Norborg – ÅVK 3-2

Norborg – Åram/Van.kam 3-2 (2-0)
9 sjansar 6
5 hjørnespark 4
2
3
0 0

Arena: Norborg gras, 24.04.04

Tilskodarar: 220

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (4)
2-0 Øyvind Kvammen (6)
2-1 Ole Per Kragset (48)
3-1 Tarjei Gjerset Urkedal (57)
3-2 Ole Per Kragset (64)

Ole Teodor Hovden (ÅVK), Tore-Johan Ytre-Hauge (ÅVK), Ole Per Kragset (ÅVK),
Kim Idar Krogsethagen (Norborg) og Geir Ove Grønli (Norborg)

Norborgs beste: Tarjei Gjerset Urkedal – 8

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal) -5
Assistentdommarar:
Zenun Murati (Giske) og Ernst Myhre (Spjelkavik)

Positivt:
Tre mål og tre poeng på ein litt dårleg dag
At ÅVK berre spelte seg fram til 5-6 målsjansar
At 220 personar møtte opp i regnveret
Asgeir Kalvø si matchvinnartackling like før slutt

Negativt:
Mange personlege feil i 2. omgang
To lettkjøpte mål til ÅVK

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
– (Jan Even Drønnesund, 82)
Geir Ove Grønli
Kenneth Vegsund
Asgeir Kalvø

Eirik York
Roger Grytten
Tarjei Gjerset Urkedal

Kristian Søviknes
Edward Laverton
– (Kim Idar Krogsethagen, 46)
Øyvind Kvammen
– (Kenneth Gamlem, 85)

Karakterar:
Tarjei Urkedal -8
Asgeir Kalvø -7
Christian Søvik -7


Norborg tok tre viktige poeng i serieopninga på ein spelemessig dårleg dag. Norborg opna kampen svært godt og leia 2-0 før 6 minutt var spelt, og hadde god kontroll resten av omgangen. Etter pause kom ÅVK inn i kampen, men heimelaget rodde i land sigeren.

Etter jamne opningsminutt med kjemping på midtbana får Norborg til to flotte angrep som resulterer i mål. Først headar Kristian Søviknes inn til Edward Laverton som legg ballen til rette for Tarjei Urkedal på 20 meter. Han ser at Trond Helge Takset i ÅVK målet står litt langt ute å legg ballen i ei perfekt boge over keeper og ned i krysset. Ikkje lenge etter slår Roger Grytten ballen perfekt mellom stoppar og back til Øyvind Kvammen som kjem på løp ute på høgresida. Aleine med keeper gjer Øyvind ingen feil å sette ballen i lengste til 2-0 leiing.

God kontroll ut omgangen
Etter desse to minutta med flott fotball av Norborg fell kvaliteten på spelet. Bana er sleip og ujamn og må ta ein del av skylda for at pasningane ofte blir upresise. Heimelaget har likevel god kontroll på ÅVK i resten av omgangen, og skaper det meste av det som skjer framføre mål. Blant anna headar Christian Søvik over mål frå kloss hald, medan Roger får overraskande til eit skikkeleg godt venstrebeinskot frå over 20 meter, men ballen gjekk stolpe ut. ÅVK sin største og einaste skikkelege målsjanse i 1. omgang var det Bjørn Ove Åland som fekk då han avslutta like utafor frå 13-14 meter.

ÅVK hardt ut
Etter kvila gjekk ÅVK hardt ut å pressa Norborg tilbake på bana. Allereie tre minutt ut i omgangen fekk ÅVK løn for strevet på eit frispark frå ca. 20 meter av rutinerte Ole Per Kragset. I fjor sette han frisparket lågt inne ved nærmaste stolpe, denne gongen sette han ballen hardt i keeperhjørnet.

Den flygande bonde
Norborg kom seg raskt til hektene og tok over kampen etter reduseringa. Første store sjansen til heimelaget i 2. omgang kom etter ein godt slått corner av Kristian Søviknes. Etter rot framfor Takset i ÅVK målet får både Geir Ove Grønli og Christian Søvik sjansen til å score, men avslutningane vart hindra. Fem minutt seinare auka likevel Norborg leiinga. Nok ein gong oppstår sjansen på corner. Kristian slår hardt inn framfor mål der Tarjei flyg høgast å headar inn 3-1.

Kragset på ny
Etter knappe 65 minutt skapar Ole Per Kragset igjen spenning i kampen. Norborg mister ballen ute på høgresida og ein ÅVK-spelar legg inn framfor mål. Kenneth Vegsund blir akkurat for seint til å hindre legget og ÅVK får ein to mot ein situasjon med Christian Søvik. Christian hindrar det første forsøket, men ballen rullar til Ole Per Kragset som aleine med Geir Roar Gamlem iskaldt sette ballen mellom beina på han og i mål.

Berre eit par minutt seinare får Kenneth Vegsund ein gedigen sjanse etter ein corner. Ballen kjem litt overraskande fram til han på bakarste stolpe, og for ope mål sette han ballen i nettveggen frå 3 meters hald. ÅVK jagar for utlikning og står høgt med laget, men det er likevel Norborg som kjem seg til dei kvassaste sjansane. Både Kim Idar Krogsethagen og Kristian Søviknes får gode skotmogelegheiter, men avslutningane er ikkje bra nok.

Norborg bakpå
I dei siste ti minutta har Norborg store problem med å kome seg opp på bana. Eit aggressivt ÅVK-lag og upresise pasningar er grunnen til dette. ÅVK trykker på, men bortsett frå ein gedigen sjanse til Ole Per Kragset på ei heading frå kloss hald, skapar ikkje ÅVK det heilt store. Dermed beheld oransjetrøyene alle poenga heime i Norborgland.

Siger på dårleg dag
Norborg spelte ingen optimal kamp, men fekk med seg tre poeng i møtet med eit godt Åram/VFK lag. Ein mista ballen for lett framme på bana gjennom mislykka driblingar og svakt pasningsspel. Gjestane var teknisk dyktig å lot Norborg bruke krefter på å springe etter ballen på midtbana, men trass dette var det heimelaget som skapte dei fleste sjansane og tok alt i alt ein fortent siger.

På Norborg synest vi forsvarsfiraren gjorde ein solid jobb, samt Tarjei Gjerset Urkedal som ikkje berre scora to flotte mål, men også jobba utrøytteleg gjennom heile kampen.

Flott at 220 personar fann vegen til Søvikdalen i regnveret. Stemninga var god der ungane fekk gratis is og Sparkebanken Møre sin maskot Tare skapte triveleg atmosfære og delte ut mange drops.

Trenar Øystein Haugan sin kommentar:
– Tre poeng på ein dårleg dag. Vi spelte vår dårlegaste kamp på lenge, men dersom trenden blir at vi også vinn på dårlege dagar er det positivt. ÅVK har eit godt lag, som er svært dyktig med ballen i beina og lot oss springe mykje imellom. All honnør til dei.

Neste kamp for Norborg er borte mot Stranda 1. mai.