Godøy – Norborg 3-2

Godøy – Norborg 3-2 (3-0)
5 sjansar 8
3 hjørnespark 9
1
1
0 0

Arena: Godøybana gras, 06.09.03

Tilskodarar: ca. 100

1-0 Jøgvan Valkvæ (4)
2-0 Erlend Holmen (7)
3-0 Jøgvan Valkvæ (9)
3-1 Morten Kalvø (52)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (90+2)

Dommar: Kjell Heltne, Spjelkavik -6

Norborg sine tre beste:

Morten Kalvø -7
Kim Idar Krogsethagen -7
Tarjei Urkedal -7

Dagens bilete

Laget:
Geir Roar Gamlem

Steffen Grytten
– (Bjørn Urkedal, 90+3)
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Roger Grytten

Christian Søvik
– (Asgeir Kalvø, 81)

Eirik York
Stein Erik Reitan
– (Jan Vatnehol, 84)
Tarjei Gjerset Urkedal

Kim Idar Krogsethagen
Bjørn Urkedal
– (Christopher Urkedal, 57)

Eit aggressivt Godøy-lag ga Norborg ei oppvisning i effektiv fotball dei første ti minutta. Heile tre gonga måtte Norborgkeeper Geir Roar Gamlem plukke ballen ut av nota. Norborg kom seg etterkvart til hektene og skapte mange gode sjansar, men diverre var det berre to av forsøka som enda med mål.

Norborg i sebratrøyer!
Norborg fekk ei dårleg oppladning til denne kampen. Først kom beskjeden om at Geir Ove Grønli ikkje kunne spele på grunn av ein ryggskade, og så måtte ein til og med spele i Godøy sine bortetrøyer. Dette fordi Godøy sine raude og Norborg sine oransje likna for mykje på kvarandre. Og for å seie sanninga: Norborg sine spelarar kledde dei SIF-liknande (svart og kvitstripa) trøyene utruleg dårleg.

Katastrofal opning
Norborg tok avspark, og vi ante uro då Norborg spelte ballen bakover og trilla ballen i forsvarsleddet før ein slo den umotivert utover sidelinja. Det heile virka svært tamt og forsiktig. Norborg bruker jo til vanleg å gå rett i angrep. Og følelsen av at Norborg sine spelarar ikkje var på tå hev skulle raskt vise seg å vere riktig. Godøy gjorde som dei ville dei neste minutta og omgjorde norborgarane til lilleputtspelarar.

Måla kom svært raskt. Etter 4 minutt kjem Knut Inge Westad seg rundt på kanten, legg lavt inn framfor mål der Jøgvan Valkvæ dukka opp å putta ballen bak Geir Roar. Vi håpte det var dette som skulle til for å vekke Norborg sine spelarar, men nei. Godøy fortsette å gjere det dei ville, og etter 7 minutt dobla dei leiinga. Målet kom etter at Godøy hadde fått eit frispark ved midtstreken på si høgreside. Ballen vart slått hardt mot mål der Erlend Holmen får stå å heade ballen i mål. Her stod Norborg sitt forsvar nok ein gong å søv. Og sjølv jubelen til godøyingane vekte ikkje Norborg. For to minutt seinare kom raudtrøyene igjen på måltokt. Jøgvan Valkvæ mottar ballen, skjer inn i 16 meteren og skyt stolpe inn. 3-0, og ein skikkeleg tankevekkar for Norborg.

Gradvis meir med
Etter denne sjokkopninga frå heimelaget starta Norborg å gradvis kjempe til seg banespelet. Etter vel halvspelt omgang kjem også den første halvsjansen då Stein Erik Reitan får til eit brukbart skot frå 20 meter. Nokre minutt etter kjem den første store sjansen. Tarjei Urkedal kjem seg rundt på kanten og legg perfekt inn til Bjørn Urkedal som smell til på volley, men ballen fyk rett til vers i staden for nota.

Etter 32 minutt blir eit frispark frå 35 meter redda på strek, og nokre minutt seinare er Tarjei frampå med eit skot frå 16 meter. Men mål blir det ikkje. Like før pause får Godøy ein stor sjanse ved Jøgvan Valkvæ, men han presterer å skyte over mål frå 3 meter.

Tidleg redusering ga håp
Etter pause går Norborg hardt ut og presser heimelaget tilbake på bana. Den fortente reduseringa kjem 7 minutt ut i omgangen. Kenneth Vegsund slår ein presis corner på hovudet til Morten Kalvø som headar kontant i nota. Og Norborg speler seg dei neste minutta fram til fleire hjørnespark og sjansar. Frå det 54. til det 56. minutt har Kim Idar Krogsethagen tre brukbare sjansar til å score, men ballen ville ikkje i nota. Like etter er det Christian Søvik som er nær ved å score på ei heading etter ein corner.


Norborg spaknar
Men etter eit kvarter med kraftig press frå Norborg startar det heile å jamne seg ut igjen. Norborg greier ikkje å halde intensiteten oppe og legg seg litt lågare i pressleddet. Godøy greier ikkje å skape noko spesielt, men er godt organisert og ser ut til å ha full kontroll på kampen. I tillegg prøvde Godøy-keeperen å sette verdsrekord i uthaling av tid då han sprang nærmast utpå Alnes for å hente ein ball. – Skal han heim å ete middag, kom det spontant frå Roger Grytten. Den einaste skikkelege sjansen som blir skapt mellom det 60. og 90. minutt er då Kim Idar riv seg laus og skyt i nettveggen. Godøy var gjennom heile kampen svært obs på Kim Idar og flokka seg rundt han med ein gong han fekk ballen.

Spenning på overtid
Når 90 minutt passera startar Norborg eit desperat forsøk på å få mål. Først tråkla Kim Idar seg igjennom Godøy-forsvaret, men tek seg litt for dårleg tid aleine med keeper å skyt rett på han. Minuttet etter får Norborg frispark frå 25 meter. Kim Idar skyt godt, men ein godøying står ved stolpen og reddar på streken. Så endeleg. To minutt på overtid får Kim Idar målet sitt då han heada inn eit perfekt slått frispark av Kenneth Vegsund. Men løpet var likevel kjørt. Etter fem tilleggsminutt (ikkje eitt minutt for lite) bles dommaren av for full tid til ellevill jubel frå godøyingane.

Hadde fortent poeng
Norborg tapte denne kampen på grunn av ti håplause minutt. Det er lenge sidan Norborg har blitt rundspelt så kraftig som i desse opningsminutta mot Godøy. Absolutt ingenting stemte, medan alt gjekk Godøy sin veg. Ser vi så på dei siste 75-80 minutta så kan Norborg-gutane vere nokså fornøgd. Ein vann iallfall denne perioden 2-0. Men ein spelte likevel aldri opp mot sitt beste. Spelet vart litt for oppjaga og stressa til at ein fekk den gode flyten som ein har hatt tidlegare i haust. Spelet vart litt for lett å lese for motstandaren, og kantspelet som har fungert så bra i haust, vart for enkelt å demme opp for. Men likevel. Norborg skapte nok sjansar til å score både 3 og 4 mål. Men det var berre dagen ein ikkje skulle lykkast.

På Norborg synst vi kaptein Morten Kalvø gjorde ein god jobb i forsvarsfireren og i tillegg scorte han sitt første seriemål denne sesongen. Tarjei Urkedal jobba steinhardt gjennom heile kampen, og Kim Idar Krogsethagen greidde etterkvart å kome seg til fleire gode sjansar sjølv om han hadde minst tre mann rundt seg til ein kvar tid.

Godøy til topps
Med denne sigeren gjekk Godøy til topps på tabellen, og sidan Vigra tapte for Åmdal har laget skaffa seg eit svært godt utgangspunkt i opprykkskampen. Norborg må konsentrere seg om å ta 3. plassen.

Positivt å sjå at mange norborgarar tok turen til Godøya denne ettermiddagen. Vi håper mange tek turen til Søvikdalen for å sjå den viktige kampen mot Åram/VFK førstkomande laurdag. Eirik York blir også å finne på tribuna i den kampen grunna karantene for 3 gule kort.

Kommentarar etter kampen:
– Når det tek eit kvarter før vi vaknar kan vi ikkje forvente å vinne. Men ej er godt fornøgd med andre omgangen. Vi hadde fortent poeng i dag, sa trenar Sindre Hildre.
– Vi nekta å gi opp. Det er fortsatt fire kampar igjen, sa ein innbitt og svært skuffa Eirik York.
– Norborg er det beste laget som har besøkt oss i år, sa ein vis godøying.