Norborg – MSIL/LIL2 1-3 (1-0)
Brattvåg kunstgras, 23.03.03
5 sjansar 7
5 hjørnespark 3
3 0
1-0 Kim Idar Krogsethagen (25)
1-1 Kjell Ove Knutsen (56)
1-2 Geir Harald Eikrem (79)
1-3 Geir Harald Eikrem (90)
Gult kort: Christian Søvik, Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen
Dommar: Arild Vegsund, Norborg/Blindheim (dagens beste norborgar)
Norborg: Geir Roar Gamlem, Christian Søvik (Knut Ivar Bjørlykhaug, 75), Morten Kalvø, Kenneth Vegsund, Stig Wold (Tarjei Urkedal, 80) – Kristian Søviknes, Eirik York (Amund Terøy, 85), Stein Erik Reitan, Steffen Grytten (Jan Vatnehol, 46) – Christopher Urkedal (Geir Ove Grønli, 46), Kim Idar Krogsethagen
MSIL/LIL2: Eirik Fiskerstrand – Anders Vedlog, Kent Robert Sørheller, Roar Eikrem, Erlend Sunde – Endre Nakken, Andre Fylling, Oddgeir Valen, Hallvard Westad – Geir Harald Eikrem, Kjell Ove Knutsen
Reserver (alle benytta): Stian Indrevåg, Øystein Sandvik, Mads Urvik. (Henta frå MSIL si heimeside)
Norborg imponerte ingen då det vart 1-3 tap for divisjonskollega MSIL/LIL2. Likevel var det Norborg som var det førande laget i 1. omgang, og leia fortent 1-0 ved pause etter ei skåring av Kim Idar Krogsethagen. Etter pause vart oransjetrøyene sitt spel prega av personlege feil og dårleg samhandling. MSIL/LIL2 skårte tre mål og vann fortent.
Norborg best i gang
I ruskeveret på Brattvåg kunstgrasbane var vi i opninga av kampen vitne til eit svært balltrillende Norborg-lag, men sjølv om ein hadde ballen stort sett heile tida kom ikkje første sjansen før etter eit kvarter. Då fekk Steffen Grytten til eit godt innlegg til Kristian Søviknes, som diverre heada like utafor frå god posisjon. Norborg fortsette presset og kjem seg til eit par halvsjansar dei neste minutta.
Kims første i vågen
Etter 25 minutt tek så Norborg fortent leiinga. Christian Søvik legg ballen inn framfor mål der Kim Idar Krogsethagen enkelt sklir ballen i mål frå svært kloss hald. Dette var Krogsethagen sitt første mål på kunstgrasbana i Brattvåg.
Kampen jamnar seg ut
Etter dette dabba Norborg av, og MSIL/LIL2 kom inn i kampen. Etter dryge halvtimen får bortelaget sin første sjanse i kampen då ein MSIL-spelar kjem seg fri på si venstreside, skjær inn mot mål og avsluttar med eit skot like utafor bortarste stolpe.
Det siste kvarteret er det lite som skjer, og Norborg kan gå til pause med ei fortent leiing sjølv om ein ikkje hadde greidd å skapt dei heilt store sjansane ved sida av målet.
Knutsen fiskar utlikning
2. omgang startar keisamt der ingen av laga greier å få til angrepsspelet sitt. Men i det 10. minuttet vaknar kampen. Først må Geir Roar Gamlem i Norborg målet gjere ei kjemperedning på eit MSIL skot frå 10 meter. Returen blir bare klarert ut på høgrekanten og ballen kjem raskt attende og Kjell Ove Knutsen skårar lett frå 5 meter. Eit mål som burde ha vore avverja, men Norborg opptrådde svært ubestemt i forsvaret og fekk svi for det.
MSIL i førarsetet
Etter utlikninga får vi ein lang periode med dårleg spel og lite sjansar. Norborg sine spelarar verka trege i kroppen og ballen går seint framover. MSIL er dermed det førande laget, men skaper lite bryderi for sin gamle lagkamerat Geir Roar Gamlem.
Etter om lag halvtimen sette så Norborg opp tempoet og får til 2-3 avslutningar i eitt og samme angrep, men MSIL forsvaret får blokkert avslutningane. Vi trudde at desse halvsjansane var starten på ein solid sluttspurt frå Norborg, men istaden skjer det heilt motsette.
Norborg raknar
Ti minutt før slutt rotar Norborg det til for seg i forsvar og MSIL/LIL2 tek leiinga i kampen ved Geir Harald Eikrem. Etter målet er MSIL/LIL2 det kvassaste laget og det er heilt fortent at Eikrem aukar til 3-1 sekundar før slutt på ein elegant lobb over keeper. Dette målet kom også på grunn av personleg feil i forsvaret.
Horribel 2. omgang
Etter ein godkjent 1. omgang rakna Norborg fullstendig i 2. halvdel. Norborg har dei siste åra blitt kjent for å ha eit svært stødig forsvar. Slik var det ikkje i dag. Forsvaret opna nemleg slusene og opptrådde svært usikkert i 2. omgang. Det vrimla med personlege feil, og MSIL/LIL2 takka for det og skorte tre mål. Alle veldig unødvendige sett frå Norborg sin ståstad.
Dårleg rytme i angrepet
No skal ikkje vi gje forsvaret all skyld. Angrepet stemte heller ikkje. Ballen gjekk altfor tregt mellom spelarane og for sjeldan i riktig retning. Kantspelet var brubart den første halvtimen, men i den neste timen vart innlegga enten for korte eller for lange. Vinden skal sjølvsagt få sin del av skylda for det, men ikkje all. Til og med dødballane var Norborg ufarlege på i denne kampen. Eit spørsmål vi stille oss er; kvifor er ikkje Norborg sin absolutt beste hovudspelar, Kenneth André Vegsund, med på hjørnesparka? Ein spelar som har skort to mål på dødball denne sesongen.
Mykje å jobbe med
Norborg sine trenarar og spelarar har mykje å jobbe med fram til seriestart, både offensivt og defensivt. Om ein månad går startskotet for årets sesong. Då er det nettopp Norborg og MSIL/LIL2 som skal møtast, og sjølv om MSIL/LIL2 var best i dag, trur vi det snur seg til 22. april. Ein ting er sikkert, den kampen skal ikkje spelast på Brattvåg kunstgras, ei bane oransjetrøyene ikkje ser ut til å trivast (3 kampar 1-0-2 2-8). På tide å legge kampane på rett side av fjellet?
Kva så med MSIL/LIL2?
Dei har eit lovande lag på gang som kan overraske i årets 4. divisjon. Forsvaret virka stødig, men fekk ein enkel jobb mot stasjonære Norborg angriparar. Midtbana var arbeidsom og laget kom raskt i angrep. Innstillinga til MSIL-spelarane var også av eit heilt anna slag enn det Norborg viste. MSIL er betre i år enn i fjor.
Norborg sin neste kamp er mot Harøy på søndag. Skal det bli siger her må alle spelarane heve seg fleire hakk.