Norborg-Tjørvåg 5-1 (3-0)
Norborg gras, 14.08.02
12 sjansar 5
1 hjørnespark 7
0 2
1-0 Kim Idar Krogsethagen (20)
2-0 Kristian Søviknes (31)
3-0 Geir Ove Grønli (33)
3-1 Preben Alexander Hestad (69)
4-1 Kim Idar Krogsethagen (77)
5-1 Kim Idar Krogsethagen (78)
Alec Sandvik og Raymond Abeltun
Dommar: Per Bjarte Ludviksen, Hundeidvik -8
Tilskodarar: oppimot 150
Laget: Steffen Grytten – Christian Søvik (Vegard Vegsund, 85), Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnsund – Kristian Søviknes (Geir Ove Tennfjord, 85), Jan Vatnehol (Eirik York, 72), Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal (Gustavo, 78) – Kim Idar Krogsethagen, Geir Ove Grønli (Alexander Gamlem, 72)
Norborg spelte ein god kamp mot opprykksrival Tjørvåg, og vann heile 5-1. Etter ein forholdsvis jamspelt 1. omgang kunne heimelaget gå til pause med 3-0 leiing. I 2. omgang skapte Norborg mange store sjansar og vann fortent 5-1.
Det var på førehand knytt stor spenning til denne kampen mellom to av opprykksrivalane. Norborg mangla sin faste keeper Kurt Erik Grytten, Stig Wold og eks-høddar Stein Erik Mårstøl til denne kampen. Likevel stilte ein mannsterk.
Høgt tempo
Norborg gjekk ut i eit hardt tempo, og fekk den første halvsjansen etter tre minutt. Likevel er det Tjørvåg som noterer seg for den første skikkelege målsjansen. Dryge 5 minutt er gått då 5. divisjonstoppskårar Bjørge Worren kjem seg fri frå forsvaret og stormar mot Steffen i Norborg-målet. “Alle” ser for seg 1-0, men Steffen ville det annleis, og tek fram det beste i seg og redda forsøket frå Worren. Dette var ei ypparleg redning, og svært viktig.
Norborg tek leiinga
Etter dette kjem det ein periode med mange duellar på midten mellom to aggressive lag. Norborg får sin første store sjanse etter 20 minutt. Christian forserer fint på venstrekanten, slår inn til Kim Idar, som får kontroll over ballen og skyt utakbart i mål. Like etter er Grønli nær ved å doble leiinga, men keeperen reddar avslutninga, som nok hadde gått utafor.
To raske av Norborg
Etter at halvtimen var spelt fekk Tjørvåg igjen ein bra moglegheit, men Steffen er konsentrert og god å redda skotet. Norborg sett kjapt i gang og Vatnehol finn ein upressa Kristian på løp inn i motstandaren sin 16-meter. Kristian gjer ingen feil å skårar sikkert med ein lobb over keeper. Dermed 2-0 og publikum er i ekstase. Eit par minutt seinare får Norborg innkast. Vatnehol kastar inn i feltet, ballen blir stussa mot cornerflagget, Kristian legg inn, Tjørvåg si avklaring er dårleg og går rett til vers slik at Grønli kjem seg i posisjon å skårar sikkert på hovudet i duell med keeper. Minuttet etter får Grønli igjen ein stor sjanse etter eit godt innlegg frå Tarjei, men avslutninga er for dårleg.
Fem minutt før pause trur alle det står 4-0. Kim Idar satte ballen i mål, men vart feilaktig avblåst for offside.
2. omgang – Norborg med kontroll
Tjørvåg går hardt ut i 2. omgang og pressar Norborg tilbake på bana, og kjem seg til eit par halvgode sjansar. Fem minutt tek det før Norborg får til eit skikkeleg angrep. Kenneth startar angrepet på eigen 16-meter. Han gir til Drønnesund, som gir til Kim Idar, som gir til Reitan som skyt i retning Grønli, som headar like over frå svært god posisjon. Dette var eit skikkeleg fint angrep som hadde fortent ei betre avslutning.
Heldig Tjørvåg redusering
Norborg tek no spelemessig over kampen, og skapar fleire gode moglegheiter ved Tarjei, Grønli og Kim Idar. Felles for angrepa er at Kristian står bak alle. Men etter eit hardt kjør frå heimelaget kjem Tjørvåg seg til hektene. Først kjem dei igjennom på si høgreside, men skotet trillar utafor Steffen sin stolpe. Nokre minutt seinare kjem reduseringa. Kenneth gjer ei dårleg klarering som går mot eige mål. Preben Hestad får fatt i ballen og skårar sikkert.
Kim Idar show
Tjørvåg prøver å kome inn igjen i kampen, men har ikkje så mykje å stille opp med mot aggressive norborgarar. Etter dryge halvtimen av 2. omgang sett Kim Idar nok ein spikar i Tjørvåg kista. Han finter vekk ein mann før han sett ballen kontant i mål. Like etterpå er han igjen frampå og fiksa 5-1. Målet kom etter at ei klarering frå Drønnesund går gjennom heile Tjørvågforsvaret og endar opp hos Kim Idar som får fritt leide mot mål
Etter dette er Norborg nærmare 6-1 enn Tjørvåg redusering. Både Gustavo og Kim Idar fekk kvar sin sjanse til å skore utan å lykkast.
Ny toppkamp
Norborg vann ein fortent siger over Tjørvåg. Det lyste aggressivitet, konsentrasjon og vinnervilje av heimelaget i denne kampen. Med same innstillinga i resten av sesongen er det ingen som kan snyte Norborg for opprykk. Neste kamp er borte mot nr. 2 på tabellen MSIL/LIL2. Kampen går onsdag 21. august.
Spelarvurdering
Steffen Grytten: 8
Steffen begynn allereie å bli varm i keepertrøya. Gjer ei veldig viktig og god redning når Worren kjem igjennom tidleg i kampen. Gjer stort sett det meste riktig, men måtte gi ein litt unødvendig corner på det som var eit mislykka Tjørvåg innlegg.
Christian Søvik: 7
Det er lenge sidan Christian spelte kamp, og ein kunne sjå at han hadde visse problemer med plasseringa. Offensivt var han bra med når han hadde ork. Bra innlegg til Kim som ga 1-0.
Kenneth Vegsund: 8
Kenneth gjer ei tabbe og då vart det også mål imot. Spelte stort sett sikkert og var del av eit midtforsvar som hadde kontroll i nesten heile kampen.
Morten Kalvø: 9
Morten gjer ein strålande kamp. Han les spelet og er flink til å bryte, er god på hovudet og har trygge pasningar. Har etter overgangen frå Brattvåg utvikla seg til ein kvalitetspelar som dei fleste laga på Sunnmøre kan misunne Norborg.
Jan Even Drønnesund: 8
Har litt større problemer i denne kampen enn førre, men så møter han også betre spelarar. Bortsett frå eit par glippar har han kontroll. Viser stor ro med ballen og har gode pasningar.
Kristian Søviknes: 8
Kristian skorte eit veldig bra mål og har i tillegg fleire gode innlegg og gjennomspel som burde ha gitt mål. Sprang mykje, men låg av og til litt for høgt på bana slik at Tjørvåg fekk spele i rommet mellom Kristian og Christian.
Jan Vatnehol: 7
Skjerpa seg sidan førre kamp. Var involvert i mange duellar. Gjer det ofte litt for vanskeleg/fint med utsidepasningar og skot på førsteberøringa. Pluss for gode og lange innkast og eit perfekt gjennomspel til Kristian som ga 2-0.
Stein Erik Reitan: 8
La ned ein god jobb på midtbana med aggressivitet og løpsstyrke. Tjørvåg si midtbane fekk sjeldan tid og rom når Stein Erik var i nærheita.
Tarjei Gjerset Urkedal: 8
Sprang og sprang, vann duellar og var veldig god defensivt, men var ikkje like synleg offensivt i denne kampen som i førre.
Kim Idar Krogsethagen: 9
Før kampen snakka mange om at Kim måtte vise sitt beste for at Norborg skulle vinne, og det gjorde han. Skorte tre mål (eigentleg fire), jobba godt over heile bana, viste fram teknikk, fart og styrke. 5. divisjon sin beste spiss når han er i humør.
Geir Ove Grønli: 7
Gjer ein brukbar kamp, men møter sterke motspelarar. Dette gjer at han ikkje vann alle duellane. Skårer som vanleg mål, men misser på for mange sjansar. Trøblar med mottaket.
Eirik York: –
Eirik kjem inn å gjer ein bra figur på midtbana. Kjempar godt og har gode pasningar. Har ro og teknikk.
Alexander Gamlem: –
Alex kjem inn å viser god innsats, men lykkast diverre ikkje med sine offensive raid. Til dette var ballkontrollen for dårleg, men så er det ikkje så lett i høg fart.
Gustavo: –
Kjem seg til ein stor sjanse i dei minutta han spela, men headinga gjekk over.
Vegard Vegsund: –
Kjem inn på eit tidspunkt då Norborg er fornøgd og Tjørvåg har gitt opp. Fekk ikkje tid til å markere seg.
Geir Ove Tennfjord: –
Fekk iallfall tida til å drible ein mann.