Kvamsøy – Norborg 1-9

Kvamsøy – Norborg 1-9 (1-3)
Sunnmørshallen, 01.02.03

4 målsjansar 23
3 hjørnespark 6
2 2
1
0

Kim Idar Krogsethagen (21, 41, 66)
Christopher Urkedal (55, 82, 84)
Stein Erik Reitan (39)
Steffen Grytten (48)
Kristian Søviknes (57)

Kvamsøy: John Kristian Rusten (26)

Gult kort Norborg: Kristian Søviknes og Christopher Urkedal
Dommar: Hans J. Finnsæther, AaFK

Laget: Geir Roar Gamlem – Christian Søvik (Stig Wold, 77), Kenneth Vegsund, Knut Ivar Bjørlykhaug (Amund Terøy, 67), Stig Wold (Asgeir Kalvø, 46) – Kristian Søviknes, Eirik York (Jan Vatnehol, 46), Stein Erik Reitan (Geir Ove Tennfjord, 67), Alexander Gamlem (Steffen Grytten, 46) – Gustavo Pedreira (Christopher Urkedal, 46), Kim Idar Krogsethagen (Edward Laverton, 67)

Norborg fekk som venta liten motstand i den første vintercupkampen og vann greitt 9-1. Gledeleg var det at så mange juniorspelarar hevda seg godt, og nykommar Christopher Urkedal utmerka seg med å skåre hat-trick i den omgangen han spelte.

Norborg mangla fleire sentrale spelarar og stilte dermed med mange juniorar i troppen mot Kvamsøy. Heile fem stykker fekk sin debut i denne kampen.

Kim med årets første
Norborg starta kampen litt famlande, og Kvamsøy fekk til nokre brukbare innlegg frå høgrekanten men utan resultat. Etterkvart kom divisjonsforskjellane til syne, og det var svært fortent då Norborg tok leiinga etter dryge 20. minutt. Kim Idar Krogsethagen var den som fekk æra av å skåre sesongen første norborgmål då han fekk stå umarkert å heade eit Gustavo innlegg i mål

Vegsund-rot
Norborg såg ut til å ha full kontroll på oransjetrøyene frå Kvamsøy. Dette ville den elles så stabile Kenneth Vegsund gjere noko med. Han dribla først ein gong i forsvaret for å miste ballen, fekk den tilbake, og gjorde det samme igjen, men då var flaksen over og utlikninga var eit faktum. Geir Roar Gamlem i målet kunne lite gjere med avslutninga frå ca. 10 meter.

Reitan perle
Dryge fem minutt før pause tok Norborg igjen leiinga. Og for eit mål. Stein Erik Reitan får ballen heilt ute på sidelinja og sender ballen i ei perfekt boge over keeper. Vakkert! Berre to minutt seinare får Norborg frispark midt på Kvamsøy sin banehalvdel. Kristian Søviknes legg ballen i feltet og Kim Idar stussheadar ballen i mål.

Norborg leia fortent 3-1 til pause, men imponerte ikkje. Rusk i forsvaret, store avstandar mellom ledda og sløsing med sjansar er nøkkelorda.

Steffen punkterar kampen
Til 2. omgang gjer Norborg fire bytter. Blant anna kjem debutantane Asgeir Kalvø og Christopher Urkedal på bana. Og det tok ikkje lang tid før Christopher presenterte seg. Først er det berre ein ypparleg beinparade frå Kvamsøykeeperen som hindrar han i å skåre, men ti minutt ut i omgangen får han sitt første mål i Norborgtrøya. Han vinn sjølv ballen, driblar og sette ballen sikkert i mål. Men 2. omgangs første mål og punktering av kampen var det Steffen Grytten som stod for. Han får ein perfekt ball ifrå Søviknes og får ein enkel jobb med å trille ballen i mål.

Etter dette var det berre spørsmål på kor stor sigeren skulle bli. Kristian Søviknes ordna 6-1 på eit hardt og velplassert skot. Kim Idar dunka inn 7-1 på ein retur etter eit Reitan skot.

Gamlem tilbake med strafferedning
Norborg gjorde så fleire bytter. Inn kom debutantane Edward Laverton og Amund Terøy, samt Geir Ove Tennfjord. Med 7-1 dabba Norborg av for ein periode, og Kvamsøy fekk blant anna eit billeg straffespark. Situasjonen oppstod då Amund Terøy stod i vegen for ei Kvamsøy avslutning etter ein corner. Kvamsøy sin kaptein Thomas Ristesund gjekk fram å tok straffa, men skotet vart glimrande redda av Geir Roar.

Debut med hat-trick
Dei ti siste minutta får Norborg igjen opp tempoet og skåra to mål. Begge signert debutanten og då hat-trick målskårar Christopher Urkedal. Sjølv om motstanden ikkje var all verda så viste Christopher at han kan bli ein mann å rekne med i år. Bra teknikk, fysikk og fart, samt eit auge for mål.

I 2. omgang var det klasseforskjell på laga. Norborg fekk betra presisjonen på både pasningane og avslutningane og det var ingen tvil kor sigeren skulle hamne. Ei bra sesongopning for Norborg med andre ord. Spelarane som spesielt utmerka seg var Stein Erik Reitan, som la ned ein solid jobb på sentral midtbane, samt dei to hat-trick målskårarane Kim Idar Krogsethagen og Christopher Urkedal.

Kva så med Kvamsøy? Dei hadde nokre spelarar som haldt eit brukbart nivå, men alt i alt vart det for ujamnt. I tillegg er dei kanskje det mest uorganiserte laget vi har sett på a-lagsnivå. Etter 90. minutt kan vi fortsatt ikkje seie kva slags formasjon dei spelte. Tipset går ut på ein slags 3-5-2 formasjon. Noko dei i så fall beherska dårleg.

Norborg spelar sin neste kamp på laurdag kl. 19, også den inngår under vintercupen.