Vigra – Norborg 2-3 (1-2) |
|
Arena: Rota gras, 26.06.03
Tilskodarar: 60 betalande 0-1 John Henrik Rørvik (sjølvmål, 3)0-2 Steffen Grytten (32) 1-2 Tommy Roald (42) 1-3 Kim Idar Krogsethagen (69) 2-3 Amund Hjelle (87) Gult: Geir Ove Grønli (43) Dommar: Kjell Heltne, Spjelkavik -7 Assistentdommarar: Odd Arne Grande, Skodje og Christian Caspersen, AaFK Norborg sine tre beste: Morten Kalvø -8 Steffen Grytten -7 Kristian Søviknes -7 |
Laget: Geir Roar Gamlem Steffen Grytten Stig Wold Kristian Søviknes Eirik York Stein Erik Reitan Tarjei Gjerset Urkedal – (Asgeir Kalvø, 59) Kim Idar Krogsethagen |
Norborg hadde stort sett full kontroll på heimelaget i denne kampen, men skapte unødvendig spenning ved å misbruke store sjansar og sleppe inn to unødvendige mål. God opning Etter denne gode opninga fekk vi 20 minutt med lite underhaldande spel. To gode forsvar og liten presisjon i siste pasninga hindra målsjansar. Men ved halvspelt omgang fekk Kristian Søviknes til eit godt innlegg som Eirik York heada rett på keeper frå 8-10 meter. Etter knappe halvtimen var Vigra frampå med eit hardt skot langs bakken, men det gjekk på utsida av stolpen. Like etter skulle vi så få sjå mål. Varsko her! Norborg er framme med mange mann då Steffen Grytten mottar ballen å klinka til. Det knallharde skotet frå 35 meter går via ryggen til ein vigraspelar å forandra akkurat nok retning til at det snik seg inn like ved stolpen. Eit herleg mål av Steffen. Vigra pressa på Etter 2-0 målet startar heimelaget å ta over kampen. Norborg blir stadig på etterskot og Vigra får til bra kombinasjonsspel. Spesielt på si venstreside. Tre minutt før pause har dei fått corner. Ballen blir slått knallhardt og lavt inn framfor mål. Tarjei prøver å klarere men ballen treff Tommy Roald å går mål. No er Vigra skikkeleg på hogget for ei utlikning. Berre to minutt seinare får dei til eit godt skot frå 20 meter som går i tverrliggar og ned på streken før Kenneth Vegsund får gitt til hjørnespark. Om ballen spratt innom streken før Kenneth fekk klarert er ikkje godt å seie i frå vår posisjon. Likevel er stillinga 2-1 til gjestane ved pause. Bortsett frå enkelte tilløp frå Vigra si venstreside hadde Norborg god kontroll på heimelaget i 40 minutt. Men dei siste 5-10 minutta før pause tok Vigra kraftig over. Likevel ei nokså fortent 2-1 leiing til bortelaget. Grønli heading i stolpen I 2. omgang står Vigra høgt med laget i håp om å legge press på Norborg, men det er gjestane som kjem seg til to gode sjansar dei første 5 minutta. Begge ved Geir Ove Grønli. Først heada han like utafor, så heada han i stolpen frå 5 meter etter eit godt innlegg av Kim Idar Krogsethagen. Spesielt den andre sjansen burde han ha scora på. Stor Vigra-sjanse Så er det Vigra sin tur til å treffe stolpen. Knappe 57 minutt er spelt då ein heimespelar får til ei god avslutning, men Geir Roar Gamlem redda. Returen går til ein vigring, men frå 5 meter sette han den i stolpen. Berre flaks gjorde at det stadig stod 2-1 til Norborg. Vaksinert mot å score Så er det klart for dagens tredje store Grønli sjanse. Ballen blir spelt i bakrommet. Grønli spring ifrå forsvaret, prøver å sette ballen mellom beina på keeper, det går ikkje, får tilbake ballen, rundar keeper og sette ballen ein meter utafor det tomme buret. – Eg er vaksinert mot å score, ropte Grønli. Kim Idar gjer jobben Men etter cirka halvspelt 2. omgang aukar Norborg leiinga si. Kristian Søviknes spelar opp til Kim Idar som i kamp med to forsvarar vinn ballen, finter ut keeper å sette ballen enkelt i mål til fortent 3-1 leiing. Vigra står stadig høgare på bana og spelet bølgjer fram og tilbake dei siste tjue minutta. Men det er Norborg som er kvassast og ser ut til å ha full kontroll. Fire minutt før slutt kjem Grønli seg igjennom, men blir så hekta innafor 16 meteren. Til alles forundring vinkar den elles gode dommaren spelet vidare. Vigra går rett i angrep. Ein vigraspelar kjem seg rundt på venstresida, skjer inn mot mål og slår inn framfor kassa der Amund Hjelle enkelt puttar ballen i mål frå 5 meter. Det blir dermed ei dramatisk avslutning. Men bortsett frå at Kim Idar blir felt inne i straffefeltet når han er på veg igjennom er det lite som skjer. Dermed påfører Norborg Vigra sitt første heimetap for sesongen. Noko som var fortent. På Norborg viste alle god innsats, men aller best var nok midtstoppar Morten Kalvø. Kampen vart spelt i ei fin ramme med sol, blide dommarar og trivelege vigringar som spanderte svele etter kampen. Neste kamp for Norborg er bortemøtet med MSIL/LIL2 onsdag den 2. juli. |