Norborg – FK Sykkylven2 7-0

Norborg – FK Sykkylven 2. lag 7-0 (5-0)
18 sjansar 3
4 hjørnespark 2
2
2
0 0

Arena: Norborg gras, 21.06.03

Tilskodarar: 75

1-0 Kim Idar Krogsethagen (9 sekund)
2-0 Geir Ove Grønli 16)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (22)
4-0 Geir Ove Grønli (28)
5-0 Kim Idar Krogsethagen (44)
6-0 Kim Idar Krogsethagen (77)
7-0 Kim Idar Krogsethagen (77)


Gult: Geir Ove Grønli (50) og Geir Ove Tennfjord (83)

Dommar: Jan Lund, Blindheim -6

Norborg sine tre beste:
Kim Idar Krogsethagen -9
Geir Ove Grønli -8
Kenneth Vegsund -8
Dagens bilete

Laget:
Geir Roar Gamlem

Steffen Grytten
Kenneth Vegsund
-(Geir Ove Grønli, 87)
Morten Kalvø
Stig Wold

Kristian Søviknes
– (Geir Ove Tennfjord, 73)
Eirik York
– (Stein Erik Mårstøl, 68)
Stein Erik Reitan
– (Jan Vatnehol, 81)

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Christopher Urkedal, 81)

Norborg har hittil hatt ein vanskeleg sesong, men i dag lausna det skikkeleg og FK Sykkylven2 vart sendt heim med 0-7 i bagasjen. Heimelaget var klart best frå første spark i denne kampen. Allereie etter 9 sekund låg ballen i nota bak FKS2 sin keeper.

FK Sykkylven2 fekk ei dårleg oppladning til denne kampen. Fleire av spelarane kom ikkje før kl. 15 og kampen vart difor utsett i 10-15 minutt.

Scoring etter 9 sekund
Norborg vann myntkastet å fekk løyse. Ballen vart slått bak til Kenneth Vegsund, som brukte eitt touch eller to, slo fram til Geir Ove Grønli som stussa igjennom til Kim Idar Krogsethagen som dunka ballen i mål. Då var det uoffisielt gått 9 sekund av kampen. Noko som må vere ny klubbrekord for herrelaget. I tillegg var det seriemål nr. 1300 for Norborg.

Heimelaget fortsette presset etter denne glimrande opninga, og kom seg til eit par gode sjansar dei neste minutta. Etter ca. 15 minutts spel har Steffen Grytten ballen på venstrekanten. Han får til eit fint oppspel til Kim Idar, så vidare til Grønli som enkelt puttar ballen i mål frå kloss hald.

Hovudspelaren Tarjei

Norborg gir seg ikkje å kjøre på for fleire mål. Etter vel halvspelt omgang vart det så klart for 3-0. Denne gongen er det Tarjei Urkedal som sette ballen i mål på ei heading etter eit godt innlegg av Kristian Søviknes. Fem minutt etter skårar Grønli sitt andre mål for dagen. Denne gongen på hovudet etter eit fint innlegg av Stein Erik Reitan.

Kampen punktert før halvtimen
Med 4-0 etter knappe halvtimen spelt var kampen i realiteten avgjort, men Norborg var stadig svoltne og pressa på for fleire mål. Krogsethagen sette ballen i mål etter 31 minutt, men vart avblåst for offside. York og Søviknes hadde også sine sjansar, men mål vart det ikkje før i det 44. minutt. Morten Kalvø slo langt til Krogsethagen som elegant lobbar ballen over ein keeper på halvdistanse.

Norborg spelte verkeleg god og underhaldande fotball i denne omgangen mot eit tafatt FK Sykkylven2. Rørsla var god, pasningane stemte og sjansane kom på løpande band.

Store sjansar i opninga av 2. omgang
Andre omgang startar også underhaldande. Etter eitt minutt får bortelaget sin første sjanse i kampen etter ein corner, men Geir Roar Gamlem får snappa ballen. Så startar vertane presset igjen. Grønli, Krogsethagen og York har alle gode mogelegheiter til å auke leiinga i løpet av eit par minutt, men avslutningane vart for dårlege.

Straffe?
Etter 51 minutt blir Krogsethagen spelt igjennom. Han spring frå forsvaret, prøvar å runde keeper, men blir tilsynelatande felt. Publikum roper på straffe, men dommaren beheld fløyta i lomma. Fem minutt etterpå sette Grønli ballen i mål, men dommaren blåste korrekt for offside.

Etter dette fell kampen i underhaldningsverdi. Norborg ser ut til å vere fornøgd med resultatet og FKS2 får lov til å halde ballen i laget utan at det førte til dei store sjansane.

Kim i scoringshumør

Etter 77 minutt vakna Norborg igjen, og Krogsethagen skårar sitt 3. mål for dagen. Målet kom etter godt forarbeid av Grønli, som spelte Krogsethagen igjennom aleine med keeper. To minutt seinare har FKS2 fått frispark midt inne på banehalvdelen til Norborg. Ballen vert slått inn i feltet der ein sykkylving headar ballen i tverrliggar og over. Fire minutt før slutt fastsette Norborg resultatet til 7-0. Målet kjem etter eit langt oppspel frå Kenneth Vegsund til Krogsethagen, som lobbar over keeper og i mål.

Norborg styrte kampen nær sagt frå byrjing til slutt, og kunne med litt betre konsentrasjon og vilje ha vunne endå meir. På eit godt heimelag var Kim Idar Krogsethagen banens beste, men vi vil også trekke fram angrepsmakker Geir Ove Grønli og midtstopparkjempen Kenneth Vegsund.

Neste kamp for Norborg er borte mot Vigra torsdag 26. juni.