Gjekk vidare til sluttspelet
Norborg1 gjekk vidare frå det innleiande gruppespelet i inne-KM som vart spelt i Brattvåghallen i dag.
Sluttspelet går i Olivinhallen 4. desember.
Norborg sine kampar:
Norborg1 – Brattvåg2 5-1
Mål: Tarjei Urkedal 2, Roger Grytten 2 og Kim Idar Krogsethagen
Norborg var det førande laget gjennom heile kampen og tok ein fortent siger over Brattvåg sine nest beste.
Fjørtoft – Norborg1 2-18
Mål: Edward Laverton 5, Stein Erik Reitan 3, Roger Grytten 2, Eirik York 2, Tarjei Urkedal 2, Christian Søvik 2, Kim Idar Krogsethagen og Steffen Grytten
Sidan Brattvåg2 hadde slått Valder i kampen føre så satsa Norborg alt på å vinne med kallassiffer mot Fjørtoft. Det målet vart nådd. Norborg tok kommandoen frå start av og leia 8-0 før Fjørtoft fekk til ei redusering. Dette er Norborg sin største siger nokon gong. Edward Laverton stod for heile 5 av måla medan Stein Erik Reitan preseterte å score på eit skot med venstrefoten!
Valder1-Norborg1 5-4
0-1 Tarjei Urkedal
1-1 Ronny Jønsson
2-1 Dag Erik Jønsson
2-2 Kim Idar Krogsethagen
3-2 Bjarte Tomren
4-2 ?
5-2 ?
5-3 Kim Idar Krogsethagen
5-4 Kim Idar Krogsethagen
Valder viste seg som det mest effektive laget i “gruppefinale 1” mot Norborg. Oransjetrøyene tok leiinga ved Tarjei Urkedal og samme mann hadde også gedigne sjansar til å auke leiinga. Slik gjekk det ikkje og Valder fekk to mål. Norborg kom likevel tilbake ved Kim Idar Krogsethagen, men så fall Norborg fullstendig i sammen og Valder fekk tre raske mål. I sluttminutta pressa Norborg hardt på og fekk to raske reduseringar, men det fysisk sterke Valder-laget rodde i land sigeren i ein kamp Norborg hadde fortent poeng.
Norborg1-Skodje 5-4
0-1 Trond Ytreberg
1-1 Tarjei Urkedal
1-2 Lovde Rune Beite
2-2 Stein Erik Reitan
3-2 Roger Grytten
4-2 Tarjei Urkedal
4-3 ?
4-4 ?
5-4 Tarjei Urkedal
Gult kort: Kim Idar Krogsethagen
Norborg1 fekk lite til mot Skodje og kan takke stolpane for sigeren. Skodje kom best i gang og leia både 1-0 og 2-1 før Norborg vakna å scora tre raske mål før ein igjen sovna og lot Skodje få komme inn igjen i kampen. Eit par minutt før slutt sikra Tarjei Urkedal ein 5-4 siger til Norborg. Skodje hadde blant anna 3 skot i stolpen samt at Kurt Erik Grytten gjorde eit par fantomredningar.
Etter sigeren over Skodje måtte Norborg vente på at kampen Valder-Fjørtoft var ferdig før ein kunne juble for avansement til sluttspelet. Valder måtte vinne med 19 mål for å gå vidare. Fjørtoft kjempa heroisk og tok leiinga tidleg i kampen. Stillinga ved halvspelt kamp var 3-3 og norborgarane sine nerver kunne roe seg. Valder vann til slutt 14-3 og måtte ta til takke med 2. plassen.
Tabell
Norborg 32-12 9 poeng
Valder 28-16 9 poeng
Skodje 27-18 6 poeng
Brattvåg2 20-22 6 poeng
Fjørtoft 12-51 0 poeng
Målscorarar:
Tarjei Urkedal 8 mål
Kim Idar Krogsethagen 5 mål
Edward Laverton 5 mål
Roger Grytten 5 mål
Stein Erik Reitan 4 mål
Christian Søvik 2 mål
Eirik York 2 mål
Norborg2 slått ut
Norborg2 hadde håp om å gjere det heilt store i det innleiande spelet av Rica Parkett Cup i Brattvåghallen, men vart eit nummer for små.
Norborg2 sine kampar:
Hildre – Norborg2 1-10
Mål: Asgeir Kalvø 5, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kristian Søviknes, Jan Even Drønnesund, Biarte Hånes og Geir Ove Grønli
Norborg2 tok kommandoen frå start av og leia 6-0 etter 10 minutt. I dei siste 17 minutta vart det litt sløvare, men det hindra likevel ikkje ein komfortabel siger. 17 åringen Asgeir Kalvø var kampens store spelar med 5 mål.
Norborg2 – Brattvåg 1-5
0-1 Stian Hatlehol
0-2 Øyvind Kjerstad
0-3 Arnel Colic
0-4 Ståle Hurlen
0-5 Øyvind Kjerstad
1-5 Geir Magne Grande
Norborg2 var lenge inne i kampen mykje takka vere suverent keeperspel av Geir Roar Gamlem, men til slutt vart overmakta for stor og Brattvåg tok ein komfortabel siger. Geir Magne Grande scora Norborg2 sitt trøstemål på eit godt skot ifrå langt hald.
Lepsøy – Norborg2 9-6
0-1 Erlend Farstad
0-2 Guttorm Kjerstad
1-2 Asgeir Kalvø
1-3 Svein Ove Farstad
2-3 Kristian Søviknes
3-3 Biarte Hånes
3-4 Frank Gjerde
3-5 Svein Ove Farstad
4-5 Kristian Søviknes
5-5 Kristian Søviknes (str.)
6-5 Geir Ove Grønli
6-6 Svein Ove Farstad
6-7 Frank Gjerde
6-8 Frank Gjerde
6-9 Geir Seth
Norborg2 styrte det meste av banespelet, men vart hardt straffa av sløvt forsvarsspel. Lepsøy tok leiinga både 2-0, 3-1 og 5-3, men Norborg2 ga ikkje opp å kom tilbake kvar gong. Då ein snudde kampen med tre raske mål og gjekk opp i 6-5 leiing trudde dei fleste at det var oransjetrøyene som skulle stikke av med poenga. Men så glømte ein å spele forsvar og Lepsøy putta heile 4 gongar i sluttminutta. Dermed eit litt bittert tap for Norborg2.
Norborg2 – Vigra 4-11
1-0 Asgeir Kalvø
1-1 Nils Jonny Roald
1-2 Håvard Nordstrand
1-3 Bjørn Erik Rørvik
1-4 Kenneth Kjevik
2-4 Jan Even Drønnesund
2-5 Alexander ?
3-5 Jan Even Drønnesund
3-6 Håvard Nordstrand
4-6 Geir Ove Grønli
4-7 Rørvik
4-8 Håkon ?
4-9 Nordstrand
4-10 Nordstrand
4-11 Rørvik
Norborg2 gjekk friskt ut å tok leiinga i kampen, men gleda varte ikkje lenge. Vigra utlikna i angrepet etter og snudde raskt kampen til 4-1. Norborg2 hang likevel brukbart med til 4-6, men i siste halvdel av kampen rakna laget og ein måtte gå av bana med 4-11 i sekken.
Med tanke på at dei fleste spelarane på laget knapt nok har vist seg på trening den siste månaden så gjorde Norborg sine nest beste ei brukbar turnering. Diverre for Norborg vart juniorane Amund Terøy og Kristian Furnes skada tidleg i turneringa. Ein håper no at dei skal bli klare til junior-KM om to veker.
Tabell
Brattvåg1 36-8 12
Vigra____ 29-19 9
Lepsøy__. 27-27 6
Norborg2_ 21-26 3
Hildre…….. 8-41 0
Målscorarar:
Asgeir Kalvø 7 mål
Kristian Søviknes 4 mål
Jan Even Drønnesund 3 mål
Geir Ove Grønli 3 mål
Biarte Hånes 2 mål
Knut Ivar Bjørlykhaug 1 mål
Geir Magne Grande 1 mål
Laget: Geir Roar Gamlem, Kristian Søviknes, Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø, Geir Ove Grønli, Geir Magne Grande, Kristian Furnes, Jan Even Drønnesund og Biarte Hånes. Amund Terøy vart skada før kampane tok til.