Norborg – MSIL/LIL2 2-2 (1-1)
Norborg gras, 22.04.03
6 sjansar 3
4 hjørnespark 4
0 1
0-1 Kristian Bunes (21)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (41)
1-2 André Fylling (83)
2-2 Kim Idar Krogsethagen (90)
Dommar: Per-Ola Utgård, Hundeidvik -7
Assistentdommarar: Atle J. Hole, VRF og Per Bjarte Ludviksen, Hundeidvik
H. Westad, MSIL/LIL2
Tilskodarar: 150
Laget: Geir Roar Gamlem – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Stig Wold – Kristian Søviknes (Asgeir Kalvø, 84), Eirik York, Geir Ove Tennfjord (Jan Vatnehol, 84), Steffen Grytten (Gustavo Pedreira, 61) – Geir Ove Grønli (Christopher Urkedal, 61), Kim Idar Krogsethagen
Det vart som forventa ein jamn kamp mellom nykommarane i 4. divisjon. Norborg spelte ein kamp langt under pari og må slik kampen utvikla seg, seie seg fornøgd med eitt poeng i serieopninga.
Opninga av kampen i den iskalde nordavinden i Søvikdalen var jamn og heller svak. I løpet av dei ti første minutta var ein corner frå MSIL behaldninga. Men etter elleve minutt vakna endeleg heimelaget opp frå vinterdvalen. Kim Idar Krogsethagen og Eirik York kombinera fint på venstresida. Kim spelar så Kristian Søviknes igjennom, men med ein mann i ryggen greier han ikkje å få til ei skikkeleg avslutning på mål, og ballen rullar ut over kortlinja. Men her burde det ha stått 1-0.
Mål mot spelets gang
Norborg har initiativet i kampen, men det blir som regel for upresist i den siste tredjedelen av bana. Samtidig som vi saknar aggressivitet inni boksa. Etter 20 minutt får Søviknes til eit godt innlegg frå venstre og ein MSIL forvarar headar like utafor sitt eige mål. På det påfølgjande hjørnesparket er Norborg nær ved å ta leiinga, men den gong ei. I staden er det MSIL som kjem seg i angrep. Ballen blir slått ut til Endre Åkernes på høgrevingen, og han får til eit perfekt innlegg til Kristian Bunes som upressa headar inn 1-0 for MSIL. Synd for heimelaget som hadde festa eit grep om kampen.
Etter målet får vi eit kvarter med svak fotball. Dei høge ballane blir tatt av vinden, mens den ujamne bana fører til problem for raske pasningar langs bakken.
Straffe?
Etter 35 minutt får MSIL til eit godt oppspel bak Norborg sitt forsvar, og Kjell Ove Knutsen er igjennom og jagar ballen. Men med Kenneth Vegsund i rygg og ein utrustande Geir Roar Gamlem går Knutsen i bakken. Dommaren bles, og alle trur det er straffe, men til heimepublikummet si store glede dømmast det imot Knutsen og MSIL.
Kim opna kontoen
Fem minutt seinare skal det endeleg bli jubel i Søvikdalen. Geir Ove Grønli vinn ballen på midtbana og spelar Kim igjennom. Han spring frå borteforsvaret og dunkar ballen i mål. 1-1, og ei fortent utlikning. I sluttminutta av 1. omgang er det lite som skjer bortsett frå at André Fylling får til eit hardt skot frå ca. 20 meter, men Geir Roar har få problem.
Etter ei tafatt opning tok Norborg over kampen, og etter spel og sjansar burde laget hatt leiinga ved pause. Men sjølv om ein leiar sjansestatistikken 3-1 er det likevel noko daudt over laget i den offensive delen. Mykje bør forbetrast etter pausa.
I 2. omgang er Norborg først frampå med eit godt skot av Steffen Grytten som keeper Slettvoll må slå til corner. Eit par minutt seinare er gjestane farleg frampå ved ei kontring. Endre Åkernes kjem seg inn i 16 meteren og får pirka ballen forbi Geir Roar, men Norborg har spelarar på strek og får rydda til corner.
Mykje nesten for heimelaget
Dette var det siste MSIL skulle få på ei stund. Norborg tek over kampen, men får ikkje dei heilt store sjansane. Kenneth skaut godt frå ca. 40 meter, men det skal noko til for at den går inn. Gustavo gjekk nærmast frå benk til å skåre, men frå kloss hald fekk han ikkje kontroll på ballen og den gjekk over kortlinja. Litt over halvvegs i 2. omgang tek Stig Wold turen opp på motsett banehalvdel og fekk til eit farleg innlegg som nesten enda i mål. Men det vart mykje nesten med Norborg, for mål og skikkelege sjansar uteblei.
Billeg frispark endar i mål
Så går det som det ofte går. MSIL får eit svært billeg frispark like utafor 16 meteren, muren blir feilplassert, og André Fylling skyt ballen i mål. Seriestarten ser ut til å bli ei katastrofe for det ambisiøse heimelaget.
Kim fiksa poeng
Men Norborg gir ikkje opp og går rett i angrep. Kim får ballen på kanten av 5 meteren, men i staden for å plassere ballen enkelt i mål dunkar han den langt over. Her skal ein spelar av Kim sitt kaliber skåre. Når klokka så passerer 90 minutt får Norborg frispark langt ute på bana. Ballen blir slått inn i 16 metersfeltet, og inne i mølja får Kim ei tå på ballen og den går i nota. Dermed 2-2, og Norborg har fått sitt første poeng på dette nivået sidan 1983.
Poeng på svak dag
Det positive for Norborg i denne kampen var at ein fekk med seg eitt poeng på ein heller svak dag. For laget var ikkje til å kjenne igjen av det som herja med alle i fjor haust. Pasningane var upresise, ein tapte overraskande mange duellar og ein var ofte rådvill i den offensive biten. Defensivt var det betre, men ein fekk to unødvendige mål i mot.
No har Norborg mange spelarar i bakhand, og allereie til neste kamp er spelarar som Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal og Roger Grytten aktuelle. Sist nemnte burde kanskje ha fått eit comeback i denne kampen, for etter det vi såg i kampen mot Hildre hadde han heva Norborg i dag.
Norborg og kampen sin beste spelar var Eirik York. Han jobba godt gjennom heile kampen, og var drivkrafta i Norborg sitt offensive spel.
Neste kamp for Norborg er nabooppgjeret mot Ellingsøy 1. mai. Kampen går på Nes stadion og vi vonar at mange tek turen over Grytafjorden for å støtte gutane.