Geir Roar Gamlem og mot mål, men heldigvis for oransjetrøyene så går ballen på feil side av stolpen og stillinga er stadig 0-0. Vi må også ta med at Roger Grytten truleg hadde greidd å avverja på streken om ballen skulle gå på innsida av stolpen. Redning på strek Ti minutt før pause får vi sjå eit nydeleg angrep regissert av Stein Erik Reitan. Først så slår han ein tunell på ein Vigra-spelar så slår han ei utsøkt pasning til Øyvind som fossar gjennom Vigra-forsvaret, men aleine med keeper greier han ikkje å score. Endeleg mål Etter å ha brent fleire store sjansar greier Norborg endeleg å ta leiinga i sluttsekunda av 1. omgang ved Tarjei Urkedal. Eirik York er mannen som startar angrepet med ei fin pasning ut til Christian Søvik på venstrekanten. Han bruker farta si, kjem seg ned til kortlinja og slår eit perfekt innlegg til Tarjei Urkedal som heada i mål frå kort hald. Dette var eit verdig punktum på ein svært god omgang av Norborg. God kontroll bakover og mange flotte angrep, men effektiviteten må betrast. Tarjei hindra Roger sjanse Etter kvila er det Norborg som får første sjansen. Roger Grytten vinn ballen på midten og avansera framover, slår nokre finter og skyt midt på ein vigring frå ca. 18 meter, men han får igjen ballen og har berre Tarjei mellom seg og keeper. Han snappar ballen frå Roger og skyt himmelhøgt over. Kommunikasjonsproblem får ta skylda for at denne sjansen vart spolert. Etter dette startar Vigra å ta over kampen, og etter fem minutt kjem Vigra seg igjennom, men Geir Roar avverjar. Ti minutt seinare er Vigra nok ein gong farleg frampå med ei heading frå 5-6 meters hald. Utruleg nok så går ballen utafor. Nok ei redning på strekOmtrent midtvegs i omgangen så kjem Norborg seg til to gode sjansar. Først reddar Vigra på strek etter ein Stein Erik corner, så blir Øyvind spelt igjennom av Tarjei, men aleine med keeper så tek Øyvind seg for god tid og ein forsvarar får tackla han i siste sekund. Kampen bølgjar no fram og tilbake, og 20 minutt før slutt kjem Vigra seg til ein gedigen sjanse på kontring. Ballen bli slått lågt inn i feltet frå høgresida og ein Vigra-spelar får stå heilt fritt på straffemerket å skyte. Skotet har imidlertid retning Gamlemsveten, altså høgt over. Minuttet etter er det Kim Idar som får ein god sjanse då han kjem seg fri frå Vigra-forsvaret, men kjem for tett oppi keeper og forsøket blir redda. Vigra utliknaKampen gjekk no inn i ein rolegare periode der ingen av laga greidde å skape noko framfor mål, men så, dryge ti minutt før slutt får Håvard Nordstrand rom like utafor 16 meteren. Han gjer ingen feil og sette ballen heilt inne ved stolpen til 1-1. Berre eit par minutt etter er Vigra nær ved å ta føringa i kampen etter ein corner, men Norborg får klarert. Mølen-show Så er det klart for “Mølen”-show. Christian mottar ballen på eigen banehalvdel, avansera framover og kjem seg til kortlinja. Legg inn til Edward Laverton som stussa ballen vidare til Øyvind som skyt i mål. 2-1 til Norborg, og basert på 2 omgangar var det fortent. I løpet av dei siste minutta kjem Vigra seg til to gode skotforsøk, medan Norborg er nær mål på ein corner. Fleire mål blir det likevel ikkje og Norborg kan juble for nok ein siger. Fortent siger Alt i alt ein fortent siger til Norborg. I 1. omgang viste ein klasse då ein tidvis utspelte ein av 4. divisjon sine fremste favorittar. Tempoet på ballen var bra, ein brukte midtbana og spelte disiplinert i forsvar. Etter pause mista midtbana grepet på kampen, og jobben for forsvaret vart straks verre. Vigra kom seg til ein del klare sjansar, men heldigvis for Norborg var effektiviteten hos gultrøyene heller dårleg. Noko den også var hos Norborg. To mål på tolv sjansar er for svakt. God “hummer” På Norborg synst vi Stein Erik Reitan gjorde ein veldig god kamp, spesielt i 1. omgang då han tidvis var glimrande. Christian Søvik hadde god kontroll på si venstreside og stod også bak begge måla. Elles har dei fleste mykje å gå på, og laget samla har stadig til gode å spele to gode omgangar i ein kamp. Når det skjer blir Norborg knakande gode. Neste kamp for Norborg er vinterseriekampen mot Godøy den 13. mars. Norborg vil med poeng i den kampen bli puljevinnar. |