Norborg – MSIL/LIL2 6-0

Norborg-MSIL/LIL2 6-0 (3-0)
Norborg gras, 15.05.02

15 sjansar 6
4 hjørnespark 4

Tilskodarar: 30 betalande
Dommar: Per Bjarte Ludviksen, Hundeidvik -8

1-0 Geir Ove Grønli (str. 10)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (40)
3-0 Kim Idar (43)
4-0 Kristian Søviknes (47)
5-0 Eirik York (62)
6-0 Stig Wold (90)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Øyvind Farstad, Morten Kalvø, Vebjørn Grytten – Kristian Søviknes (Tore Mårstøl, 76), Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli (Eirik York, 59), Tarjei Gjerset Urkedal (Geir Ove Tennfjord, 76) – Christian Søvik (Kenneth Gamlem, 59), Kim Idar Krogsethagen (Gustavo, 76)

Norborg har hatt angrepsproblem i dei siste kampane, men mot MSIL/LIL2 lausna det. Ex-Norborgkeeper Geir Roar Gamlem i MSIL/LIL2 målet måtte sjå heile 6 ballar bak seg. Heimelaget pressa på frå start og fekk eit tidleg mål på ei korrekt idømt straffe. Like før pause skåra Kim Idar Krogsethagen to kjappe, og Norborg gjekk til pause med 3-0. I 2. omgang fortsette Norborg å dominere og vann til slutt fortent 6-0.

Sugne på siger
Norborg har tapt to strake og var innstilt på å reise seg mot eitt av topplaga. Kenneth Gamlem var tilbake til denne kampen, samstundes var forsvarsklippa Kenneth Vegsund ute med sjukdom.

Eit aggressivt heimelag tok kommandoen frå start og skapte eitt par sjansar i opningsminutta. Blant anna måtte ein MSIL spelar redde på strek. Etter knappe 10 minutt blir Stein Erik Reitan felt inne i 16-meteren, og dommaren peiker på krittmerket. Geir Ove Grønli går fram å sette ballen sikkert i mål. Etter dette er MSIL meir med, og er nær ved å utlikne på ein corner like etter Norborgs leiarmål. Sjansen oppstår etter møljespel framfor mål. Ballen endar utpå 20 meter der ein Sulaværing får skote, men det går like over. Det neste kvarteret er det lite som skjer, men så gjer Norborg ein forsvarsbrølar som fører til at ein MSIL spiss kjem seg fri og får avslutta, men skotet går like utafor.

To kjappe frå Kim
Det siste kvarteret er det Norborg som tek over igjen, og 5 minutt før pause aukar Norborg leiinga. 2-0 kjem slik; Stein Erik legg ein corner på hovudet til Christian som headar mot mål. Geir Roar Gamlem i MSIL buret reddar, men må gi retur og den skårar Kim Idar på. Like etter er Kim Idar frampå igjen. Han mottar ballen etter ei mislykka klarering av forsvaret, legg ballen til rette å skyt i mål. 3-0 til Norborg ved pause.

Full kontroll
2. omgang var ikkje gammal då Stein Erik spelar fri Kristian Søviknes på venstrekanten. Kristian kjem veldig skrått, men det hindra han ikkje i å skåre. 5 minutt etter er det MSIL som er i angrep. Situasjonen er ikkje ulik Norborg sitt 4-0 mål, men her blir ballen sett i stolpen. Minuttet etter er Kristian frampå igjen, men denne gongen går ballen i aluminiumet.

Norborg dominera stort å skape fleire sjansar dei neste minutta. Blant anna burde Kim Idar ha skåra når han får god tid til å skyte frå 8-9 meter. 5-0 let ikkje vente lenge på seg. Eirik York sette ballen sikkert bak Geir Roar frå 10 meter etter å ha blitt spelt fri av Tarjei Urkedal. Eit kvarter før slutt yppa MSIL seg igjen med to sjansar på rad. Først eit skot like utafor Kurt Erik Grytten sin høgre stolpen. Så er det eit skot like utafor venstre kryss.

Wold-show
Eit kvarter før slutt gjer Norborg ein del bytte og lar yngre krefter sleppe til. Det mest dramatiske dei neste minutta er når Kenneth Gamlem og keeper Geir Roar kolliderer med kvarandre. Geir Roar blir liggjande, men heldigvis er han på beina igjen etter nokre minutt. Når dei fleste ventar på at dommaren skal blåse av kampen, tek Stig Wold seg ein tur oppover venstresida. Han går inn i 16-meteren, finsikter, og skyt i krysset. Eit herleg mål av Stig.

Stig sitt mål var eit flott punktum på ein fin kveld for Norborg. Laget kjempa hardt gjennom heile kampen, og fekk utteljing på sjansane. MSIL/LIL2 var ikkje noko dårleg lag, og vert nok å finne i toppen av 5. divisjon utover sesongen. Med litt betre presisjon i avslutningane kunne dei fort ha fått eit par mål. I neste runde skal Norborg møte nok eit topplag, nemleg Austefjord/Volda2.

Spelarvurdering

Kurt Erik Grytten: 8
Opptrer sikker og roleg. Stødig i feltarbeidet. Har lite å gjer, men er våken og konsentrert kampen igjennom.

Stig Wold: 6
Skåra eit glimrande mål, men virka ukomfortabel på backplassen. I 1. omg slurva Stig med klareringane, noko som fort kunne ha resultert i mål. Opptrer sikrare i 2. omg.

Øyvind Farstad: 8
Spelar veldig bra saman med Morten i midtforsvaret. Tør å snakke, sikrar fint, men gjorde ein grov feil i 1. omg som kunne ha ført til baklengs.

Morten Kalvø: 9
Kongen av “Highbury” i dag. Er ikkje bare stødig defensivt, men bidrar også offensivt. Gode pasningar, god en-mot-en og sterk i lufta. Feilvurderte spretten i ballen ein gong, men det oppstod ingen fare.

Vebjørn Grytten: 7
Til tider feilplassert og litt ivrig på å gå framover. Har teknikk og tanke bak pasningar/klareringar.

Kristian Søviknes: 7
Har trøbbel med å komme rundt på kanten i 1. omg, men la ofte opp til veggspel. Innlegga var av ujamn kvalitet. Spelar seg opp i andre då han startar omgangen med eit herleg mål frå nærast død vinkel.

Stein Erik Reitan: 8
Aggressiv og løpsvillig. Skaffar Norborg straffe. Dominerte midtbana i dag. Gode hjørnespark.

Geir Ove Grønli: 7
Spelar veldig godt så lenge kondisen held. Opptrer med stor ro, sterk i duellane, suveren i lufta. Held av og til litt for lenge på ballen.

Tarjei Gjerset Urkedal: 7
Jobbar godt, men greier ikkje å komme rundt på kanten. Bidrar lite offensivt, men god defensivt.

Christian Søvik: 7
Blir mykje gi og ta. God i duellane og jobbar godt, men slit med å komme seg til dei heilt store sjansane.

Kim Idar Krogsethagen: 8
Skåra to mål og greier å halde på ballen. Burde hatt eitt mål til.

Eirik York: 7
Kjem inn på eit heldig tidspunkt. Kosa seg og skåra eitt mål.

Kenneth Gamlem: 6
Godt å ha Kenneth tilbake, men treng nok nokre treningar på seg før han er tilbake i god gammal form. Kunne lett ha skårt eitt mål, men valgt å hoppe over ballen å gi Kristian sjansen. Knallhard i duellane, noko Geir Roar Gamlem fekk oppleve.