Tjørvåg-Norborg 2-0 (0-0)
Munkvoll stadion, 08.05.02
9 sjansar 6
6 hjørnespark 3
2 0
1-0 Bjørge Worren (70)
2-0 Worren (85)
Dommar: Tor Bjermeland, Spjelkavik -5
Laget: Kurt Erik Grytten – Vebjørn Grytten, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Øyvind Farstad – Kristian Søviknes (Gustavo Pedreira, 61), Geir Ove Grønli (Jan Vatnehol, 80), Stein Erik Reitan, Steffen Grytten (Stig Wold, 46) – Christian Søvik (Geir Ove Tennfjord, 80), Kim Idar Krogsethagen
Norborg var på høgde med Tjørvåg før pause, men i 2. omgang tok heimelaget over spelet å vann fortent etter to mål av Bjørge Worren.
Norborg mangla gode spelarar som Kenneth Gamlem, Tarjei Gjerset Urkedal og Roger Grytten i denne kampen, men hadde tru på poeng i denne toppkampen etter at ein hadde fått Morten Kalvø tilbake frå skade.
Kampen starta med eit Tjørvåg press der dei kom til nokre avslutningar før Norborg fekk orden på spelet. Etter dette vart det ein spelemessig jamn kamp utan dei heilt store sjansane. Norborg sin største sjanse kom då Kim Idar Krogsethagen kom igjennom, men lobben han prøvde på gjekk utafor. Kim Idar var mannen bak dei fleste moglegheitene for Norborg. I tillegg til lobben hadde han eit godt frispark frå 20 meter og ei heading han ikkje fekk kraft bak så keeper redda enkelt. Tjørvåg sin største sjanse i omgangen var då Preben Hestad var aleine med keeper Kurt Erik Grytten, men han sette ballen utafor.
2. omgang startar omtrent som første, og Tjørvåg har føringa i kampen utan å skape dei heilt store sjansane. I det 70. minutt skårar heimelaget. Bjørge Worren mottar ei langpasning, Worren står i offside, men dommaren lar den gå og aleine med keeper gjer Worren ingen feil. Fem minutt seinare er Kim Idar frampå med eit skot frå 30 meter, men keeper gjer ei god redning. Dei siste minutta pressar Norborg på for å få ei utlikning, men i staden er det Worren som gjer 2-0. På slutten fekk Geir Ove Tennfjord sjansen til å redusere. Sjansen kom etter eit godt legg av Øyvind Farstad. Gustavo Pedreira headar ballen vidare til Geir Ove som headar like over. Dermed endar det med ein fortent Tjørvåg siger.
Norborg gjorde ein brukbar 1. omgang der laget hadde bra rørsle og innsats, men i 2. omgang fall ein tilbake til Blindheim/Emblem takter der ein var stilleståande og slapp. Norborg har ikkje fått den sesongenstarten ein ønska, men dersom ein får opp spelehumøret og rørsle utan ball så vil poenga kome.
Spelarvurdering:
Kurt Erik Grytten: 7
Hadde eit par gode redningar og kunne ikkje gjere noko med måla.
Vebjørn Grytten: 6
Gjorde ein god 1. omgang, men andre trekk ned. Var feilplassert ved 2-0 målet og hadde mange feilpasningar.
Kenneth Vegsund: 7
Som vanleg bra i lufta og spelte sikkert, men mangla dei velkjende og presise langpasningane.
Morten Kalvø: 6
Jobba bra, men var litt rusten. Feilplassert på andre målet.
Øyvind Farstad: 7
Spelte på det jamne. Gode legg. Ingen feil.
Kristian Søviknes: 6
Kom seg ein del rundt på kanten, men legga vart nesten alltid for kort. Fekk elles til lite.
Stein Erik Reitan: 6
Jobba godt i 1. omgang, men vart etterkvart usynleg. Brukte sidene for lite.
Geir Ove Grønli: 7
Suveren i lufta. Vann duellane. Må få opp kondisjonen.
Steffen Grytten: 5
Vart lite brukt og var derfor usynleg. Bytta ut ved pause.
Kim Idar Krogsethagen: 7
Jobba til tider hardt. Hadde stort sett det som var av norborgsjansar, men slit med avslutningane.
Christian Søvik: 5
Nedtur sidan sist kamp. Hadde mange feilpasningar og dårlege mottak. Bra fart, men vart for usynleg.
Stig Wold: 6
Hakket betre enn Steffen, men vart også lite brukt. Jobba mykje og viser at kondisjonen er i orden.