Ellingsøy – Norborg 1-4

Ellingsøy – Norborg 1-4 (0-2)
4 sjansar 11
3 hjørnespark 4
0
0
0 0

Arena: Nes stadion, 13.06.04

Tilskodarar: 30

0-1 Christian Søvik (11)
0-2 Øyvind Kvammen (45)
0-3 Kim Idar Krogsethagen (46)
1-3 Kenneth Bjørke (75)
1-4 Øyvind Kvammen (79)

Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal) -7
Assistentdommarar: Tor Bjermeland (Herd) og Hans J. Finsæther (Aafk)

Norborgs beste:

Roger Grytten -9
Øyvind Kvammen -8
Christian Søvik -7

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Roger Grytten
Kenneth Vegsund
(Knut Ivar Bjørlykhaug, 81)
Steffen Grytten

Eirik York
(Stein Erik Reitan, 79)
Kristian Søviknes
Tarjei Urkedal
(Stein Erik Mårstøl, 66)

Alexander Gamlem
(Jan Eve Drønnesund, 89)
Kim Idar Krogsethagen
– (Edward Laverton, 66)
Øyvind Kvammen

Norborg kom sterkt tilbake etter tapet mot Blindheim/Emblem sist veke, og vann komfortabelt 4-1 over Ellingsøy.

Norborg gjorde store forandringar frå det laget som tapte for Blindheim/Emblem. Tilbake som midtstopparar var Roger Grytten og Kenneth Vegsund, Kristian Søviknes fekk ankerrolla på midtbana, mens Øyvind Kvammen kom inn som høgreving.

Corner er mål
I løpet av dei første ti minutta var det lite som skjedde. Norborg hadde eit lite initiativ, men kom seg ikkje igjennom eit kompakt heimelag. Etter ti minutt spelar oransjetrøyene seg fram til ein corner. Kristian Søviknes legg den på hovudet til Christian Søvik som får den dei nødvendige centimetarane over streken.

Etter målet fortsette kampen å vere nokså jamspelt mellom to lag som prøver å spele fotball langs bakken. Ved halvspelt omgang får vi sjå eit fint angrep frå Norborg. Tarjei Urkedal kjem rundt på flanken og slår eit innlegg som keeper boksar vidare til Alexander Gamlem på venstresida. Han spelar ballen ut til Kristian Søviknes som skyt høgt over frå 18 meter.

Sjanserikt mot slutten
Det er først i dei siste ti minutta av omgangen at kampen verkeleg vaknar til liv. Først får Kim Idar Krogsethagen ein gedigen sjanse frå 8 meter, men Kim Idar avslutta innlegget frå Øyvind Kvammen svakt på keeper. Minuttet etter er det Øyvind sjølv som får avslutte, men også denne gongen rett på keeper. Etter desse to 100% sjansane til Norborg er heimelaget nær ved å utlikne, men Norborg får blokkert skotforsøka frå 12 meter.

Når klokka nærma seg 45 minutt slår Steffen Grytten eit langt oppspel til Kim Idar som tek ned ballen og gir ut til Øyvind. Øyvind går litt inn på bana å skyt hardt i mål frå vel 16 meter. 2-0, og Norborg har fått eit perfekt utgangspunkt til 2. omgang.

Fortent leiing til pause
Norborg hadde det meste av spelet i 1. omgang og leia fortent, men Ellingsøy hang godt med og gjorde det spesielt vanskeleg for Norborg den første halvtimen. På slutten opna kampen seg meir opp og vi fekk fleire situasjonar framføre mål.

Kim raskt frampå
I 2. omgang går Norborg rett i angrep ved Alexander Gamlem og Kim Idar Krogsethagen. Førstnemnte slår ein perfekt stikkar i bakrommet til Kim Idar som spring frå forsvaret å sette ballen elegant i mål bak keeper. 3-0 til Norborg og kampen er i realiteten punktert.

Nokre minutt seinare er Øyvind svært nær sitt andre mål for dagen, men er uheldig med touchen då han er aleine med keeper og sjansen renn ut i sanden. Ti minutt seinare er Tarjei svært nær å auke leiinga. Kenneth Vegsund slår eit perfekt frispark opp i 16 meteren. Tarjei plukkar ned ballen på 7 meter og skyt, men på meisterleg måte får keeper redda.

Ellingsøy meir med
Etter dette startar Ellingsøy å kome meir med i kampen og spesielt Lennart Clausen skaffar seg ved fleire høve rom mellom Norborg sitt forsvar og midtbane. Ved halvspelt omgang er Ellingsøy svært nær redusering. Clausen slår eit frispark inn i 16 meteren og ein Ellingsøy-spelar får avslutte frå 10 meters hald, men Geir Roar Gamlem redda glimrande. Dryge fem minutt seinare må likevel Geir Roar plukke ballen ut av nettet. Nok ein gong oppstår sjansen på frispark. Clausen slår ballen inn på 5-meteren der Kenneth Bjørke er høgast å headar ballen i mål. 1-3, og Ellingsøy augnar eit lite håp.

Øyvind punktera kampen for godt
Det håpet sløkker Øyvind nokre minutt seinare då han rykker forbi forsvaret og plasserar ballen inne ved lengste stolpe til 4-1. Minuttet seinare får Øyvind sjansen igjen då han blir spelt igjennom av Stein Erik Mårstøl, men denne gongen er vinkelen skråare og skotet går utafor stolpen.

I dei siste minutta er det lite som skjer, og kampen endar med 4-1 til Norborg. Ein fortent siger etter spel og sjansar.

Norborg viste seg i denne kampen frå ei heilt anna side enn i sist kamp mot Blindheim/Emblem. Med Roger og Kenneth tilbake i midtforsvaret var den defensive tryggleiken tilbake, samt at vingane fekk betre ballar å jobbe med. Ein prøvde i dag å spele fotball og sjølv om det til tider vart litt mange feilpasningar gjorde Norborg ein god kamp.

Best på Norborg i denne kampen var forsvarssjef Roger Grytten. Han les spelet veldig godt og var umogeleg å passere. Øyvind Kvammen viste ein del av sitt store potensial ute på kanten og scora 2 mål. Elles trekke vi fram Alexander Gamlem for høg arbeidsmoral. Han nekta å stoppe å springe før krampen tok han nokre minutt før slutt.

Artig å sjå at vi heva oss og starta å spele fotball igjen, var trenar Haugan sin kommentar etter kampen.

Dommar Jan Erik Myklebust gjorde ein god jobb i ein lettdømt kamp.

Neste kamp for Norborg er heime mot Stordal torsdag kl. 1830.