Tertnes – Norborg 2-2 (1-1)
Danmark, 17.04.03
1-0 (3)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (16)
2-1 (57)
2-2 Tarjei Gjerset Urkedal (84)
Dommar: Arild Ødegård, Kristiandsund FK -9
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Morten Kalvø, Kenneth Vegsund, Stig Wold – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten – Kim Idar Krogsethagen, Christopher Urkedal Innbyttarar: Geir Ove Tennfjord, Asgeir Kalvø, Edward Laverton, Torstein Volstad, Amund Terøy
Norborg leverte ei brukbar generalprøve i dagens kamp mot Tertnes. To gangar i kampen tok bergenslaget leiinga, men begge gangane kvitterte dei oransje.
Kampen sitt første mål kom etter tre minutt spel. Tertnes kjem seg til eit hjørnespark frå venstre. Innlegget på bakerste blir redda på første forsøk, men på neste blir det mål. Ein Tertnesspelar har fått bevega seg fritt frå sekstenmeteren å stanga ballen kontant i nota.
Kalvø vinn dei viktige duellane
Etter dette begynne Norborg å ta tak i kampen. Midtbana starta å vinne duellar, og det skapes stadig rom og innleggsmuligheiter på sidene. Spesielt ute på høgrekanten til Steffen Grytten.
Etter seksten minutt så skal utlikninga kome. Kaptein Morten Kalvø vinn ei to-tre viktige duellar på midtbana før han slår igjennom Kristian Søviknes på venstrekanten. Han finn ein umarkert Kim Idar Krogsethagen framfor mål, og med eit elegant utsidetouch lobbar han ballen i mål.
Ti minutt seinare er Steffen Grytten nær ved å gi Norborg leiinga. Etter eit overlegg frå venstre skyt han ballen i stolpen og ut. Nære ved av ein aktiv og god Steffen i dagens kamp.
Ny Tertnes leiing
Etter tolv minutt i andre omgang tar Tertnes på nytt leiinga i kampen. Etter eit innkast på venstresida kjem ballen ut igjen på sida. Innlegget går til ein umarkert spelar på seksten så sett ballen stolpe inn. Nok ein gang var det svikt i markeringane som påførte Norborg eit baklengs.
Etter dette er det ei periode i kampen kor Norborg taper duellane, og Tertnes dominera totalt kampbildet. Dei var også svært nær ved å auke leiinga si, men ballen går først i stolpen før spissen sette returen i den andre.
Norborg løfta seg – Amund med silkefoten
Dei siste ti til femten minutta av kampen heva Norborg seg igjen. Laget begynte å vinne duellane, og man fekk løfta laget høgare på bana.
Seks minutt før slutt kjem så utlikninga. Kurt kastar tidleg ut til Amund Terøy på høgrekanten. Han forserar framover på sida før han slår eit presist innlegg til Tarjei Urkedal på straffefeltet. Han avsluttar rutinert med innsida av foten nede til høgre for keeper.
Eit minutt seinare er Edward Laverton nær ved å gi Norborg sigeren. Han får eit gjennomspel frå Kristian Søviknes på venstrekanten, men diverre blir første touchet for dårleg. Keeperen får rydda brukbart unna før Edward legg ballen ut til Tarjei som sett den i åpent mål. Diverre så hadde ballen så vidt vært over sidelinja. Dermed ebba kampen ut med 2-2.
Reitan ut med skade
Norborg leverte totalt sett ein god kamp mot eit rutinert 3.divisjonslag frå Bergen. Eirik York gjorde comeback etter strekkskaden, men måtte dessverre gi seg etter femten minutt. I tillegg gikk Stein Erik Reitan ut med ein kneskade i starten av andre omgang.