Valder – Norborg 2-4

Valder – Norborg 2-4 (1-2)
10 sjansar 10
3 hjørnespark 5
2
1
1 0

Arena: Valdervoll gras, 14.08.03

Tilskodarar: ca. 50

0-1 Kim Idar Krogsethagen (6)
1-1 Dag Erik Jønsson (33)
1-2 Kristian Søviknes (38)
1-3 Kim Idar Krogsethagen (48)
1-4 Kim Idar Krogsethagen (50)
2-4 Dag Erik Jønsson (90+1)

Gult: Kenneth Gamlem

Dommar: Svein Ivar Aarskog, Vartdal -7
Assistentdommarar: Bjørn Rekdal, Hessa, og Arne Per Andersen, AaFK

Norborg sine tre beste:

Morten Kalvø -9
Kim Idar Krogsethagen -9
Roger Grytten -8
Dagens bilete

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
– (Jan Even Drønnesund, 90)
Kenneth Vegsund
(Jan Even Drønnesund, 40)
– (Kenneth Vegsund, 50)

Morten Kalvø
Roger Grytten

Kristian Søviknes
– (Amund Terøy, 84)
Eirik York
Stein Erik Reitan
Tarjei Urkedal
– (Bjørn Urkedal, 86)

Kim Idar Krogsethagen
Christopher Urkedal
– (Kenneth Gamlem, 61)


I ein underhaldande kamp viste Norborg styrke ved å vinne 4-2 over topplaget Valder. Etter ein ganske jamn 1. omgang avgjorde Norborg i realiteten kampen med to tidlege mål i 2. omgang. Alt i alt ein fortent arbeidssiger til Norborg.

Norborg manglar for tida svært mange mann, og hadde før kampen blant anna børsta støv av det gamle stortalentet Bjørn Urkedal. – Eg møtte opp på ei trening tysdag, og vart innkalla til kamp i dag, sa maskinist Bjørn Urkedal. Men sjølv om ein nesten måtte på bygda for å skaffe spelarar til benken kom Norborg med ein nesten intakt første 11’ar og med eit mål for auge; poeng. Noko som var tydeleg å sjå.

Aggressive Norborg i tidleg leiing
Norborg tok nemleg kommandoen frå start av og verka langt meir ivrig på poeng enn heimelaget. Og etter 6 minutt var det klart for oransje jubel. Norborg har fått kast ca. 10 meter frå hjørneflagget. Christopher Urkedal kastar inn til Eirik York som stussa vidare til Kim Idar Krogsethagen inne på 5 meteren. Kim Idar brukar fysikk og teknikk og dreg seg forbi oppassaren sin å sette ballen kontant i mål til 1-0. Berre eit par minutt etter er Norborg nær ved å auke då York får ballen servert innafor 16 meteren, men skotet hans vart glimrande redda av Valder keeperen.

Valder tek over
Så starta Valder å vinne fleire og fleire duellar. Og i motvinden sette blåtrøyene inn eit press på gjestane. Men det er Norborg som likevel er nærast mål dei neste minutta. Etter 18 minutt er nemleg Valder-keeperen ute ved hjørneflagget for å ta ein ball. Ballen slår han rett i beina på Kim Idar som stend midt inne på Valder sin banehalvdel. Kim Idar oppfattar situasjonen raskt å skyt i retning mål, men ein forsvarar får slengt seg å gitt til corner.

To minutt etterpå sette vertane ballen i mål, men linjedommaren har vinka for offside. Men Valder gir seg ikkje. Ved halvspelt omgang kjem dei seg inn i straffefeltet og får skote, men Norborgkeeper Geir Roar Gamlem er med på notene å reddar. Like før halvtimen er spelt får Valder corner. Ballen vert slått inn framfor mål og ein Valderspelar får heada, men Norborg har spelarar på linja og får avverja. Men etter 33 minutt skulle Valder få si fortente utlikning. Valder vinn ballen og sette i gang ei kontring ved Tom-Gøran Jønsson. Han fossar inn i 16 meteren å gir uselvisk til Dag Erik Jønsson som sette ballen enkelt i mål til 1-1. – Soleklar offside, sa Norborg sine forsvarar etter kampen. Men linjedommaren meinte noko anna.

Dagens angrep

Etter utlikninga løfta Norborg seg, og tok leiinga på ny i det 38. minutt. Det er midtstoppar Kenneth Vegsund som startar angrepet med å finte ut heile Jønsson-ligaen før han passa framover til Tarjei Urkedal. Han avansera mot mål før han gir ut til York på høgrekanten som legg perfekt inn til Kristian Søviknes som headar i mål til 2-1 leiing. Like før pause går Raymond Oksnes Elde hardt i kroppen på Stein Erik Reitan. Dette blir han lønna med eit gult kort for. Noko han også har fått tidlegare i kampen. Og som dei fleste veit tyde to gule eitt raudt. Frå vår side såg dette veldig strengt ut. Omgangen ebba så ut med 2-1 leiing til Norborg.

Norborg med sjokkopning
Med ein mann meir på bana sjokkopna Norborg med å lage to raske mål. Begge signert 4. divisjon sin toppskårar Kim Idar Krogsethagen (han og Tom-Gøran Jønsson har begge 21 mål etter denne kampen). 3-1 målet kom slik: Søviknes slår fint inn til Tarjei på bakarste stolpe. Hans forsøk bil redda av keeper, men ballen hamnar hos Krogsethagen, som etterkvart får ballen i mål. På 4-1 målet blir Krogsethagen fint spelt fri av Christian Søvik. Åleine med keeper gjer Krogsethagen ingen feil å scora sikkert.


Etter å ha fått to mål i fleisen og til og med ha ein mann mindre skulle ein trur at Valder ga opp, men det skjedde ikkje. Med vinden i ryggen stod dei høgt med laget i håp om å få ei tidleg redusering. Og etter 8 minutt var dei nær då dei får skote i frå 18 meter, men det knallharde skotet blir glimrande redda av Geir Roar.

Mange sjansar til begge lag
I dei siste 35 minutta får vi eit kampforløp der Valder står høgt og etterlet seg store rom som Norborg kan kontre i. Og at Norborg ikkje scora fleire mål i denne kampen er ei lita gåte. For etter 12 minutt spelar Vegsund Krogsethagen igjennom, men i duell med keeper får han berre gitt den vidare til Tarjei. Han fossa inn i straffefeltet, men avsluttar like utafor frå ein veldig god posisjon. Tre minutt seinare er Krogsethagen aleine med keeper, men frå litt skrå vinkel skyt han i nettveggen. Og slik fortsette Norborg å kontre, men alt for ofte vart spissane avvinka for offside. Av og til var avgjerslene korrekte, men i minst tre tilfelle var det feil.

Valder skapte også fleire mogelegheiter. Spesielt frå det 60. til det 75. minutt, men enten stod ein god Geir Roar Gamlem i vegen eller så gjekk avslutningane utafor frå god posisjon. Den største sjansen kom etter 73 minutt då Valder beit seg fast inne i 16 meteren, men eit oppofrande Norborg forsvar avverja mål.

Norborg med kontroll
Det siste kvarteret bar preg av at Norborg hadde kontroll og at Valder starta å innsjå at slaget var tapt. Norborg sin siste sjanse kom to minutt før full tid. Krogsethagen kom nok ein gong aleine med keeper, runda han og hadde berre å sette ballen i det tomme målet, men av ein eller annan grunn gjekk avslutninga til side for mål. – Eg såg ikkje mål, sa Krogsethagen etter kampen. Eitt minutt på overtid fekk så Valder pynte på resultatet då Dag Erik Jønsson putta aleine med keeper.

Takk for sist
Norborg påførte Valder sitt første heimetap for sesongen, og tok med det hemn for 0-3 tapet i vår og 1-4 i “opprykksfinalen” 2001. Norborg var mest aggressiv og spelte klokt mot det meir rutinerte og fysisk sterkare Valder-laget. På det hardtarbeidande Norborg-laget får alle mann meir enn godkjent, men skal vi dra fram nokre spelarar må det vere kongen i midtforsvaret Morten Kalvø, Roger Grytten for å ha ro og speleforståing på høgreback, og Kim Idar Krogsethagen for sine tre mål.

Neste oppgåve for Norborg er den veldig viktige heimekampen mot Stranda neste torsdag.