Blindheim/Emblem – Norborg 6-5 (2-3) |
|
Arena: Blindheim stadion, 18.09.04
Tilskodarar: 85 0-1 Geir Ove Grønli (12)0-2 Geir Ove Grønli (28) 1-2 Sindre Lauås (32) 1-3 Eirik York (37) 2-3 Henning Hareide (42) 3-3 Terje Ottersen (48) 4-3 Lars Andreas Vegsund (55) 5-3 Lars Andreas Vegsund (68) 5-4 Eirik York (83) 5-5 Geir Ove Grønli (85) 6-5 Lars Andreas Vegsund (87) Dommar: Rolf J. Eldevik (Ellingsøy) Assistentdommarar: Gunn Skylstad (VRF) og Olav Fure (Volda) Norborgs tre beste: Roger Grytten – 7 Eirik York – 6 Tarjei Urkedal – 6 |
Laget: Geir Roar Gamlem Knut Ivar Bjørlykhaug – (Kristian Furnes, 79) Roger Grytten Geir Ove Grønli Asgeir Kalvø – (Biarte Hånes, 89) Kristian Søviknes Eirik York Stein Erik Reitan Tarjei Urkedal Kim Idar Krogsethagen Edward Laverton |
Det vart ein svært spennande og målrik kamp på Blindheim stadion laurdag ettermiddag. Heimelaget var det førande laget i banespel, men Norborg var livsfarlege på dødballar. Kampen si avgjersle kom like før slutt då Lars Andreas Vegsund sette inn sitt 3. mål for dagen.
Norborg hadde nærast eit heilt lag ute med forfall til denne kampen, og hadde med seg berre to utespelarar på innbytarbenken. Dette var Kristian Furnes og Biarte Hånes, som begge fekk sin seriedebut.
Norborg i føringa På det som må vere Sunnmøre si dårlegaste grasbane (ja, faktisk verre enn Søvikdalen) starta heimelaget best, men Norborg-forsvaret hadde brukbar kontroll på det meste som kom ved sidan av ein farleg corner som vart heada over mål. Etter 12 minutt spelar Norborg seg fram til eit hjørnespark. Kristian Søviknes legg ballen framføre mål, og etter hard kjemping får Geir Ove Grønli krangla ballen over mål til 1-0. Minuttet etter får Kristian Søviknes ein bra mogelegheit på venstresida, men skotet hans stryk utsida av stolpen. Etter dette tek Blindheim/Emblem kraftig over og etter eit kvarter spel headar Terje Ottersen i stolpen frå 7 meters hald før Norborg får klarert til corner. På hjørnesparket headar Ottersen i mål, men blir korrekt avblåst for hands. Heimelaget fortsette å trykke på og er mykje meir aggressive enn eit Norborg-lag som får lite til å fungere. Ved omtrent halvspelt omgang blir Lars Andreas Vegsund lagt ned utafor 16 meteren. Frisparket blir sett hardt i tverrliggjaren. Corner er målSå får Norborg endeleg spelet til å gli igjen, og Kim Idar Krogsethagen presenterer seg for første gong i kampen, men avslutninga hans blir blokkert til corner. Hjørnesparket blir lagt lavt inn av Kristian Søviknes, eir Ove Grønli er vaken og slenger seg fram og puttar ballen i nota. 2-0 til Norborg, noko som må oppfattast som svært urettvist for heimelaget. Vertane ga likevel ikkje opp, og etter 32 minutt får Sindre Lauvås stå heilt fri framfor mål og heade inn eit hjørnespark. Svakt av Norborg som burde ha vore kongar i lufta mot eit relativt småvakse Blindheim-lag. Fem minutt seinare er det Tarjei Urkedal som held dribleshow ute på høgrekanten. Han slår ballen tilbake i støtte til Edward som legg godt inn til Kim Idar Krogsethagen som headar, men keeper redda. Returen hamnar hos Eirik York som sette ballen i mål frå kloss hald. Billeg reduseringEit par minutt før pause er Asgeir Kalvø uheldig og får ballen i handa når han skal dempe. Dommaren blåser frispark til Blindheim/Emblem. Mens Norborg er lite merksam og mest opptatt av andre ting tek Henning Hareide frisparket kjapt og sette ballen i det tomme Norborg-målet. Dommaren dømmer utruleg nok mål sjølv om frisparket vart tatt minst 5 meter frå der det skulle ha blitt tatt. Eit mål som etter våre meiningar burde ha blitt avblåst. Norborg spelte langt ifrå nokon god 1. omgang mot Blindheim/Emblem. Heimelaget hadde ballen og dei fleste sjansane, men takka vere livsfarlege dødballar gjekk oransjetrøyene til pause med 3-2. Kjapp utlikningI 2. omgang er det Norborg som er først frampå då Kim Idar Krogsethagen kjem seg fri, men han mislykkast med avslutninga frå 16 meter. To minutt seinare blir det løpsduell mellom Geir Ove Grønli og Terje Ottersen. Den vinn sistnemde og sette ballen sikkert i mål bak keeper Geir Roar Gamlem. Heimelaget snur kampen Etter utlikninga greier Norborg å halde eit lite trykk på heimelaget og får blant anna tre farlege hjørnespark på rad, men vertane greier å demme opp og sette i gong ei kontring. Ballen blir slått i bakrommet. Geir Roar Gamlem nøler litt og kjem for seint ut til å snappe ballen som stoppar i ein sølepytt. Lars Andreas Vegsund snappar ballen og sette den sikkert i det tomme målet. Blindheim/Emblem har dermed snudd 1-3 til 4-3 på kort tid. Nokre minutt seinare får Stein Erik Reitan til eit godt innlegg, men headinga frå Eirik York går over. Ved halvspelt omgang får heimelaget til eit godt angrep der Lars Andreas Vegsund dukkar opp på bakarste stolpe å sette ballen i nota til 5-3. Norborg får lite til no og Blindeim/Emblem er svært nær sitt sjette mål då Geir Roar Gamlem først gjer ei god reaksjonsredning og får slått ballen i stolpen og ut. Like etter får kvit-trøyene nok ein stor sjanse, men etter å ha passert keeper sette Blindheim-spelaren ballen utafor. Ny giv i NorborgNorborg såg ut til å rakne fullstendig i denne perioden, men plutseleg vaknar laget og start å ta over banespelet. Først er Asgeir Kalvø frampå med eit bra skot, men ballen går like utafor lengste stolpe. Med 7 minutt igjen får Norborg corner. Stein Erik Reitan slår ballen framfor kassa der Eirik York får kjempa ballen over streken. 5-4, og stadig håp om poeng. Eit Norborg-lag med ny giv vinn ballen etter løysinga og får frispark ute på høgresida. Kristian Søviknes slår presist inn til ein umarkert Geir Ove Grønli som sikkert headar inn sitt tredje og Norborg sitt femte mål. Kortvarig glede Gleda varer likevel ikkje lenge, for to minutt etter puttar Lars Andreas Vegsund inn 6-5 ved bakarste stolpe. Eit litt heldig mål på eit angrep som burde ha vore stoppa lenge før. På slutten kastar Norborg fram mange mann, men kjem seg ikkje til sjansar. Dermed endar kampen med 6-5 siger til heimelaget. Noko som alt i alt var fortent. Norborg gjorde ein svak kamp mot topplaget der fleire spelarar ikkje hadde dagen. I tillegg var ikkje oppladinga til kampen den beste med så mange forfall og rokeringar på laget like før kampstart. Likevel, ein scora fem mål og hadde 4. divisjon sitt beste lag i kne på både 2-0 og 3-1. Ein burde då ha klart å reist ifrå Blindheim stadion med poeng. Blindheim/Emblem har eit jamt godt lag med ei imponerande sentrallinje. Laget manglar litt fysikk, noko som kom kraftig til syne i denne kampen då Norborg scora 4 av 5 mål på dødball. Likevel, vi trur dette laget vil greie seg bra i 3. divisjon neste år. Vi tek då for gitt at laget rykker opp sjølv om det ikkje er heilt klart endå. På Norborg spelte Roger Grytten, Eirik York og Tarjei Urkedal bra. Honnør også til Geir Ove Grønli for tre mål. Norborg har no tre kampar mot dei tre botnlaga. Neste kamp er mot Ellingsøy i Søvikdalen laurdag 25. september kl. 14. |