Stranda – Norborg 1-3

Stranda – Norborg 1-3 (1-2)
8 sjansar 10
2 hjørnespark 5
1
0
0 0

Arena: Stranda stadion, 15.05.03

Tilskodarar: 60

0-1 Kim Idar Krogsethagen (22)
0-2
Kim Idar Krogsethagen (33)
1-2
Torgeir Hoff (40)
1-3 Kim Idar Krogsethagen (str. 69)

Knut Erik Aal, Stranda

Dommar: Per Ola Utgård, FK Sykkylven -9
Assistendommarar: Odd Even Svindseth, FK Sykkylven, og Odd Arne Grande, Skodje

Tre beste på Norborg:

Morten Kalvø -9
Kim Idar Krogsethagen -9
Stein Erik Reitan -9

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Roger Grytten

Eirik York
– (Alexander Gamlem, 89)
Jan Vatnehol
– (Geir Ove Tennfjord, 75)
Stein Erik Reitan
Stig Wold
– (Asgeir Kalvø, 67)

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Edward Laverton, 80)

Norborg sine spelarar la ned ein heilhjarta innsats mot Stranda, og tok ein noko overraskande, men fortent 3-1 siger over heimelaget. Dyktige Kim Idar Krogsethagen stod for Norborg sine mål.

Det lyste innsats og sigersvilje av Norborg sine spelarar når dei entra bana på Stranda denne torsdagskvelden. Etter å ha vore gåvmilde i dei tre første seriekampane var det tydeleg at det skulle ta slutt i kveld.

Stranda best igang
Det var likevel Stranda som kom til den første målsjansen. Tre minutt var gått då Norborg sine markeringar sviktar og ein strandaspelar får avslutta frå ca. 15 meter, men heldigvis for bortelaget gjekk det svake skotet rett på Geir Roar Gamlem i Norborg-målet.

Norborg press utan utteljing

Så tok Norborg over spelet og skapte tre gode sjansar dei neste ti minutta. Først heada Geir Ove Grønli i stolpen via keeper etter eit godt innlegg av Kim Idar Krogsethagen. Så gjekk ein lav corner slått av Kenneth Vegsund nesten i mål, og etter 14 minutt heada ein stranda-spelar ballen i eigen stolpe etter eit godt slått frispark av Vegsund. To i stolpen det første kvarteret og Norborg-benken starta å minnes Ellingsøy-kampen.

Minuttet etter var så Stranda frampå igjen. Eit frispark på høgresida blir slått over til Leidulf Årvik som står heilt aleine på venstre 16 metersstrek, han avansera mot kortlinja og skyt hardt inne ved stolpen, men Geir Roar er på plass å gjer ei glimrande redning.

Fortent Norborg-leiing
Etter halvspelt omgang fekk Norborg endeleg høl på byllen. Norborg har fått frispark oppe på si høgreside. Vegsund slår perfekt innpå 5 meteren, Christian Søvik pressar keeper til å gi retur og Krogsethagen dunkar ballen i nota frå 11 meter til ei fortent leiing.

Norborg fortsette etter målet å føre kampen. Krogsethagen viser fram skotfoten etter 26 minutt, og Stig Wold leita fram høgreslegga minuttet etter, men ingen av forsøka trefte mål. Men Norborg ville mest og var det førande laget så vi venta berre på fleire mål.

Perfekt kontring
Og målet skulle komme. Stranda har flytta fram mange mann då Grønli bryt angrepet deira midt på eigen banehalvdel. Han gir til Stein Erik Reitan som fører ballen oppover og spelar Krogsethagen igjennom. Han gjer ingen feil aleine med keeper og skårar sikkert.

Stranda kjem inn i kampen
Etter 2-0 målet kjem Stranda inn i kampen og starta å vinne stadig fleire duellar. Norborg blir liggjande bakpå og Stranda kjem nærare og nærare mål. Fem minutt før pause kjem reduseringa. Etter litt rot i Norborg forsvaret får Torgeir Hoff ballen like utafor 16 meteren. Han skyt og ballen går i ei fin boge over Gamlem i Norborg målet, og stillinga er 1-2. Like før pause er Stranda igjen frampå, men Gamlem redda godt. Dermed ebba omgangen ut med 2-1 til Norborg.

Norborg viste den største innsatsen, vann dei fleste duellane og hadde dei fleste målsjansane i 1. omgang, og leia dermed fortent.

Kraftig press frå heimelaget

I 2. omgang pressar Stranda på for å få ei tidleg utlikning, men det er likevel Norborg som først er nærmast mål då Krogsethagen skyt like utafor frå 18 meter etter 48 minutt. Men så er det Stranda for alle pengane. Etter 54 minutt headar dei like utafor på eit godt innlegg, minuttet etter det vilt kaos inne i Norborg sin 16 meter og berre ei redning på strek av Christian Søvik hindrar utlikning. Når timen er spelt får Stranda corner, og igjen er det kaos inne i boksa før ein strandaspelar skyt like over.

Kims tredje
Norborg rir av stormen og får løfta laget igjen. Halve omgangen er spelt då Krogsethagen blir felt inne i 16 meteren. Den gode dommaren Per Ola Utgård bles korrekt for straffespark. Krogsethagen sette sjølv straffa i mål og fullfører hat-tricket sitt.

Full kontroll
Dei siste 20. minutta har Norborg stort sett god kontroll, og Stranda begynne å innsjå at tapet er eit faktum. Stranda har rett nok ballen mest, men bortsett frå eit par halvsjansar og ein skikkeleg sjanse fem minutt før slutt har dei lite å by på. Norborg derimot satsa på raske kontringar og er svært nær å auke leiinga då Eirik York får stort rom på venstrekanten, han går mot kortlinja, legg perfekt inn til Krogsethagen som avsluttar på volley like utafor. På overtid er også den talentfulle gutespelaren Edward Laverton farleg frampå med eit skot som går like utafor stolpen.

Ein taktisk siger
Norborg satsa på lange oppspel på Geir Ove Grønli og raske kontringar, og dette var ein vellykka taktikk. I tillegg viste alle spelarane ein enorm innsats og duellvilje. Bortsett frå dei siste 10 minutta av 1. omgang og det første kvarteret av andre, var Norborg det beste laget og tok ein fortent siger. Fortsette laget i samme spor resten av sesongen blir det vanskeleg å ta poeng frå oransjetrøyene.

Sidan alle mann gjorde ein solid figur er det vanskeleg å plukke ut enkeltspelarar i denne kampen, men Morten Kalvø var konge i forsvaret og Kim Idar Krogsethagen var kvass i angrepet, medan Stein Erik Reitan la ned eit fantastisk arbeid på midtbana.

Neste kamp her heime mot botnkollega Hovdebygda laurdag 24. mai.