Tidenes Norborg prestasjon!
Norborg sitt herrelag gjorde ein svært god figur under årets sluttspel i Rica Parkett Cup (inne-KM) på Åheim, og fekk med seg 4 poeng og 6-6 i målforskjell på dei 3 kampane. Hadde ein i løpet av turneringa greidd å scora eitt mål til så hadde bronsefinale vore eit faktum. Likevel, ein 5. plass i årets inne-KM må seiast å vere tidenes prestasjon i Norborgsk herrefotball.
Norborg si gruppe:
AaFK – Norborg | 5-2 |
Spjelkavik – Langevåg | 1-5 |
Spjelkavik – AaFK | 8-10 |
Langevåg – Norborg | 1-1 |
Norborg – Spjelkavik | 3-0 |
Langevåg – AaFK | 0-3 |
Tabell
AaFK | 3 | 3-0-0 | 18-10 | 9 |
Langevåg | 3 | 1-1-1 | 6-5 | 4 |
Norborg | 3 | 1-1-1 | 6-6 | 4 |
Spjelkavik | 3 | 0-0-3 | 9-18 | 0 |
Norborg sine kampar:
Nesten på talefot med AaFK
AaFK – Norborg 5-2
0-1 Tarjei Urkedal (1.40)
1-1 Frode Fagermo (4.46)
1-2 Christian Søvik (10.17)
2-2 Erlend Holm (12.10)
3-2 Lasse Olsen (13.31)
4-2 Lasse Olsen (19.22)
5-2 Krister Flytøren (22.50)
Norborg strutta av sjølvtillit og tok like godt leiinga mot sine meir profilerte motspelarar frå Aalesunds FK. Målet kom ved Tarjei Urkedal etter godt forarbeid av Kim Idar Krogsethagen. Gleda varte likevel ikkje lenge. Tre minutt seinare utlikna Frode Fagermo for AaFK. Norborg ga seg ikkje av den grunn og spelte taktisk klokt. Dryge ti minutt ut i kampen gir så Christian Søvik oransjetrøyene leiinga på nytt med eit velplassert skot. Leiinga varte i ca. 2 minutt då Erlend Holm utlikna. Så starta Norborg å gjere feil. Først er keeper Kurt Erik Grytten lite bestemt og Lasse Olsen kan heade inn 3-2. I dei neste minutta kjem Norborg seg til nokre store sjansar, men i staden for utlikning sette Kurt Erik ballen rett i beinet på Lasse Olsen og ballen trillar i mål.På slutten aukar Krister Flytøren AaFK si leiing til 5-2. Alt i alt ein brukbar kamp av Norborg, men ein hadde litt for stor respekt og for høge skuldrer til at ein fekk poeng.
Skapte mest
Langevåg – Norborg 1-1
1-0 Vedlog (1.50)
1-1 Edward Laverton (20.33)
Langevåg tok tidleg leiinga i denne kampen, men etter dette styrte Norborg det meste. Langevåg la seg bakpå og lot Norborg få halde på ballen. Norborg skapte fleire gode sjansar, men målet kom ikkje før 4,5 minutt før slutt då Edward Laverton sette ballen i mål. Alt i alt så skapte Norborg mest sjølv om Langevåg hadde nokre farlege kontringar.
Heroisk innsats ga siger
Norborg – Spjelkavik 3-0
1-0 Eirik York (3.25)
2-0 Tarjei Urkedal (13.20)
3-0 Tarjei Urkedal (21.51)
Norborg måtte vinne for å ha håp om ein plass i bronsefinalen. Spjelkavik starta kampen best, og kom seg farleg nær mål ved eit par høve, men så viste Norborg sin egen lille store “babb” seg fram å sette inn 1-0 på eit godt skot. Spjelkavik fortsette å styre spelet, medan Norborg spelte taktisk klokt å låg bakpå. Ti minutt seinare sette så Tarjei Urkedal inn 2-0 aleine med keeper. Etter dette kom Spjelkavik seg til nokre store sjansar, men Kurt Erik Grytten som ein levande vegg. Tre minutt før slutt punkterer Tarjei kampen med si andre scoring og Norborg var i ekstase. På slutten var Norborg svært nær eit fjerde mål, men diverre vart avslutningane for dårleg. Alt i alt ein taktisk siger av Norborg, samtidig som ein må berømme alle spelarane for heroisk innsats!
Sidan Aalesunds FK berre vann 3-0 over Langevåg gjekk ikkje Norborg vidare til bronsefinale. Sjølv om dette var litt bittert når sluttsignalet i den kampen gjekk, så var alle blide og fornøgde når ein starta på heimturen.
Gruppe 1
Hareid – Volda | 2-2 |
Brattvåg – Godøy | 3-7 |
Volda – Brattvåg | 2-1 |
Godøy – Hareid | 1-4 |
Godøy – Volda | 4-5 |
Hareid – Brattvåg | 5-5 |
Volda | 3 | 2-1-0 | 9-7 | 7 |
Hareid | 3 | 1-2-0 | 11-8 | 5 |
Godøy | 3 | 1-0-2 | 12-12 | 3 |
Brattvåg | 3 | 0-1-2 | 9-14 | 1 |
Som spådd på førehand vart dette ei jamn og spennande gruppe. Volda trakk til slutt det lengste strået og tok seg til finale. Hareid hadde sjansen i siste kamp mot Brattvåg, men fann aldri rytma i ein kamp gultrøyene viste seg fram frå ei positiv side.
Bronsefinale:
Hareid – Langevåg 4-1
Finale:
Volda – AaFK 3-1
Sluttspelstabellen:
Volda | 4 | 3-1-0 | 12-8 | 10 |
AaFK | 4 | 3-0-1 | 19-13 | 9 |
Hareid | 4 | 2-2-0 | 15-9 | 8 |
Langevåg | 4 | 1-1-2 | 7-9 | 4 |
Norborg | 3 | 1-1-1 | 6-6 | 4 |
Godøy | 3 | 1-0-2 | 12-12 | 3 |
Brattvåg | 3 | 0-1-2 | 9-14 | 1 |
Spjelkavik | 3 | 0-0-3 | 9-18 | 0 |
Toppscorarar:
Lasse Olsen og Krister Flytøren, begge AaFK, 5 mål
Norborg sine målscorarar:
Tarjei Urkedal | 3 |
Christian Søvik | 1 |
Edward Laverton | 1 |
Eirik York | 1 |
Vi gratulerer Volda med gullet og Åheim IL for eit fint meisterskap!