Romjulsturnering 2003

Tidenes beste romjulscup for Norborg

Norborg gjorde ein god figur på romjulsturneringa i Brattvåghallen på laurdag og endte opp med bronsemedalje. Team Rekdal gjekk til topps i turneringa.

Team Rekdal – Norborg 4-1
Mål: Stein Erik Mårstøl

Norborg spelte svakt i denne kampen mot favorittane frå Rekdal, og tapte fortent 4-1. Kampen var lenge jamn i resultatprotokollen men i dei siste minutta vart Norborg utspelt.

HaNo-Norborg 2-4
Mål: Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton, Steffen Grytten og Tarjei Urkedal

Norborg kom under både 1-0 og 2-1 i denne kampen, men så snudde Norborg kampen. Edward utlikna på ein fin enkeltmannsprestasjon, medan GBG-rekka York, Krogsethagen, Grytten og Urkedal utspelte HaNo dei siste minutta og laga to flotte mål. Måla kom etter veldig godt lagspel der pasningane gjekk raskt mellom spelarane. Med denne sigeren trengte Norborg berre eitt poeng mot Lepsøy for å gå vidare i turneringa som eitt av dei to beste 3’ar laga.

Norborg-Lepsøy 6-2
Mål: Tarjei Urkedal 2, Kim Idar Krogsethagen, Christopher Urkedal, Steffen Grytten og Edward Laverton

Norborg tok tidleg leiinga ved Kim, men Lepsøy greidde å utlikne. Men Norborg var fleire hakk betre enn Lepsøy og hadde små problem med å vinne 6-2. Sigeren burde ha vore endå større, men med dårleg konsentrasjon i avsluttningsaugeblinken stoppa det på 6. Norborg vart med denne sigeren nr. 2 i gruppa og møtte vinnaren i gruppe 3, Skodje, i kvartfinalen.

Tabell gruppe 1

Team Rekdal 3 2-1-0 11-3 7
Norborg 3 2-0-1 11-8 6
HaNo 3 1-1-1 10-7 4
Lepsøy 3 0-0-3 _3-17 0

Kvartfinale

Skodje-Norborg 2-5
Mål: Tarjei Urkedal 2, Kim Idar Krogsethagen 2, Edward Laverton

Norborg gjekk ut i eit voldsomt tempo å leia 4-0 etter få minutt. Etter dette slakka oransjetrøyene på tempoet og Skodje fekk redusere to gongar mot slutten av kampen. Like før sirena gjekk auka Edward Norborg si leiing.

Semifinale

Norborg-Brattvåg1 3-4
Mål: Tarjei Urkedal, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen

Norborg og Brattvåg1 møttast i semifinalen. Ein kamp som i ettertid må kallast “publikumsfinalen”. Norborg var nær ved å ta føringa i kampen, men Eirik greidde ikkje å sette ballen i nota for blank goal. Norborg stod då oppe med heile laget og Brattvåg kontra inn 1-0 ved Ståle Hurlen. Og det var dette som var symptomatisk i denne kampen. Norborg blottla seg bakover og Brattvåg fekk kontre. Ved halvspelt kamp la Hurlen på til 2-0 for Brattvåg, men då viste Tarjei seg fram. Han dribla eit par-tre mann å sette ballen bak Espen Wold i Brattvåg-målet. Brattvåg kvitterte raskt etter eit godt angrep ved Dalhaug-brørne. Dermed 3-1. Men Eirik og Norborg ga ikkje opp og reduserte raskt på eit fint skot frå skrått hald. Rundt 4 minutt før slutt ga Kjartan Myklebust Brattvåg leiinga 4-2. Dei fleste trudde då at løpet var kjørt for Norborg, men oransjetrøyene ga ikkje opp. Norborg var idømt eit korrekt straffespark etter at Frank Dalhaug stoppa ei Steffen avslutting med handa. Kim Idar Krogsethagen sette straffa i mål. Mot slutten hadde Norborg nokre gode sjansar til å utlikne, men mål vart det ikkje. Dermed måtte ein nok ein gong sjå seg slått av Brattvåg i innandørsfotball.

Kampen om 3. plass

Norborg-Midsund x-x

Midsund trekte laget og Norborg fekk dermed bronse.

Resultater:

Kvartfinaler:

Team Rekdal – Brattvåg2 ?-?
Midsund – HaNo 3-2
Skodje – Norborg 2-5
Helland Spesial – Brattvåg1 0-2

Semifinaler:

Team Rekdal – Midsund 5-2
Norborg – Brattvåg1 3-4

Finale:

Team Rekdal – Brattvåg1 6-1

Målscorarar Norborg

Tarjei Urkedal 6
Kim Idar Krogsethagen 5
Edward Laveton 3
Steffen Grytten 2
Stein Erik Mårstøl 1
Eirik York 1
Christopher Urkedal 1