Brattvåg – Norborg 5-0 (1-0)
Treningskamp, Brattvåg kunstgras, 17.02.03
14 målsjansar 3
5 hjørnespark 0
0 1
1-0 Lennart Holmem (27)
2-0 Kristian Grønmyr (55)
3-0 Kjartan Myklebust (58)
4-0 Kjartan Myklebust (75)
5-0 Kjartan Myklebust (78)
Laget: Geir Roar Gamlem – Steffen Grytten, Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Stig Wold – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem – Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton Innbyttarar: Jan Vatnehol, Asgeir Kalvø, Christopher Urkedal og Amund Terøy (alle benytta)
Brattvåg tok ein fortent siger over eit svært ungt Norborg-lag. Etter ein lite velspelt 1. omgang der det vart mest kjemping, sette Brattvåg innpå kavaleriet etter pause. Leia av Kjartan Myklebust og Frank Dalhaug auka Brattvåg leiinga jamt og trutt til det stod 5-0.
Norborg mangla mange a-spelarar til denne kampen. Vi nemner i fleng Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund, Roger Grytten, Tarjei Urkedal, Gustavo Pedreira og Geir Ove Grønli. Med desse ute kom Norborg sin gjennomsnittsalder ned i 20,6 år. Heldigvis valde Brattvåg å ikkje toppe laget frå start, men teste ut fleire spelarar.
1. omgang
Brattvåg sine spelarar gjekk aggressivt ut og vann dei fleste duellane på kunstgraset i Brattvåg. Det gjekk likevel eitt kvarter før den første skikkelege målsjansen kom. Ein BIL-angripar får avslutta inne i 16meteren, men Geir Roar Gamlem redda flott og sette i gang ei kontring for Norborg. Spisstalentet Edward Laverton får ballen ute på venstresida og sende av stad ein utsøkt lobb over Brattvåg-keeper Espen Wold, men diverre traff ballen tverrliggaren. Nokre minutt seinare får heimelaget frispark på høgresida si. Ballen blir slått inn i feltet der ein brattvågar får avslutta med hovudet, men frå god posisjon gjekk avslutninga utanfor.
Etter 27. minutt tek Brattvåg leiinga i kampen. Ballen blir slått i bakrommet, Lennart Holmen spring frå Norborg-forsvaret og lobbar elegant over Geir Roar og i mål. Etter dette kjem Norborg meir med i kampen. Ein starta å vinne duellane og pasningskvaliteten vart noko betra, men dei store målsjansane uteblei. Det som kunne ha blitt ein stor målsjanse ved Kim Idar Krogsethagen, vart avblåst for dytt i rygg. Noko Kim var sterkt ueinige i. Eitt par minutt før pause går så ballen i mål bak ex-norborgar Espen Wold, men Kim sitt mål vart avblåst for offside.
2. omgang
Brattvåg gjorde nokre bytte til 2. omgang. Kjartan Myklebust kom inn på topp, medan Frank Dalhaug kom inn på midtbana. Dette førte til at Brattvåg tok fullstendig over spelet frå første spark. Ti minutt ut i omgangen får Brattvåg 2-0. Heimelaget får til ei skikkeleg god kontring der ballen gjekk hurtig og ein skapte eit overtal mot Norborg sitt forsvar. Kristian Grønmyr fekk æra av å sette inn målet.
Like etter vart det 3-0. Kjartan Myklebust får til eit godt skot ifrå 16meters hald, og ballen fyk inn ved lengste stolpe. Brattvåg fortsette presset på Norborg, men mål vart det ikkje før eit kvarter før slutt då Brattvåg får frispark på si venstreside på kanten av 16meteren. Den samme Myklebust klinka så ballen i lengste kryss. Tre minutt etter sette Myklebust inn sitt tredje og Brattvåg sitt femte. Brattvåg roa seg etter dette, og let Norborg få låne ballen. Like før slutt er Kristian Søviknes nær ved å redusere på eit frispark, men ballen gjekk i tverrliggar. Edward var framme på returen, men frå kloss hald gjekk avslutninga over.
Norborg hadde ikkje så mykje å stille opp med mot Brattvåg. Ein tapte dei fleste duellane, ballen gjekk for seint og pasningane vart for upresise. Laget var ikkje til å kjenne igjen frå laurdagens 2. omgang, men så er nok Brattvåg eit betre lag enn Ellingsøy, og ein mangla endå fleire spelarar enn i den kampen. Det positive var at ein fekk ei god treningsøkt og igjen teste ut sine unge spelarar på eit høgt nivå. Og heldigvis slepp ein å møte så god motstand i 4. divisjon.
Kva så med Brattvåg? Brattvåg framstod som godt organisert, aggressive og ein greidde å stresse Norborgspelarane til å gjere feil. Dei spelte også med stor rørsle og med god pasningskvalitet. Sjølv om dagens Norborg-lag ikkje var nokon målestokk, så kan vi seie at eit toppa Brattvåg-lag vil kjempe blant dei tre beste i årets 3. divisjon.