Molde junior – Norborg 1-8 (1-5)
Lubbenes kunstgras, 07.04.04
4 sjansar 24
2 hjørnespark 11
0-1 Eirik York (2)
0-2 Eirik York (6)
0-3 Christian Søvik (10)
0-4 Edward Laverton (19)
0-5 Tarjei Urkedal (21)
1-5 ? (28)
1-6 Espen Soheim (54)
1-7 Samir Sahman (71)
1-8 Kristian Søviknes (86)
Gult kort: Geir Ove Grønli
Laget: Kurt Erik Grytten (Geir Roar Gamlem, 46) – Christian Søvik (Geir Magne Grande, 61), Kenneth Vegsund (Knut Ivar Bjørlykhaug, 61), Geir Ove Grønli, Kristian Søviknes (Jan Even Drønnesund, 61) – Eirik York (Asgeir Kalvø, 61), Roger Grytten, Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 76) (Christian Søvik, 86) – Alexander Gamlem (Espen Solheim, 40), Edward Laverton (Samir Sahman, 61), Øyvind Kvammen (Adrian Håbet, 61)
Norborg spelte ball i hatt med Molde sine juniorar på Lubbenes kunstgrasbane onsdag og vann 8-1. Blant målscorarane fann vi gutespelarane Espen Solheim og Samir Sahman.
Før kampen klaga mange norborgarar på slitne bein etter 4 økter på to dager, men når kampen kom i gang var det ingenting som tyda på det. Laget gjekk ut i eit enormt tempo og punkterte i realiteten kampen før ti minutt var spelt med tre mål.
Søskenbarn i fokus
Det var søskenbarna Eirik York og Tarjei Urkedal som hadde hovudrollene på dei to første måla til Norborg. I begge tilfella heada Eirik ballen i mål etter innlegg frå Tarjei. To flotte mål som kom på grunn av høgt tempo på ball, stor rørsle og presise innlegg. Berre seks minutt var då gått av kampen.
Norborg fortsette å valse over dei blå og etter ti minutt var det klart for 3-0. Kristian Søviknes slår eit presist frispark på hovudet til Christian Søvik som enkelt headar i mål. Så går det “heile” 9 minutt før neste mål. Edward Laverton mottar ballen, rykker forbi oppassaren sin og scora sikkert til 4-0. Like etter blir det 5-0. Roger Grytten får ballen på eigen halvdel, avansera framover, finter vekk ein del mann og spelar igjennom til Tarjei som enkelt puttar aleine med keeper.
MFK meir med
I andre halvdel av 1. omgang så fell intensiteten hos Norborg og ein blir sløvare i pressleddet. Dette gjer at MFK får låne ballen og skapar eit par sjansar. På den første er Kurt Erik Grytten godt med å redda, men så må han gi tapt. Ein MFK-spelar blir spelt igjennom på høgrekanten og legg lågt ut i feltet der ein MFK-spelar upressa får skyte i mål. På slutten av omgangen vakna Norborg igjen og skaper tre store sjansar, men ingen mål. I det 40. minutt entra også gutespelar Espen Solheim bana for sin a-lagsdebut.
Gutespelarar stel showet
Etter kvila fortsette Norborg å styre kampen og 6-1 målet let ikkje vente lenge på seg. Kristian legg inn til debutant Espen som dunkar ballen under tverrliggjaren til stor jubel frå benken. Norborg produserer sjansar på løpande band, og både Øyvind, Espen og Tarjei kjem seg til store sjansar, men utan resultat. Men så etter 71 minutt får vi 7-1, og nok ein gong er det ein gutespelar som teiknar seg på scoringslista. Espen legg ein utsøkt corner på hovudet til Samir Sahman som scora sikkert.
I løpet av det siste kvarteret kjem både Samir og Asgeir Kalvø seg til gode mogelegheiter utan å score. Også MFK får eit par sjansar, men Geir Roar Gamlem redda glimrande. Like før slutt sette Kristian Søviknes inn 8-1. Han får ein fin ball frå Roger, skjer inn mot mål å sette ballen i lengste.
Totalt sett gjorde Norborg ein bra kamp, men motstanden var svak og ein burde strengt talt ha vunne mykje meir. Neste oppgåve for oransjetrøyene er 17. april mot Lepsøy.