Vigra – Norborg 1-1 (0-1)
Synnes gras, 05.04.03
0-1 Steffen Grytten (23)
1-1 ? (80)
Laget: Geir Roar Gamlem – Asgeir Kalvø (Kristian Søviknes, 81), Kenneth Vegsund (Steffen Grytten, 83), Morten Kalvø, Stig Wold – Kristian Søviknes (Geir Ove Tennfjord, 71), Eirik York, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten (Amund Terøy, 80) – Christopher Urkedal (Alf Benny Skarbø, 35), Gustavo (Kenneth Vegsund, 85)
Som resultatet tilseie var dette ein jamn kamp. Begge lag hadde sine sjansar, men det resulterte i berre eitt mål på kvart lag.
Etter jamspelte første 20 minutt skåra Steffen Grytten Norborg sitt første og einaste mål. Norborg angrip ifrå venstre, Eirik York skyt/legg inn framfor mål og Steffen pirka den over streken etter rot av keeper.
Elles hadde både Steffen og Gustavo sjansar til å auke leiinga. Steffen dunka ballen over frå fem meter, medan Gustavo avslutta frå 30 meter når han i realiteten hadde fri veg mot mål.
Alt i alt ein elendig omgang av Norborg der press, initiativ og angrepsglede var fråverande.
I 2. omgang styrer Norborg meir spelet, men måla uteblei. Geir Ove Tennfjord burde ha skåra på eit innlegg like før slutt, men utan spenst greidde han ikkje å hoppe opp for å styre ballen i mål. Eirik fekk ballen i mål, men vart avblåst for hands.
Vigra skåra når spissen, som låg konstant i 2 meters offside, får gå og gå rundt 3-4 norborgforsvararar å avslutte med eit skot frå 20 meter som Geir Roar Gamlem burde ha redda.
Dermed vart det 1-1 for eit tafatt Norborg-lag.