Årskavalkade 2003

Ayia Napa – grytagjengen i Norborg okkuperte i sommar Kypros og på veg til Ayia Napa kom ei dame med følgjande kommentar; – Jeg er glad vi ikke skal dele hotell.

Brannskade – Veggen hadde forbud mot fyrstikker på dugnader, dermed var Morten brannfri dette året.

Campingvogna – skaper fortsatt like mykje oppmerksomhet og misunning frå tilreisande lag.

Damelaget – imponerte på slutten av sesongen. Slo Stranda 12-3, og vann 3-2 mot Brattvåg på innandørsKM.

Elendig – 3-4 for Hovdebygda, 4-6 for Åmdal og gutelaget sin 2-2 kamp mot Sulalaget kan skrives på kontoen elendig.

Fansen – støtta oppom klubben på ein imponerande måte. Frode Urke vart kåra til årets supporter.

Grytastranda – vann for tredje året på rad over Søvik i bygdakampen.

Haugan, Øystein – vart ansatt som ny Norborgtrenar frå hausten 2003.

Internett – Norborg si heimeside www.norborg.com opplevde ein enorm oppsving gjennom sesongen. Frå 750 treff i veka i januar, enda man med over 1900 i veka i desember.

Jentefotball – er stadig i ei rivande utvikling, og Norborg stilte med reine jentelag i alle årsklasser i år.

Kake – sjølv ei lita pepperkake kan skape ein del harme og irritasjon.

Latskap – Vebjørn Grytten foretrakk playstation-speling framfor fotball denne sesongen.

Molde – gutelaget spelte to treningskampar mot Molde. På grusen i Uggedalen tapte man 1-5, medan på gamle Molde stadion vart det 6-3 tap etter hat-trick av Edward Laverton.

Nedrykksstrid -vart etterkvart fjernare og fjernare for det framgongsrike Norborg.

Opprykk – gutelaget rykka opp frå 2.divisjon, og leverte mange fine kampar i løpet av sesongen.

Pokalar – Grytastranda vart lova vandrepokalen viss dei vann tre år på rad. Etter den 3. strake sigeren forandra “snesen” dette talet til 10!

Quizen – vart vunne av Eyvind York, Norborg sitt kloke hovud, atter ein gang

Røntgenbilde – gutelaget var hyppig innom Sjukehuset for røntgenbildetaking. Rykta skal ha det til at dei driv å bygge eit komplett bilde av Knut Ivar.
Sindre Hildre – ga seg som trenar i Norborg etter 5 fine sesongar. Takk for alt og kvil i fred!
Toppskårar – Kim Idar Krogsethagen vart suveren toppskårar i 4.divisjon med 32 fulltreffarar.

Uheldig – Knut Ivar Bjørlykahaug imponerte under vinteroppkøyringa, men var uheldig å brakk foten på to plasser i første seriekamp på gutelaget. Kom tilbake på rekordtid, og var tilbake på bana etter ti uker.

Video – Roger lovde og lovde. Sesongfilmen 2002 skulle kome hausten 2002, men vi ventar stadig…

Walkover – smågutelaget feide alle av bana på Noreg si største innandørsturnering Tare Cup. I finalen vann Norborg1 7-0 over Norborg2.

X, romartal 10 – så mange mål putta Norborg på Åmdal i løpet av sesongen.

Yngle – det yngla av fotballtalent i Norborg. Alle lag opp til guteklassa er av Sunnmøres best.

Zero – ingen mål i ein gutekamp er sjelden. Likevel vart det eit faktum etter gutelaget sin seriekamp mot Stranda som enda 0-0.

Ære – Norborg kom på ein ærefull 5. plass i sin første sesong i 4. divisjon på 20 år.

Øyacup – Norborg vann festen, fotballkampane og stakk av med alle prisane. Ein Øyacup utenom det vanlege av Norborg, med unntak av festen som var av prima kvalitet og kvantitet.

Åfk – sitt juniorlag vann 19-0 mot juniorane våre.