Norborg – Godøy 1-3

Norborg – Godøy 1-3 (1-2)
5 sjansar 7
4 hjørnespark 3
0
1
0 0

Arena: Herd kunstgrasbane, 13.03.04

Tilskodarar: ca. 15

0-1 Trond Valkvæ (9)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (str. 21)
1-2 Vidar Westad (42)
1-3 Jan Arild Austnes (82)

Dommar:
Assistentdommarar:


Positivt:
At supportar Ronnie Gamlem spanderte sitrondrops på benken
At trenarane satsa friskt med svært offensiv tankegang mot slutten
At dette ikkje var ein seriekamp og vi er god for så mykje meir

Negativt:
Mange personlege feil
At ein ikkje greidde å utnytte luftstyrka til Grønli og Vegsund på slutten av kampen
At enkelte spelarar var meir opptatt av laurdagskvelden enn kampen

Laget:
Kurt Erik Grytten

Asgeir Kalvø
Christian Søvik
– (Geir Magne Grande, 81)
Roger Grytten
Knut Ivar Bjørlykhaug
– (Kristian Søviknes, 46)

Eirik York
– (Steffen Grytten, 46)
– (Christian Søvik, 85)

Kim Idar Krogsethagen
– (Stein Erik Reitan, 27)
Bjørn Urkedal
(Tarjei Urkedal, 46)

Alexander Gamlem
(Kenneth Vegsund, 76)
Geir Ove Grønli
Øyvind Kvammen
– (Knut Ivar Bjørlykhaug, 71)

Norborg gjekk på eit fortent 1-3 nederlag for Godøy i denne vinterseriekampen. Kampen var jamspelt, men Godøy var meir effektive framføre mål og verka litt meir på hogget enn oransjetrøyene.

Det var eksperimentenes kamp for Norborg laurdag. Det vart gjort store forandringar i forsvar med blant anna to 1. års juniorar på kvar sin sideback, Geir Ove Grønli var flytta fram frå forsvar til angrep, medan Kim Idar Krogsethagen var ankeret på midtbana, noko som fungerte bra den halvtimen han fekk vere på bana.

Starta bra
Norborg gjekk respektlaust til verks mot 3. divisjonslaget Godøy og fekk ein stor sjanse ved Geir Ove Grønli allereie før minuttet var gått. Fem minutt seinare fekk samme mann sjansen igjen. Knut Ivar Bjørlykhaug legg godt inn, Øyvind Kvammen stussa ballen vidare til Grønli som heada over frå 7-8 meters hald.

Mål på dødball
Det var likevel Godøy som skulle ta leiinga i kampen då dei har fått frispark frå 20 meter. Trond Valkvæ stille inn sikte, skyt forbi muren og i mål inne ved stolpen. Frå vår posisjon såg det ut som Kurt Erik Grytten burde ha redda. Ti minutt seinare er det klart for nok eit dødball mål. Denne gongen på straffe etter at Øyvind Kvammen vart felt. Kim Idar har blitt ein svært sikker straffeskyttar den siste tida, og gjer heller ingen feil denne gongen. Dermed 1-1. Kim Idar måtte diverre ut med skade like etter utlikninga. Truleg er Kim Idar tilbake til neste kamp.

Godøy startar no å få eit lite initiativ i kampen. Dei er stadig litt framføre i duellane og Norborg blir springande litt imellom. Det er likevel Norborg som kjem seg til den neste sjansen. Grønli kjem seg igjennom forsvaret, men sjansen renn ut i ein resultatlaus corner.

Ny Godøy leiing

I løpet av dei siste ti minutta får Godøy to store sjansar. Først er det Roger Grytten som er i det snille hjørnet og gir Godøy ballen på 25 meter. Godøy-spissen rundar Kurt Erik men presterer å skyte i nettveggen. Englevakt for Norborg og stadig 1-1. Like etter vinn storvaksne Henning Dyb ballen midt inne på Norborg sin banehalvdel. an finter vekk ein spelar og spelar igjennom Vidar Westad. Han gjer ingen feil frå 12-13 meter og skyt i mål.

I pausen bytter Norborg tre mann. Kristian Søviknes kjem inn på høgreback, medan Steffen Grytten og Tarjei Urkedal kjem inn på midtbana. Norborg har dermed bytta heile midtbana frå det som starta kampen.

Norborg bakpå
Godøy starta best etter kvilen. Dei er meir aggressive, vinn duellane og kjem seg til fleire halvsjansar dei første ti minutta. Etterkvart startar Norborg å vinne fleire duellar og kjem seg høgare opp på bana. Men det vert for mykje småspel på midtbana og ein greier ikkje å kome seg til sjansar. Det gjer Godøy når vi passera tjue minutt av 2. omgang. Ein Godøy-spiss kjem på kanten av 16 meteren, men skotet tek Kurt Erik seg av å redda med ein flott beinparade.

To i tverrliggar
I dei siste 20 minutta sende Norborg stadig fleire spelarar i angrep, og opptrer i ein slags 4-2-4 formasjon. Dette gir nesten resultat. Først skyt Steffen i tverrliggjaren, så headar Tarjei eit Knut Ivar innlegg i samme aluminiumet. Norborg hadde her fortent ei utlikning. Men så spaknar oransjetrøyene og Godøy har full kontroll det siste kvarteret, trass fleire offensive forsøk frå benken. Norborg la om til ein 3-3-1-3 formasjon dei siste minutta, med storvaksne Grønli og Kenneth Vegsund som spiss og tilbaketrekt spiss. Men denne luftstyrken vart utnytta svært dårleg. I staden for å løfte ballen inn i 16 meteren, vart det mest småspel på midtbana.

Austnes punkterer kampen
Så i staden for utlikning er det Godøy og Jan Arild Austnes som aukar leiinga til 3-1 då han får ein enkel jobb aleine med Kurt Erik. Heilt på slutten er Trond Valkvæ nær ved å auke leiinga nok ein gong, men skyt utafor frå svært god posisjon. Dermed vart det 3-1 til Godøy, og Norborg gjekk på sitt første tap for året.

Lite stemte
Norborg fekk lite til å stemme i denne kampen. Fleire av spelarane hadde ein dårleg dag og mangla overskot. Det vart også gjort usedvanleg mange feilval og dette førte til at ein aldri kom inn i ein skikkeleg angrepsrytme.

Godøy har eit spennande lag på gang og som i fjor haust viste dei seg som eit meir effektivt lag enn Norborg. Dei har nokre fysisk sterke spelarar som i tillegg har god teknikk, og dersom laget får ein god start kan dei ha gode sjansar til å overleve i 3. divisjon. Men då må dei heve seg eit par hakk enn det dei viste laurdag. Dei fleste sjansane vart nemleg skapt på grunn av slurv hos Norborg.

Neste laurdag tek Norborg turen til Molde for å møte Træff sitt 2. lag.