Åram/VanKam – Norborg 0-0 (0-0) |
|
Arena: Eidsåvoll stadion, 03.07.04
Tilskodarar: ca. 35 Dommar: Alf Furland -9Banens beste: Geir Roar Gamlem, NorborgNorborg sine 3 beste: Roger Grytten -8 Geir Ove Grønli -7 |
Laget: Geir Roar Gamlem Asgeir Kalvø Roger Grytten Geir Ove Grønli Stig Wold – (Knut I. Bjørlykhaug, 83 ) Øyvind Kvammen Eirik York Tarjei Urkedal Kristian Søviknes Edward Laverton – (Espen Solheim, 75) Kim Idar Krogsethagen |
I ein tett og jamn kamp delte heimelaget og gjestane frå Norborgland poenga. Begge lag hadde gode forsøk, men opplagte målvakter og stenger stod i vegen.
Norborg stilte med ein svært redusert tropp, men utan at laget la for mykje energi i dette. Laget har ein solid tropp, og reservane gjorde ein god innsats i Steffen Grytten, Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Kennet Gamlem, Bjørn Urkedal, Stein Erik Mårstøl, Alexander Gamlem, Stein Erik Reitan og Kurt Erik Grytten sin fråvær.
Nærmast i første omgang I ein jamn første omgang var det gjestane som var nærmast mål. Øyvind Kvammen sitt duppskudd med venstra frå tjue meter traff tverrliggeren midtveis i omgangen. Like etter sklidde heimelaget sin ruvande stopper Hallvard Larsen ballen i eigen stolpe, og Kristian Søviknes satte ein stor sjanse like over tverrliggeren ti minutt før pause. Heimelaget sin største sjanse var det Hallvard Larsen som hadde på hjørnespark, men Norborgforsvaret fekk rydda opp i situasjonen der ballen var innom stanga. ÅVK kjem sterkare I andre omgang så er det heimelaget som er kvassast i avslutningane, men ein strålande opplagt gjestekeeper Geir Roar Gamlem hadde stengt målet for godt i denne kampen. Ein gang sette heimelaget ballen i stolpen etter ei tversoverheading på eit frispark. Nærmast er Ole Theodor Hovden som åleine med Geir Roar sette ballen i stolpen og langs streken før Geir Ove Grønli får klarert. Bortelaget har noen avslutningar over mål, men sleit med dårleg oppfinnsomhet og dårleg presisjon i det siste trekket. Kampens beste aktør utenom dommeren var Norborgkeeper Geir Roar Gamlem, medan på heimelaget var Hallvard Larsen solid i forsvaret og på topp hadde dei noen raske og gode tekniske spelera. For fjerde kamp på rad mot ÅVK så bytta dei ein spelar før eit minutt var spelt. Om dette er ein taktisk vri for å gjere ein av dei faste spelerane disponibelt for andrelaget sitt, eller for å gi ein spelar ekstra kampar er uvisst. |