Stranda2 – Norborg 1-6

Stranda2-Norborg 1-6 (0-3)
Mona stadion, 07.09.02

3 sjansar 12
4 hjørnespark 6

0-1 Kim Idar Krogsethagen (7)
0-2 Krogsethagen (30)
0-3 Krogsethagen (43)
0-4 Krogsethagen (50)
0-5 Geir Ove Grønli (70)
1-5 Knut Erik Aal (80)
1-6 Grønli (str.85)

Dommar: Christian Chaspersen, Aafk – 6

Laget: Steffen Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund – Kristian Søviknes, Jan Vatnehol, Stein Erik Reitan, Eirik York – Kim Idar Krogsethagen, Geir Ove Grønli
Innbyttarar: Vebjørn Grytten, Vegard Vegsund og Torstein Volstad
(alle benytta)

Norborg leverte ein dårleg kamp borte mot Stranda sine nest beste, men når motstanden ikkje er betre vart det likevel ein sikker bortesiger. Kim var i skikkelig skoringsform, og signerte fire mål.

Norborg mangla til denne kampen Alexander Gamlem grunnet sjukdom i tillegg til dei som er vekke på skule og militærteneste. I hans fråvær spilte Eirik York høgre midtbane.

Tidleg leiing
Dei første minutta av kampen var prega av mykje feilval, dårleg rørsle og eit effektivt gjestelag. Etter sju minutt vinn Kristian Søviknes ballen høgt oppe på venstresida. Etter litt fram og tilbake framfor Strandaforsvaret smett Kim igjennom å sett ballen sikkert i nota. Etter dette er det ikkje mykje som skjer før det siste kvarteret av omgangen.

Avgjør kampen

Etter ein halvtime får Geir Ove Grønli tak i ballen på midten. Han slår ein fin stikker til Kim Idar, som runder keeperen og triller ballen i mål.

Etter dette er heimelaget frampå med sine beste moglegheiter. Begge kjem etter frispark frå 20 meter, men på begge er Steffen fint med å reddar med sine uortodokse beinparadar nede ved stolpen. Men det var gjestane som skulle få eit mål til før pause.

Først er Kristian nære på når han får ein lang fot på eit innlegg inn i feltet, men ballen går i stolpen. Eitt minutt seinare skjer det. Christian Søvik bryt ei klarering frå Stranda. Triksar med seg ballen frå midten til dødlinja, før han slår eit perfekt innlegg langs bakken til Kim på bakarste som breisida ballen inn til pauseleiing 3-0.

Full kontroll – dårleg kvalitet
Det går ikkje mange minutt av andre omgang før Kim signerer sitt fjerde mål for dagen. Eit langt oppspill frå Kristian plukker han ned på sekstenmeteren. Etter å ha dratt av midtstopparen, sett han ballen kontant i mål frå 20 meter.

5-0 blir satt inn av Geir Ove etter eit framspill frå Kim. Frå sekstenmeteren lobbar Grønli ballen i mål.

Etter dette er Jan Vatnehol nære på med fleire gode skotforsøk, Vebjørn får annullert eit mål etter eit fint angrep i midten, Grønli har noen nesten headingar, men den største sjansen har vel Stein Erik Reitan. Kenneth Vegsund slår eit langt oppspill til Kristian på venstrekanten. Han tar med seg ballen på en-touch forbi backen, og spiller inn til Stein. Men frå 12 meter styrer han ballen like over vinkelen.

Unødvendig mål imot
Ti minutt før slutt får Stranda2 ei unødvendig redusering. Norborg får ikkje heilt klarert ballen inne i sekstenmeteren, og Ole Kristian Lid sett ballen utakbart for Steffen i mål. Kampen siste mål signerer Grønli sikkert frå straffemerket, etter at Stein Erik blir felt inne i sekstenmeteren på et av sine mange raid.

Totalt sett ein fortent bortesiger, men innsatsen, presisjonen og vilja til å blø for Norborg må opp til neste kamp. Viss ikkje kan det fort bli tre tap på slutten av sesongen.

Kampen var også den minst sette Norborgkampen i år, med berre to tilskodarar. Dette var Geir Magne Grande og Madeleine Dale frå Grytestranda !

Spelarvurdering:

Steffen Grytten: 6
Roleg dag på jobben. To gode inngrep i 1.omgang på forholdsvis enkle Strandaforsøk. Sjanselaus på målet.

Jan Even Drønnesund: 6
Varierande. Nokre gode oppspill mot sentral blir følgt opp med dårlege langpasningar. Pluss for nokre susande sklitacklinga.

Morten Kalvø: 6
Stødig, men slurvar uvanleg mykje med ballen i beina. Årets dårlegaste kamp frå kapteinen ?

Kenneth Vegsund: 6
Er sjuk, og det pregar Vegsund. Slit fælt med å slå langt mot høgre. Har et par gode gjennombrotspasninger på venstresida.

Christian Søvik: 6
Genialt vorspiel til 3-0. Elles under pari. Slit med pasningane, og har upresise oppspill.

Jan Vatnehol: 6
Vinn fleire duellar enn sist kamp, men motstanden er óg svakare. Tydleg tent på å vise seg fram før kampen, kanskje overtent ?? Har ein god tone med dommaren, som vanleg.

Stein Erik Reitan: 7
Jobber bra, har noen farlege raid og skaffar Norborg straffe.

Eirik York: 6
Spiller i ei uvant høgrekantrolle. Vinn på hovudet, men har vel aldri vert kantspelar til det manglar han fart, og høgrefoten er vel ikkje den beste til å legge inn med heller.

Kristian Søviknes: 6
Nokre innlegg, eitt skot i stolpen og pasninga til Kim sitt 4-0 mål. Elles anonym.

Kim Idar Krogsethagen: 9
Skårer fire mål, har ei målgjevande, og det er det, (men det får vel halde). Roter vekk ballen for mykje i situasjonar der han med fordel kunne ha sentra. Blir litt opptatt av å nå igjen Bjørge Worren på toppen av toppskorerlista på slutten. Pluss for å greie å unngå sitt tredje gule kort.

Geir Ove Grønli: 7
Anonym. Verkar tung og treg. Lite rørsle uten ball i beina, og daff i press. Likevel skårar han to mål og får ein assist. Sikker på straffe. Bør komme seg meir inn i feltet framfor mål. Det er der han har sin styrke.

Vebjørn Grytten: 6
Kjem inn 30 minutt før slutt på høgrekant. Slit første 10 minutta. Etter dette kjem det seg. Har noen dribleraid, og nokre brukbare innlegg. Har ikkje ork til det defensive arbeidet.

Vegard Vegsund: –
Spiller siste kvarteret som venstreback. Veldig nær skåring, men skotet frå skrått hald får keeperen redda. Positivt innhopp.

Torstein Volstad: –
Spiller siste kvarteret på høgreback. Sitt andre serieinnhopp for sesongen. 15-åringen får spilleerfaring for framtida, og det er viktig. Nokre gode klareringa, og elles sikker og god. Kan bli ein viktig spiller for Norborg i framtida.