MSIL/LIL2 – Norborg 2-1 (2-1) |
|
Arena: Mauseidvåg stadion, 02.07.03
Tilskodarar: ca. 40 1-0 Øystein Sandvik (17)1-1 Christopher Urkedal (20) 2-1 Tor Arne Kroken (41) Dommar: Jonny Dyb, Ellingsøy -7 Assistentdommarar: Lars Kåre Rogne, Brattvåg og Kenneth Vestnes, AaFK Norborg sine tre beste: Morten Kalvø -7 Geir Roar Gamlem -6 Steffen Grytten -6 |
Laget: Geir Roar Gamlem – (Kurt Erik Gytten i 23 min) Steffen Grytten – (Asgeir Kalvø i 5 min) Kenneth Vegsund Morten Kalvø Stig Wold Kristian Søviknes Eirik York Jan Vatnehol – (Roger Grytten i 18 min) Tarjei Gjerset Urkedal Kim Idar Krogsethagen |
MSIL/LIL2 og Norborg leverte ei slapp forestilling i varmen på Mauseidvåg stadion onsdag kveld. Heimelaget styrte store delar av kampen og tok ein fortent siger sjølv om Norborg var nære ved å få med seg eitt poeng på slutten av kampen. Norborg mangla ein del viktige spelarar i denne kampen. Geir Ove Grønli, Stein Erik Reitan, Stein Erik Mårstøl og Christian Søvik var alle ute av forskjellige årsaker. Kunne ha fått ein knallopning Norborg opnar kampen bra og allereie etter 2 minutt vart Christopher Urkedal fint spelt fri av Kristian Søviknes, men aleine med keeper skyt han over mål. Etter dette tek heimelaget gradvis over kampen og spelte seg fram til eit par mogelegheiter det neste kvarteret. Den største hadde Øystein Sandvik som var aleine med Geir Roar Gamlem, men Geir Roar redda flott. To mål på kort tid Etter 17 minutt tek så heimelaget leiinga. Øystein Sandvik får putta ballen mellom beina på Geir Roar og i mål frå kloss hald etter ein god corner. Norborg kvittera raskt då Kim Idar Krogsethagen spelar Christopher fri, og aleine med keeper scora han sitt første seriemål for Norborg. Like etter utlikninga er MSIL/LIL2 farleg frampå, men Norborg får gitt til eit hjørnespark som ikkje ga utteljing. Keisam forestilling Heimelaget tek føringa Fire minutt før pause tek heimelaget ei fortent leiing. Tor Arne Kroken får stå heilt aleine inne i 16 meteren, og kan ikkje unngå å score når han er heldig å får ballen etter eit mislykka skot av ein MSIL-spelar. Geir Roar Gamlem er sjanselaus på avslutninga frå 11-12 meter. Like etter leiarmålet er heimelaget frampå igjen, men Norborg får denne gangen avverja. Norborg hadde store problem mot temposterke MSIL-spelarar og fekk aldri til noko skikkeleg spel. Omgangen var også prega av personlege feil hjå gjestane. Få sjansar Etter kvilen startar Norborg best og har eit lite initiativ utan at det fører til nokon store målsjansar. Men gradvis tek heimelaget over kampen igjen og bit seg fast inne på Norborg sin banehalvdel. Men bortsett frå nokre farlege hjørnespark skapte dei få sjansar. Faktisk er det Norborg som får den første store sjansen i 2. omgang etter ca. 25 minutt. Men Kim Idar headar rett på keeper etter godt forarbeid av Christopher Urkedal og Stig Wold. Like etter er MSIL frampå, men spissen bomma på ballen då han skulle skyte. Norborg tek over mot slutten Etter ei lita vatningspause startar Norborg å ha ballen meir og meir, og kjem seg til nokre skot og hjørnespark. Etter 35 minutt av 2. omgang legg Kristian ein god corner på Kim Idar sitt hovud, men headinga går rett på keeper. Fem minutt før slutt legg Kristian eit frispark på bakarste stople der Eirik York er. Han har spiss vinkel og headar på langs av mål bort til Morten Kalvø som headar ballen over frå 2 meters hald. Her burde utlikninga ha kome. Skulle hatt straffe Norborg opptrer med stor strekk i laget og spelet bølgjer fram og tilbake dei siste minutta. På overtid blir Kim Idar spelt igjennom, men han blir haldt og dratt ned av ein MSIL-forsvarar. Kim Idar ropar på straffe, men dommaren vinkar spelet vidare. – Ei klar straffe, uttalar Kim Idar etter kampen. Dermed ebba kampen ut med ein fullt fortent, men kanskje ein litt heldig siger til heimelaget. Sløv kamp av Norborg Norborg har i den seinare tid imponert, men i dag fekk vi sjå ei skuffande forestilling frå dei oransje. Aggressiviteten var langt dårlegare, varmen får ta litt av den skylda, oppspela og pasningane var upresise og det var ofte stor avstand mellom ledda. Dette førte til at ein aldri fekk lagt noko skikkeleg press på MSIL/LIL2. I tillegg utnytta ein for dårleg det store rommet som ein fekk på høgresida. Dette vart forbetra i 2. omgang, men ein mangla ein storvaksen spiss som kunne ta seg av dei legga som kom. Norborg sin beste spelar var i dag Morten Kalvø. Han spelte godt i forsvar og tok også ein del initiativ framover på bana. Dette var siste kamp før ferien for Norborg sin del. Det neste på programmet er Øyacup som går til helga. Første seriekamp etter ferien er heimekampen mot Ellingsøy 9. august. |