Norborg – Skarbøvik 2. lag 2-0 (0-0) |
|
Arena: Norborg gras, 12.05.04
Tilskodarar: 150 1-0 Kim Idar Krogsethagen (54)2-0 Kim Idar Krogsethagen (81) Dommar: Frank Hansen (Godøy) – 7 Assistentdommarar: Oddmund Kaldhussæter (Blindheim) og Arild Steinsbu (AaFK) BB: Edward Laverton Positivt: Solid defensivt At ein skapte brukbart med sjanser i motvinden etter pausa Tre poeng Negativt: Angrepsspelet i 1. omgang |
Laget: Geir Roar Gamlem Asgeir Kalvø Christian Søvik Geir Ove Grønli Steffen Grytten Kristian Søviknes Roger Grytten Stein Erik Mårstøl Kim Idar Krogsethagen Edward Laverton Øyvind Kvammen – (Alexander Gamlem, 77) |
I ein lite underhaldande kamp vann Norborg fortent 2-0 over eit ungt SIF2-lag. Norborg styrte kampen i medvinden før pause, men skapte svært lite. Etter kvila skapte ein fleire sjansar og fekk to mål ved Kim Idar Krogsethagen.
Med nordavinden i ryggen tok Norborg umiddelbart eit lite initiativ i kampen, men skapar ingen farlege målsjansar den første halvtimen. Berre ei drøss med resultatlause hjørnespark og nesten sjansar. Etter 38 minutt noterer vi så den første klare sjansen, og den er det gjestane som skapar. Ein SIF-spelar får komme seg igjennom på venstresida og skjere inn mot mål, men Geir Roar Gamlem er fint ute med ein beinparade og får gitt til corner. Etter hjørnesparket får Norborg til ei god kontring. Kim Idar Krogsethagen spelar igjennom Kristian Søviknes, men SIF målvakt Per Espen Thorsen redda Kristian sitt forsøk. På overtid i 1. omgang får Norborg annullert eit mål for angrep på keeper.
Norborg tek føringa Etter pause er Norborg frampå med eit skot like over frå Kim Idar før minuttet var gått. Ti minutt ut i omgangen hadde så Kim Idar stilt inn skotfoten. Kristian pressar SIF sin venstreback til å slå ei feilpasning til Edward Laverton. Han passar vidare til Kim Idar som skyt i mål til 1-0 leiing. Eit par minutt seinare er Norborg nær ved å auke leiinga. Kristian kjem seg rundt på venstrekanten og slår inn på bakerste der Øyvind Kvammen dukka opp, men diverre går avslutninga hans utafor. Fantastisk dribleshow av Kim Skarbøvik2 har naturleg nok ballen mest i medvinden, men Norborg har full kontroll i dei bakre rekker. Ved halvspelt omgang får Øyvind ein ny sjanse, men nok ein gong går avslutninga utafor. Knappe ti minutt før slutt sette så Norborg spiker’n i kista. Stein Erik Mårstøl kom med ein perfekt stikker igjennom til Edward, men keeper Thorsen redda med ein beinparade. Edward får så igjen ballen, spelar til Kim Idar som driblar heile forsvaret, finter keeper på ræva å sette ballen trygt i mål. Eit fantastisk herleg mål av Kim Idar, som så absolutt har ei stigande formkurve. Snytt for straffe To minutt seinare vart Norborg snytt for straffe. Den elles gode dommaren ser ikkje Hany Suleiman sin hands innafor 16 meteren og let spelet gå vidare. Like før slutt er Norborg nær ved å auke leiinga då Alexander Gamlem får til eit godt volley skot, men keeper reddar og Norborg er ikkje vakne nok på returen. Dermed ebba kampen ut med 2-0. Det viktigaste for Norborg i denne kampen var å få tre poeng, samt trua på seg sjølv igjen etter fadesen i Sunnylven. Norborg spelte tolmodig og disiplinert, fekk to mål og hadde full kontroll på Skarbøvik2. Skryt til alle for den defensive jobbinga, offensivt var Edward veldig bra i 2. omgang, medan Kim Idar var tunga på vektskåla. Neste kamp er borte mot Vigra på Kristi Himmelfartsdag. |