Norborg – MSIL/LIL2 4-1 (2-1) |
|
Arena: Uggedal grus, 09.10.04
Tilskodarar: 38 1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (10)2-0 Edward Laverton (21) 2-1 Gunnar Molvær (str. 36) 3-1 Edward Laverton (61) 4-1 Tarjei Gjerset Urkedal (85) Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF) Assistentdommarar: Bjørn Marius Rørvik (AaFK) og Svein-Ole Sørensen (VRF) BB: Kim Idar Krogsethagen, Norborg Norborgs tre beste: Kim Idar Krogsethagen – 8 Tarjei Gjerset Urkedal – 8 Edward Laverton – 7 |
Laget: Kurt Erik Grytten – (Øystein Haugan, 86) Steffen Grytten – (Asgeir Kalvø, 74) Knut Ivar Bjørlykhaug Kim Idar Krogsethagen Jan Even Drønnesund – (Kristian Furnes, 67) – (Stein Erik Reitan, 79) Kristian Søviknes – (Alexander Gamlem, 46) – (Espen Solheim, 74) Eirik York Stein Erik Reitan – (Geir Magne Grande, 74) Tarjei Urkedal Edward Laverton Geir Ove Grønli |
To mål kvar av Tarjei Urkedal og Edward Laverton sørgja for at Norborg tok ein komfortabel 4-1 siger over MSIL/LIL2. Gjestane måtte ha siger for å overleve i divisjonen, men det var likevel Norborg som spelte med størst innsats og tok ein fortent siger.
Norborg har hatt ein sesong med svært mange skader og forfall. Til denne kampen mangla Øyvind Kvammen, Kenneth Vegsund, Roger Grytten og Christian Søvik. Sidan dei to sistnemnde var uaktuelle måtte trenarteamet nok ein gong forandre på forsvaret. Denne gong velgte ein å kjøre spiss og toppscorar Kim Idar Krogsethagen ned som midtstoppar. Ei oppgåve han løyste utmerket.
Norborg best i gong MSIL/LIL2 hadde mest å spele for, men det var likevel heimelaget som tok eit visst initiativ i kampen. Etter å ha skapt eit par nesten sjansar sette Tarjei Urkedal inn 1-0 etter 10 minutt. Angrepet var av beste merke. Geir Ove Grønli spelte fri Kristian Søviknes ute på venstrekanten. Han la godt inn framfor mål der Tarjei kom seg framføre oppassaren sin å sette ballen i mål frå 5 meter. Passivt forsvar- og keeperspel, men godt jobba av Tarjei. Laverton aukar Etter leiarmålet fortsette Norborg å vere det førande laget, og ved omtrent halvspelt omgang aukar Edward Laverton til 2-0. Han vart flott spelt igjennom av Stein Erik Reitan, og aleine med ein passiv keeper sette han ballen kontant i mål. Etter dette kom sulaværingane meir med, og keeper Kurt Erik Grytten måtte vise sitt beste då ein MSIL/LIL2-spelar kom igjennom. Kurt Erik redda forsøket med ei flott parering. Ny spenning Hos Norborg hadde både Geir Ove Grønli og Edward Laverton brukbare sjansar til å auke leiinga utan å lykkast. Ti minutt før pause kjem MSIL-spelar nr. 11 seg til ein god sjanse. Kurt Erik reddar først, men like etter er han for brutal i duellen og det blir idømt straffe. Kurt Erik får ei hand på Gunnar Molvær sitt forsøk, men ballen går likevel i mål og ny spenning. Ed i scoringsform I 2. omgang tok Norborg umiddelbart kommandoen, og Tarjei får to gode sjansar før 5 minutt var spelt. Diverre for heimelaget fann ikkje ballen nettmaskene. Etter eit drygt kvarter av omgangen slår Norborg ballen i bakrommet. Edward parkerer forsvaret, vinn duellen med keeper og sette ballen i det tomme buret til 3-1. Nokre minutt seinare får Norborg ballen i nota igjen då Geir Ove Grønli headar inn eit innlegg, men målet blir annullert grunna dytt i rygg. På slutten av kampen gjer Norborg mange bytter. Blant anna får Geir Magne Grande sin kamp nr. 50. Heimelaget fortsette å skape det som er, og 5 minutt før slutt fastsette Tarjei Urkedal sluttresultatet til 4-1 då han headar inn ein corner frå Eirik York. På Norborg gjorde Kim Idar Krogsethagen ein god jobb på uvant midtstopparplass. Tarjei Urkedal scora to mål og jobba godt gjennom 90 minutt. Skryt også til Edward Laverton for to mål. Dommar Tove Marie Tandstad gjorde ein god jobb i Uggedalen denne dagen. Med denne sigeren passerte Norborg Vigra og tok ein 5. plass. Noko som er tangering av fjortårets klubbrekord. |