Skodje – Norborg 1-7

Skodje-Norborg 1-7 (0-2)
Skodje stadion, 02.08.02

0-1 Geir Ove Grønli (31)
0-2 Kim Idar Krogsethagen (36)
1-2 (62)
1-3 Geir Ove Grønli (str. 65)
1-4 Kim Idar Krogsethagen (67)
1-5 Kristian Søviknes (69)
1-6 Gustavo (76)
1-7 Kristian Søviknes (85)

Dommar: Odd Arne Grande

Laget: Kurt Erik Grytten (Steffen Grytten) – Vebjørn Grytten (Vegard Vegsund), Kenneth Vegsund (Geir Ove Grønli), Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund – Kristian Søviknes, Jan Vatnehol (Tiacho Pedreira), Tarjei Gjerset Urkedal (Kenneth Vegsund), Steffen Grytten (Alexander Gamlem) – Geir Ove Grønli (Gustavo Pedreira), Kim Idar Krogsethagen (Kurt Erik Grytten)

Norborg viste seg etterkvart som eit klart betre lag enn 4. divisjonslaget Skodje i denne treningskampen. Etter ein forhaldsvis jamn første halvtime festa Norborg grepet med to mål før pause. Skodje startar best etter pause og får ei redusering, men etter dette tek oransjetrøyene fullstendig over og gir seg ikkje før det stend 7-1.

Tynn tropp
Norborg mangla mange spelarar til denne kampen, blant anna den sentrale midtbana Reitan og Mårstøl. Den 14 mannstroppen (inkl. 2 “brassar”!!) ein stilte skulle likevel vise seg å vere god nok. Også Skodje mangla nokre faste spelarar og stilte med ein del ungt.

Stolpeskot av Skodje
Dei første minutta bar preg av at dette var første kampen etter sommarferien. Labert tempo og mange feilpasningar, men etter 7 minutt får Norborg eit skremmeskot av Skodje då dei skyt i stolpen. Etterkvart som omgangen går tek Norborg stadig meir over kampen.

Norborg festar grepet
Etter 20 minutt er Tarjei frampå med eit godt skot, men keeper slår det til ein resultatlaus corner. Aktive Tarjei hadde også eit anna godt skot, men Morten greidde ikkje å kome seg fort nok unna og hindra mål. Etter om lag ein halvtime er Norborg igjen frampå. Denne gongen er det Jan Even som legg fint inn til Kristian som avsluttar på volley like utafor. Minuttet etter lykkast det Norborg å få sitt første mål for kvelden. Norborg sitt “nye” spissfunn Geir Ove Grønli får ballen innafor 16-meteren og sette ballen inne ved lengste stolpe. 1-0 og fortent leiing. Fem minutt seinare doblar Norborg leiinga. Geir Ove er denne gongen tilretteleggjaren. Han får til eit fint innlegg frå høgrekanten som Kim Idar sett i mål frå kloss hald.

Steffen sin keeperdebut
Til 2. omgang gjer Norborg eit par bytte. Blant anna blir Kurt Erik erstatta av Steffen. Dette fordi Kurt Erik reiser i militæret over helga. Skodje går hardt ut i 2. omgang for å få ei tidleg redusering, og dei er svært nær etter om lag 10 minutt når dei kjem seg igjennom på høgrekanten, men skotet går utafor. Fem minutt seinare lykkast gultrøyene. Steffen kastar ut til ein uoppmerksam Vebjørn, ein skodjevågar snappar ballen og skårar sikkert aleine med Steffen. Eit unødvendig mål sett frå Norborg si side.

Så er det Norborg sin meget gode høgreback Jan Even som tek saka i eigne hender. Han stormar inn i Skodje sitt straffefelt og blir hekta. Klar straffe! Geir Ove Grønli sette straffa sikkert i mål til 3-1.

Skodje kollaps
Dei siste 25 minutta er Norborg verkeleg på hogget, mens Skodje kollapsar. Norborg gjer 4-1 på eit veldig flott angrep. Grønli bryt eit angrep på egen banehalvdel, slår til Kristian som legg inn til Gustavo som brystar ballen ned til Kim Idar som dunkar ballen i mål. 5-1 kjem etter ein fin jobb av Alexander på høgrekanten. Ballen hamnar hos Kristian som setter ballen lavt ved bortaste stolpe. 6-1 kjem etter eit fint dribleraid av Gustavo. Medan 7-1 sette Kristian inn etter ein retur av keeper.

Norborg gjennomførte ein bra treningskamp mot Skodje, og fekk bekrefta at mange kan gjere ein god jobb for klubben i haust når fleire av dei etablerte spelarane reiser i militæret eller på skule. Skodje hang bra med den første timen, men fall fullstendig saman då Norborg begynte å eksperimentere ved bl.a. å sette Kurt Erik i angrep, Geir Ove i forsvar og Kenneth på midtbana.

Glimrande Drønnesund
Dei fleste gjorde ein bra figur, men skal vi trekke fram nokre som markerte seg svært positivt må det vere Jan Even på høgrebacken. Han hadde kontroll defensivt med sugande taklingar og var aktiv offensivt. Gustavo kom også inn og markerte seg positivt med sin eminente teknikk. Av dei etablerte spelarane gjorde Morten nok ein gong ein god kamp i midtforsvaret, medan Tarjei viste oppofrande spel på midtbana.

På onsdag står Blindheim/Emblem for tur, og vi vonar at flest mogleg tek turen til Søvikdalen for å støtte laget.