Harøy – Norborg 0-13 (0-3)
Treningskamp, Harøy gamle stadion, 30.03.03
0-1 Kim Idar Krogsethagen (1)
0-2 Kim Idar Krogsethagen (9)
0-3 Gustavo Pedreira (30)
0-4 Sjølvmål (51)
0-5 Geir Ove Grønli (53)
0-6 Kim Idar Krogsethagen (57)
0-7 Geir Ove Grønli (62)
0-8 Kenneth Vegsund (64)
0-9 Geir Ove Grønli (74)
0-10 Geir Ove Grønli (77)
0-11 Christopher Urkedal (83)
0-12 Kim Idar Krogsethagen (85)
0-13 Stein Erik Reitan (87)
Dommar: Svein Ove Søholt, Harøy -3
I ein kamp som starta på ei snødekt grasbane, blei avslutta av ein andre omgang med strålande sommarvær og eit målhungrig bortelag. Etter 3-0 til pause kunne dei oransje til slutt reise heim med 13-0 i bagasja !
Harøy mangla i følgje seg sjølve fleire viktige spelarar til denne kampen, utan at det er heile årsaka til det sviande nederlaget.
Stor gjestfrihet av Myklebust
Allerede etter førti sekund spel kjem kampens første mål. Harøykeeper Arve Myklebust er svært gjestfri overfor Kim Idar Krogsethagen som får ballen på gullfat etter ein forferdelig sleiv av Myklebust. Kim takker for tilbudet, og sett inn kampens første mål.
Etter ni minutt er det klart for dobling av ledelsen. Stein Erik Reitan drar seg fint igjennom inne i feltet før han blir lagt i bakken. Sikker straffeekskutør for ein gangs skyld er Krogsethagen som sender keeperen feil veg, og ballen i det rette hjørnet.
Utover i omgangen spelar Norborg seg fram til fleire gode posisjoner som kunne gitt mål, men felles for alle er at dei blir feilaktig avblåst for offside av kampens dommar.
Harøy har to store sjansar i løpet av første omgang. Først reddar Geir Roar Gamlem nydelig ei gjennomløping, medan Johannes Huse presterar å bomme for så å si åpent mål og fire meters hald etter nesten ein halvtime spel.
Brasiliansk mål i snødrevet
Etter ein halvtime er det klart for første omgangs siste mål. Christian Søvik slår inn frå venstresida, og etter ein keeperretur så er det brasilianske Gustavo som kan sette ballen i mål i snødrevet som prega denne omgangen.
Norborg spelte ein god første omgang. Laget holdt ballen innad i laget, og var flinke til å bruke kantane. Diverre så vart fleire gode angrep øydelagt av feilaktige offsideavgjørsler. Harøy på sin side sleit med det meste både i denne omgangen og i kampen elles. Laget virka usikker, dårlige pasningar og svak bevegelse preget laget.
Til andre omgang gjorde Norborg tre bytte. Inn kom Tarjei Urkedal, Geir Ove Grønli og Alf Benny Skarbø, alle tre nok sjølvskrevne på Harøy om dei hadde spelt der. Nemnte Skarbø gjorde comeback etter at han spelte sin siste kamp hausten 2000. I løpet av den omgangen han spelte viste han mykje bra, og vil tydlig tilføre Norborg ein ekstra dimensjon i årets sesong.
Målorgie
I andre omgang vart vi vitne til reine målorgien. Etter seks minutt kjem det første av ti mål. Etter ei pasning frå Geir Ove Grønli pressar Kristian Søviknes høgrebacken til å sette ballen i eige mål. To minutt seinare er det Grønli som header inn eit innlegg frå Christian, og fire minutt seinare bruker Kim hovudet å sett ballen i mål på fremste etter ein corner frå Søviknes.
Etter dette må vi vente heile fem minutt på neste mål, og for eit mål vi vart vitne til. Norborg spelar seg ut av eige forsvar med enkle pasningar langs bakken. Høgreback Stig Wold spelar opp på Christopher Urkedal som har komt inn på topp. På første touchet flikker han ballen vidare med hælen til Reitan som er på løp rett igjennom Harøyforsvaret. Han tar med seg ballen ned til linja før han legg ballen på femmeteren til Grønli som ikkje kan bomme, og stillinga er 7-0.
8-0 kjem to minutt seinare. Denne gangen er det Kenneth Vegsund som sett ballen i mål frå 45 meter på eit frispark over keeper. Ni og ti null sett Grønli inn på ekte Grønlivis inne i feltet.
Christopher Urkedal sett inn 11-0 når han får lønn for iherdig pressing på topp, og vinn ballen foran keeper som blir runda og ballen trilla inn i mål. Krogsethagen ordnar 12-0 på eit skot nede ved stolpen, medan kampens siste mål blir satt inn av dagens spelar Stein Erik Reitan. Langskotet frå 25 meter går innom strømpa til Wold før den såvidt trillar over streken. Den var det futt i Reitan !
Bra kamp
Norborg heva seg kraftig frå sist helgs tap i denne kampen. Pasningskvaliteten, bevegelsen og breidda i angrepet vart nytta på ein fin måte. I tillegg holdt man eit høgare tempo med ballen enn Harøy. Eit Harøylag som også virka dårlegare trent enn gjestane frå fastlandet.
Neste kamp for Norborg er borte mot Vigra på laurdag. Etter dette ventar det ei veke i Danmark der serieforma skal finpusses før første seriekamp 3.påskedag mot MSIL/LIL2 heime.
Laget: Geir Roar Gamlem – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Christian Søvik (Asgeir Kalvø 60) – Steffen Grytten (Tarjei Urkedal 45), Eirik York (Alf Benny Skarbø 45), Stein Erik Reitan, Kristian Søviknes (Kim Idar Krogsethagen 82) – Gustavo Pedreira (Geir Ove Grønli 45), Kim Idar Krogsethagen (Christopher Urkedal 60)