HaNo – Norborg 1-1

HaNo – Norborg 1-1 (1-1)
4 sjansar 5
4 hjørnespark 4
1
4
0 0

Arena: Haramsøy gras, 04.06.04

Tilskodarar: 191 betalande

1-0 Lars Petter Haram (26)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (36)

Dommar: Tor Bjermeland (Herd) – 3
Assistentdommarar: Morten Andre Stokke (Valder) og Zenun Murati (Giske)

Positivt:
Innsats
Defensiv jobbing
Supporterane

Negativt:
Upresise oppspel

Laget:
Kurt Erik Grytten

Christian Søvik
Roger Grytten
Kenneth Vegsund
Steffen Grytten


Kristian Søviknes
– (Øyvind Kvammen, 85)
Eirik York
Stein Erik Mårstøl
Tarjei Urkedal

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Edward Laverton, 77)

Det vart 1-1 i ein sjansefattig, men tett og spennande kamp mellom 4. divisjonsrivalane frå Haram. Begge måla kom før pause. HaNo tok leiinga i ved Lars Petter Haram, men Kim Idar Krogsethagen fiksa eitt poeng for oransjetrøyene.

Mange oransje
Alt låg til rette for fest på Haramsøy gras denne fredagskvelden. Allereie på Skjelten ferjekai fekk vi ei svært positiv kjensle, for der stod 50-60 Norborg-supporterar å venta på å erobre Haramsøya. Supporterar som under kampen heilt klart var mest høglydt, trass i at HaNo har Stø-Leif.

Back to basic
Norborg har sleppt inn mange mål i dei to siste bortekampane og då spesielt i starten av kampane. Laget hadde difor vald å gå bort ifrå 4-3-3 oppstilling og prioriterte meir det defensive frå start av. Roger Grytten vart flytta ned igjen i midtforsvaret og Geir Ove Grønli vart flytta opp i angrepet. Det var altså meir eller mindre “back to basic” for Norborg i denne kampen.

Sjansefattig opning
Opninga av kampen var prega av høg aggressivitet og litt for oppjaga tempo til at det vart godt spel. HaNo var det laget som hadde eit lite initiativ i starten, men utan å skape sjansar. Eit frispark lagt hardt inn i feltet og eit par hjørnespark var det einaste som vart skapt dei første ti minutta.

“Snesen” nær mål
Etter eit kvarters spel starta Norborg å vakne offensivt også. Steffen Grytten kjem på løp ute på høgrekanten, får ballen og kjem seg rundt HaNo sin back. Innlegget er perfekt og når Kristian Søviknes sitt hovud, men diverre blir headinga enkel mat for Thomas Gjerde i HaNo-buret. Like etter er Kristian frampå med eit skot, men utafor. Etter 20 minutt ropar HaNo på straffe då Stian A. Haram gjekk i bakken, men dommar Tor Bjermeland vinka spelet vidare.

Uheldig mål imot
Norborg ser ut til å ha kontroll på heimelaget og har eit lite initiativ i kampen, men oppspela blir diverre litt for upresise til at det kjem sjansar ut av det. I staden er det HaNo som får frispark utafor hjørnet av Norborg sin 16 meter, og det etter at Norborg skulle ha hatt frispark lengre opp på bana i trekket før. Kenneth Ulla legg frisparket hardt rett på Kurt Erik Grytten, som er uheldig å gi retur. Den er Lars Petter Haram raskt framme på å sette i mål. Eit heldig mål og Norborg må nok ein gong sjå at motstandaren scorar på sin første skikkelege sjanse i kampen.

Fortent utlikning
Etter målet styrer Norborg det meste. Først får Thomas Gjerde vippa eit frispark frå Kristian like over mål. På hjørnesparket får Geir Ove Grønli stå nokså fritt å heade, men den blir redda på streken av HaNo. Nokre minutt seinare skulle så Norborg få si fortente utlikning. Kristian snappar ballen på venstresida og slår ein perfekt stikkar igjennom til Kim Idar Krogsethagen. Han held HaNo-forsvaret bak seg å sette ballen sikkert i nota. Etter utlikninga fortsette Norborg å ha eit lite initiativ, men greier ikkje å skape noko framføre mål. Dermed 1-1 til pause.

Underhaldande opning
I det første kvarteret etter kvila skaper begge lag situasjonar framføre mål. Norborg og Stein Erik Mårstøl er først ute. Han får med seg ballen inn mot 16 og siktar mot lengste kryss, men diverre fyk ballen utafor. Minuttet etter er HaNo frampå med ein farleg stuss etter eit frispark, men også her går ballen over. Like etter kjem Kim Idar seg inn i 16 meteren, men blir tackla/felt i avslutningsaugneblinken og han får bare puffa ballen inn til keeper. Norborg vil ha straffe i denne situasjonen, men Tor Bjermeland vinkar spelet vidare. Den underhaldande perioden blir avslutta med eit skot like over frå Kenneth Ulla.

“Bonden” nær matchvinnar
Den neste halvtimen blir eit langt gjesp med stort sett kriging på midtbana, lite konstruktivt spel og to godt defensivt organiserte lag. To minutt før slutt får så Norborg ein gedigen sjanse til å få med seg alle poenga heim til fastlandet. Og det er Kim Idar som har bestemt seg for at det no er på tide å avgjere kampen. Han mottar eit godt oppspel ute på høgresida. Avanserer framover, driblar eit par mann inne på 16 meteren og gir til Tarjei Urkedal som har kome på løp bakfrå. Tarjei fyrer av frå 16-17 meter, men skotet går rett på Thomas som slår ballen over tverrliggjaren. Her burde et ha stått 2-1 til oransjetrøyene. På det påfølgjande hjørnesparket headar Kenneth Vegsund ballen til side for mål. På overtid får HaNo kampen sin siste sjanse på ei heading frå 10 meter, men over mål. Dermed endar lokaloppgjeret 1-1.

Greitt resultat
Kampen vart ikkje den festen som alt låg til rette for. Høgt spenningsnivå og to godt organiserte lag får ta skylda for dette, men spenning til siste slutt vart det iallfall.
Totalt sett var 1-1 det mest rettferdige resultatet sidan sjanseprotokollen er omtrent lik, men Norborg hadde dei klaraste sjansane og burde ha henta heim tre poeng på sin store sjanse like før slutt.

På Norborg synst vi Steffen Grytten og Roger Grytten utmerka seg mest. Ein Roger som for øvreg skal på klassetur neste torsdag når den viktige toppkampen mot Blindheim/ Emblem blir spelt.

Dommar Tor Bjermeland hadde ein vanskeleg kamp å dømme med mange duellar, og som sist vi såg han (mot Stranda) dømde han inkonsekvent. På torsdag får han likevel ein ny sjanse til å overbevise når han dømmer i Søvikdalen.